Gras

Velforma dikt om noko av det vanlegaste av alt.

BOK: Innanfor eit visuelt slåande omslag av Jesper Egemar: med ein støvel full av veksande gras, finn me ei uvanleg diktsamling full av poesi og kunnskap om gras i alle variasjonar. Ho er prega av ein språkkunstnar med særskilte evner til å utnytta alle sider ved språket for å skapa det han vil me skal oppleva. Denne boka vil mange kunna gleda seg over. Det byrjar strålikt: På tynne trådar, / boren som om tida var / ung / var eg strå, var / grøn og gyllen, ein / skapars gledes-sukk, / eit ekko i kode, / einlatter tillaten, / lys som om tida var / varm, Gjennom vakre og varierande dikt merkar me også at dette er ein med grundig kjennskap til sitt emne. Bjørnstad er professor ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i Ås. Men her er han (heldigvis) først og fremst diktar. Og han er ikkje nybyrjar her heller. Bak seg har han diktsamlingar og gjendiktingar, sist ei elegant levert gjendikting av Rilke sine Duino-elegiar. Om graset bambus får me haiku: Lyft av ei eviglang fiskestong / ein gullvåt aure. / Guten yr. Om maisen får me mangt og mykje, frå Midas av Maisland Mr. Kellogg, til diktinspirert av maisguden i Museo de Antropologia i Mexico by. I dikt om sorghumåkeren vert me ført til basargangane i Rimbauds eksilby Harar, og her er i det heile mange visingar til geografi og soge, til all verdas brød og ris og graset sine grannar. Om kunnskapen og bodskapen i eitt og anna tilfelle fører til at poetens strykehand har måtta vika og diktet kan verta litt omstendeleg og strekkja seg noko etter å utfylla prosjektet, så viser Bjørnstad andre stadar til fulle sine poetiske evner både i klang og måtehald. Som der han skriv om kjempestorr: «Svulmegrøn jungeltjønn middagsstinn juli det / ubada vatnets grumsklare solflerrer», eller når han tek for seg dei minste grasartane, som snøgraset eller dvergsmylaunder hegrereiret. Det er ei glede over gras i denne boka, frå plenar «fotmjukt» mellom morgonhusa, til bergfaks som nesten ingen har sett, ingen / verdsens ting, til glede for / nesten ingen, berre seg / sjølv. Som seg. Til glede. / Høgt og stolt.