Greina brotnar ikkje

Sterk poet i inntrengjande gjendikting.

BOK: James Wright (1927- 1980) si utvikling som poet kan gje oss eit visst bilete av utviklinga i amerikansk poesi.

På slutten av femtitalet gav han ut tradisjonell lyrikk med rim og faste rytmemønster i ei linje frå Thomas Hardy og Robert Frost, medan han seinare kom inn i sirklane kring Robert Bly og var med på å utvikla den fascinerande deep image-poesien i Midtvesten.

Bly har hatt påverknad på norske poetar. I dei gripande siste dikta til Wright, skrivne medan han var i Italia, har dei frie versa fått noko ledigare over seg, og med mange linjer som står fram med eit forfina handverk som kjenneteiknar ein meister.

Finn Øglænd har konsentrert seg om to samlingar frå 1960-talet, «The Branch Will not Break» og «Shall We Gather at the River». Dermed står nett deep image-diktinga sentralt. Dette er likevel ikkje noko eintydig omgrep, og dikta varierer mykje.

Men Wright er ein poet med ein påtrengjande personleg styrke og ei inderleg mørk og depressiv kraft som uventa kan slå ut i dikta. Ei gjendikting av ei gjendikting av Goethe høyrer ikkje heime i ei slik bok, medan eit godt forord av Øyvind T. Gulliksen er eit pluss. For den som kjenner Øglænd si eiga dikting, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor nett Wright fascinerer han.

Titlar som «Ei melding gøymd i ei tom vinflaske som eg på eit ukristeleg tidspunkt kasta i eit uttørka elvefar med lønnetre» fortel sitt. Viktigare er det at denne slektskapen tilfører dikta ein norsk nerve og gjer at Wright sin desperasjon får ein innlevd medtolkar i Øglænd. For alle som har sans for denne typen poesi, er det bare å gje seg over. Og det er ikkje bare bakrus og desperasjon her: «I dag var eg så lykkeleg at eg skreiv dette diktet» er ein av titlane. Og her står det mellom anna:

«Medan det lubne ekornet jagar / over taket på maiskrybba / står månen brått opp i mørket, / og eg ser at det er umogeleg å dø. / Kvar augneblink av tid er eit fjell.»