Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Grimstad — en helvetes drittby

Nok Sagt leverer antisosial heimstaddikting frå undergrunnen.

2005: Grimstad-rapperen Nok Sagt. Foto: Privat
2005: Grimstad-rapperen Nok Sagt. Foto: Privat Vis mer

Rap er samtidsmusikkens mest personlege lyrikkform. Tekstane inneheld mykje skryt og mange overdrivingar, men dei handlar om rapparen sjølv. Der mange musikksjangrar er vel så opptekne av eit «du» eller eit «me», tek så godt som alle raptekstar utgangspunkt i eg-et, og skriv og framfører tekstar på eit talt mål.

Grovt sagt, kan me seie at den klassiske rapteksten krinsar omkring to grunnleggande tema: 1. Kven eg er, og kvifor eg er best, og 2. Kvar eg kjem i frå, og kvifor det er den beste plassen. Det handlar om eins identitet. Og sjølv når rapparen skriv om andre tema, er dette grunnstoffet til stades — i tekst, levering og attityde.

Unntak finst. Om ein vel å vere anti-rappar og rakke ned på seg sjølv og ferdigheitene sine, er det som regel med humor som både mål og middel.

Men når ein snakkar mindre fint om heimplassen sin, er det ofte i ein meir alvorleg og kritisk tone. Allereie tidleg på åttitalet fekk Grandmaster Flash & The Furious Five suksess med raplåtar som sosial kritikk. Tekstane handla om sosial uro, om spenningar mellom sosiale klassar og etniske grupper i storbyen, heimbyen New York. Som Melle Mel rappar i «New York, New York» frå 1983: «Stand at a skyscraper reachin' into heaven / When over in the ghetto I'm livin' in hell / Just play ball or be an entertainer / Cause niggas like me can't read too well».

I andre tilfelle handlar anti-patriotismen mindre om politikk og meir om rapparens personlege historie, gjerne med bakgrunn i ein vanskeleg oppvekst der ein følte at ein ikkje passa inn. Her handlar det, med eller utan rette, om å plassere seg sjølv i rolla som outsider; også eit populært tema i hip-hop.

Det er i denne siste kategorien me finn vekas tekst, og det er ei ukjend perle i norsk rap. Me kikar her på det fyrste av i alt tre vers frå låten «Om natten» av Nok Sagt. Låten er frå 2005 då Magnus Igland, som han eigentleg heiter, var ung, sint og aktiv i gruppa Konspiranoia.

Låtittelen er fyrst og fremst symbolsk, her er ingen markørar i teksten som seier at dette føregår om natta. Nok Sagt kjem «rett ut av bibelbeltet» og rappar om kvardagen sin, som rappar, som rusbrukar, og som «utkast» i det sterkt religiøse lokalsamfunnet.

Rima er gode og passeleg komplekse, og han skaper sterke bilete. I leveringa hans er det òg spenning, han høyrest både slurvete og skarp ut. Det er bittert, men med overskot, for han får energien sin frå eit sterkt hat til Grimstad — «en helvetes drittby».

I tillegg til eg-et opptrer tre personar i dette verset: Hamsun, Jokke og Judas; tre outsiderar frå tre tidsepokar.

Som refreng messar han desse linjene fire gongar: «Går på veggen som en maler / Maler bilder i ord, lager skildringer store». Han er gal som ein kunstmålar, eventuelt er han ein graffitikunstnar som målar på veggen, og det han målar med er ord. Sinnssjukdom, graffiti/målarkunst, diktar/rappar, bohem; her møter me den utstøytte og hata hip-hopparen i småbyen som eit seinmoderne svar på den moderne bohemen.

Det er i stor grad desse referansane og assosiasjonane som gjer innhaldet interessant for meg. Det er dette som gjer den personlege teksten til noko større enn pirking i navlen, og gjer bodskapen til noko meir enn «eg hatar heimbyen min». Nok Sagt skriv seg inn i ein litterær og mytologisk tradisjon, men med eit munnleg uttrykk.

Det er ekte, naturleg, og heilt uakademisk.

Når me finn kritikk av heimbyar eller heimbygder i raptekstar, er bodskapen sjeldan eintydig. Nok Sagts tekst er òg full av ambivalens; han både lovprisar og er fortvila over det forfylla livet med hasj og dagdriving. Og det tredje og siste verset sluttar med erkjenninga av at ein ikkje kan springe frå seg sjølv eller plassen ein kjem frå: «Kaster i meg ølla, haster ut av døra / 4886, det er plassen som jeg dør, hah!»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling