Gravhaug og kristendom

«DENNE GRENSA

har vore slik frå heidensk haug, etter det som foreldra har fortalt». Slik står det i eit gammalt norsk dokument frå 1351. På denne tida blei altså haugen, dvs. gravhaugen, rekna som eit symbol på den heidenske tida i Noreg.

For tida er det stor interesse for å grave ut Halvdanshaugen på Ringerike og Kjempehaugen i Vestfold. Begge stader tyder undersøkingar på at haugen kan innehalde ei skipsgrav. I denne samanhengen er det interessant å sjå kva dei skriftlege kjeldene frå mellomalderen fortel om gravhaugar i vikingtida, og korleis kristendomen såg på dei.

I prologen til Heimskringla fortel Snorre Sturlason følgjande: «Den fyrste tida kallar dei brennalderen, då skulle ein brenne alle døde menn og reise bautasteinar etter dei. Men etter at Frøy hadde blitt hauglagd i Uppsala, gjorde mange hovdingar like ofte haugar som bautasteinar til minne om frendane sine. Og sidan, då danekongen Dan den storlåtne lét gjere seg haug, og bad at dei skulle bere han dit når han var død, med kongsskrud og hærklede og hesten hans med ridestell og mykje anna gods, og mange av ættmennene hans gjorde det same etterpå, så tok haugalderen til der i Danmark. Men brennalderen heldt seg lenge etter hos sveane og nordmennene.»

ETTER SNORRE

blei dei fyrste kongane i den norske kongerekkja brende etter sin død. Frå ca. 400 e.Kr. blei dei hauglagde. Den siste norske kongen som er hauglagd, er Håkon den gode, død ca. 960. Islendingesogene, som fortel om perioden ca. 870 - ca. 1050, fortel ofte at døde menneske blir lagde i haug, brenning høyrer vi knapt om.

Arabaren Ibn Fadlan fortel om eit møte med vikingane på ei reise til området ved Volga 922, og gjev ei grundig skildring av gravferda til ein skandinavisk hovding. Den døde blir lagd på eit skip på land, med staselege klede og i eit telt. I skipet legg dei også våpna hans, mat og øl og dyr som var avliva. Den trælkvinna som har valt å døy saman med han, blir drepen og lagd ved sida av herren sin. Så blir det sett fyr på skipet, og alt brenn opp. Deretter blir det bygt noko som liknar ein rund haug på den plassen.

Islendingesogene fortel fleire gonger om gravlegging i haug. I Soga om Gisle Sursson er det fortalt om korleis Vestein blir hauglagd. Torgrim, som kanskje er drapsmannen, seier då at skikken var å binde helskor på dei døde, som dei skulle gå på til Valhall, og han gjer dette på Vestein. «Ikkje kan eg binde helskor om desse losnar», seier Torgrim. Dette er det einaste eksemplet på at kjeldene fortel om helskor. Soga fortel vidare at Torgrim blir drepen i løynd av Gisle. Torgrim blir lagd i skip i haugen. Før dei lèt att haugen, hentar Gisle ein diger stein og legg i skipet, så det brakar i det. «Ikkje kan eg feste skip dersom dette losnar», seier Gisle.

Desse to episodane tyder på at den døde skulle gå til dødsriket, og ikkje bli frakta i skipet. Og vi veit at Oseberg-skipet var nedlest med stein, og dessutan fortøydd.

OM KONG HALVDAN SVARTE

er det fortalt at det følgde så gode åringar med han at fleire distrikt ville ha liket hans då han hadde drukna i Randsfjorden. Det blei då delt i fleire delar, og hauglagt ulike stader. Dette kan kanskje tolkast som utrykk for heiden kult knytt til Halvdans gravhaugar. Det er også fortalt at mange blota og dyrka ved Halvdanshaugane, heilt til Halvdans frendar forbaud det.

Haug som gravplass er nemnd berre to gonger i dei gammalnorske lovene. Begge gongene gjeld det forbod mot å grave ned lik i haugar eller røysar. Det er her usikkert om det er snakk om ein terrengformasjon eller gravhaug. Men det er sikkert at forbodet primært rettar seg mot gravlegging i uvigd jord.

Vi finn termen ættehaug i to norske lover. I Eidsivatings eldre kristenrett (frå 1000-talet) står det: «Ingen skal gravleggje i annans ættehaug». I ein yngre kristenrett for Borgarting (frå 1200-talet) les vi: «Kvart lik skal gravleggjast i soknekyrkjegard eller der som hans forfedrar har ættehaug frå gammalt av.» Gravhaugen har her blitt slektas gravhaug, og kan allereie frå den eldste kristne tida godtakast som kristen gravlegging. Men samstundes har dei gamle lovene eit klart forbod mot å blote til heidne gudar og haugar.

SPØRSMÅLET OM

kultkontinuitet i overgangen frå heidendom til kristendom har vore mykje drøfta av forskarane, og dei fleste vil i dag seie at vi har sikre eksempel på slik kontinuitet. Kyrkjer kunne byggjast der det hadde vore heidensk kult, eller der det før hadde lege ein heidensk kultbygning.

Dette synet blir støtta av eit brev frå pave Gregor den store. Utsendingane hans dreiv misjonsverksemd i England rundt år 600. I eit brev frå 601 skriv Gregor at misjonærane skulle bruke dei gamle tempelbygningane og vie dei til bruk for dei kristne.

Vi må dessutan hugse på at rundt om i gravhaugane i bygdene låg forfedrane til dei fyrste kristne. Det ville ikkje vere lett å stemple desse gravmæla som avskyeleg heidenskap. Gravhaugane kan difor ha blitt vigde, og dermed ein akseptabel gravstad for kristne menneske. Og arkeologane kan vise til fleire eksempel på gravhaug på kyrkjegardar.

Kjeldene har mange forteljingar om korleis folk bryt seg inn i gravhaugar, og dette skjer allereie i førkristen tid. I odelsløysingsbolken i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 er det forbod mot å bryte haug og grave etter gods i annan manns jord, dersom eigaren ikkje har gjeve løyve til det. Dette tyder på at også på denne tida har skjedd innbrot i haugar.

ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR

har vist at innbrotet i haugane ofte skjer kort tid etter at haugen er bygd. Dei har også vist at gjenstandane i haugen somme gonger langt på veg er øydelagde. Forskarane har drøfte om dette er uttrykk for avstand til den kulten haugen stod for, eller om det er ei konkurrerande maktgruppering som har gjort innbrotet. Som nemnt opnar dei gamle lovene for å gravleggje i haug.

Dette tyder på at vi ikkje skulle vente noka øydelegging av gjenstandane i haugen som følgje av kristendomen. Det er meir sannsynleg at ein del av haugbrota er utførte av nye maktgrupperingar, for kjeldene syner at gravhaugen var eit viktig maktsymbol.

Dei skriftlege kjeldene frå norsk mellomalder tyder altså ikkje på at gravhaugen i den fyrste kristne tida blei vurdert som eit heidensk fenomen, og innbrot i og øydelegging av haugar var truleg ikkje uttrykk for ønsket om å rive ned heidendomen. Men gravlegginga skjedde no på kyrkjegarden, og etter kvart blei gravhaugane rekna som symbol på den gamle tida, og knytte til heidendomen.