UKAS VERS: Erik Lundin skriver både ærlig, men lekande, og alvorlig, men morosamt, skriver Runar Gudnason. 
 UKAS VERS: Erik Lundin skriver både ærlig, men lekande, og alvorlig, men morosamt, skriver Runar Gudnason. Vis mer

Grammatikk og arr

Frå forstaden og jorda rundt på fire minutt. Ei ut-og-ikkje-heimatt-forteljing av Erik Lundin.

Me har sett det mange gongar før, i ulike sjangrar: Musikarar som gjer det bra på engelsk, men fyrst får sitt breie og folkelege gjennombrot etter at dei har lagt om til morsmålet. Om ein har noko personleg og viktig å fortelje, klarer ein det som regel best på sitt eige språk.

Som den svenske rapparen Eboi; han gjorde det OK på engelsk ei stund, men då han skifta til svensk og gav ut ein EP under sitt eige namn i fjor, vart effekten noko større: Skamros frå musikk- journalistar, høge salstal, to Grammisar (for beste hip-hop og beste tekstforfattar), og ei endring i det svenske språket. Og morsmålet er det det handlar om her, på alle måtar.

Erik Lundin er fødd og oppvaksen i Stockholms «förorter», og tittellåten på EP-en, «Suedi», er ei aldeles glimrande og levande skildring av denne oppveksten – og om både det å verte tildelt og skape seg ein identitet.

Han opnar teksten slik: «Hade ketchup på det mesta, i O'boyen fick en / droppe mjölk gästa, Estrella var fiesta / Minns det än idag, svennebarn / Björnes Magasin och Pippi Långstrump innan John Blund».

Dét er svensk, det, men det viser òg klassetilhøyrsle når dietten består av ketsjup, sjokolademjølk og potetgull.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gutungens fulle namn er Ibrahima Erik Lundin Banda. Mora er svensk, og faren gambiansk, og når huda di er brun, vil du alltid verte sett på som innvandrar. Elegant formidla slik: «Västerort, första luften som jag inandats / ändå sas det att jag invandrat».

Låten består av to vers, og om lag like mange ord som fem popsongar, men ikkje eitt ord er overflødig. Det er alltid eit mål å skrive så presist som mogleg, men ikkje nødvendigvis med færrast mogleg ord – ikkje når tida og plassen du vil beskrive nettopp er eit einaste virvar av ord, uttrykk og inntrykk. I teksten til «Suedi» finst det (så vidt eg kan sjå) ord på tyrkisk, arabisk, spansk, engelsk, fransk og polsk. I tillegg vert følgjande land nemnde, eller referert til: Taiwan, Thailand, Chile, Iran, Guinea, India og Ukraina.

Alt dette finst i forstaden Erik kjem frå, alt dette er verda hans, og derfor ein del av språket hans. Erik Lundin er klar over at identitet gjennom språk ikkje berre er noko ein får, men òg er med på å skape sjølv: «Den som inte passar in gör allt för att stå ut, för att stå ut / Vi förvrängde dialekten, snodde massa ord från släkten / Vad blev effekten? Förortslang, det gav respekten / Grammatiken den blev kassare, ärren vassare».

Lundin skriv både ærleg men leikande, og alvorleg men morosamt (og han rimar forresten ikkje ulikt The Notorious B.I.G.). Han skriv ikkje berre om sin eigen bakgard, men òg om identitet og roller i resten av det multikulturelle Sverige: «Trivdes ändå bra i landet full av frågor ingen / verkar vilja ta i, där läkaren kör taxi / bara för han är Irani». Men i løpet av fyrsteverset, vert Lundin lei av landet; lei av all kriminaliteten i forstaden, og lei av å ikkje passe inn elles. Han stikk av til sitt andre heimland, Gambia. Her kjenner han seg heime, heilt til ei kusine presenterer han for venene sine som svensk.

Dette er oppvakninga for Erik, og derfor går refrenget enkelt og greitt slik: «Jag vaknad’ upp, och va’ suedi.» Han godtek at han er svensk, med ei lita justering: For å reflektere sine blanda kjensler kring sin eigen identitet – eller kanskje i endå større grad andre sine blanda kjensler kring hans identitet – gir han seg sjølv merkelappen «suedi», som er det arabiske ordet for svensk, og som lenge har vore brukt som eit skjellsord.

Erik tar tilbake ordet, som det så populært heiter, og etter låten kom ut og vart kjent, er det ifølgje Lundin sjølv mange med innvandrarbakgrunn som har begynt å bruke det. Eit fint døme på at orda, menneska og den såkalla verkelegheita kjempar om å definere kvarandre.

Etter at Erik har funne ut at han er svensk, er neste steg å kome ut av skapet, og fortelje det til familien. Han mannar seg opp, og inviterer foreldra sine på «fika», altså svensk kaffiselskap. Det er som om han skal fortelje dei at han er homofil, passande nok ettersom han ikkje har velt å vere svensk, men har oppdaga det. Slik sluttar teksten med eit snev av alvorleg, sjølvironisk og frigjerande humor. «Tog ett djupt andetag, ingen idé att jag skäms / Jag sa, det dags att jag berättar att er son han är svensk».

Det begynner med Erik, den brune guten med kvitt namn, og O’boyen med berre ein drope kvitt i. Det sluttar med Erik som vaksen mann, som inviterer foreldra sine heim til seg på det kvitaste som finst i Sverige.

Kaffi er forresten eit arabisk ord.