Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Fødetilbud

Gravide må reise 140 kilometer

Stengt fødestove! Vi lurer på kva beredskapsplanen til helseregionen og til helseministeren er?

TA OSS PÅ ALVOR: Vi ber no helseregionane og helseministeren om å ta fødande kvinner på alvor, skriv innsendarane. Her er Bent Høie på besøk på fødeavdelingen på Gjøvik tirsdag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
TA OSS PÅ ALVOR: Vi ber no helseregionane og helseministeren om å ta fødande kvinner på alvor, skriv innsendarane. Her er Bent Høie på besøk på fødeavdelingen på Gjøvik tirsdag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix Vis mer
Meninger

Vi les i media at fødestua ved helsesenteret i Alta har vore stengt sidan 10. februar på grunn av ei «uønskt hending». Gravide vert vist vidare til Tromsø og Hammerfest.

Alta er den største byen i Finnmark og ligg 140 kilometer unna lokalsjukehuset i Hammerfest. For å komme seg til Hammerfest frå Alta må ein over fjellovergangen Sennalandet. Denne fjellovergangen har fra 1. oktober til 4. februar vore stengt eller kollonnekøyrd 52 gonger, og stengt 310 timer. Flyplassen i Hammerfest har og vore stengt ein del i vinter.

Vi veit alle at det å føde barn er den største belastninga kroppen til ei kvinne skal gjennom, og med lang og vanskeleg reiseveg vert det ei ekstra belastning både for den fødande, men og for dei pårørande.

Vi lurer på kva beredskapsplanen til helseregionen/ helseministeren er?

Dette er berre ei av mange hendingar der fødande får unødvendige ekstra belastningar med lange og vanskelege reisevegar til fødeavdelingar.

Landets statsminister, Erna Solberg ber norske kvinner føde fleir barn, samtidig som ein går baklengs med fødetilboda i landet.

Vi ber no helseregionane og helseministeren om å ta fødande kvinner på alvor! Det er dei som skal bere fram nye statsborgarar.

Hele Norges coronakart