Grov miljøkriminalitet

BARONIET ROSENDAL: Grov miljøkriminalitet er på trappene i Hattebergvassdraget, i det sentrale området mellom Folgefonna nasjonalpark og Baroniet Rosendal. Kvinnherad Energi startar i veke fem utbygging av eit kraftprosjekt som Stortinget fleire gonger har sagt nei til. Avslaget er fylgt opp av fleire regjeringar. Likevel har utbyggjarane, saman med NVE, funne ein måte å undergrava Stortinget sin intensjon på. Kan vi som demokrati leva med dette?Etter ein anke frå Kvinnherad Energi handsama Stortinget utbygningssøknaden siste gong sommaren 2003. Stortinget sa på ny nei til konsesjon. NVE opna likevel for å gi løyve til utbygginga utan å søkja konsesjon. Trass i at ei slik løysing tidlegare var avvist av Olje- og Energidepartementet.

FYLKESMANNEN HAR i brev til Kvinnherad kommune gjort merksam på at det her må utarbeidast reguleringsplan for området. Alternativt må kommunen gi dispensasjon. Kommunen og kraftverket signaliserar at dei ikkje vil etterkoma dette. Difor blir vi no vitne til Kvinnherad kommune og kraftverket begår eit regelrett brot mot norsk lov.

DEN FORRIGE regjeringa Stoltenberg stadfesta Hattebergvassdraget sin vernestatus og avviste som fyrste regjering at dette prosjektet kunne gjennomførast. Kan verkeleg den noverande regj. Stoltenberg sitja roleg å sjå på at vedtaket vert undergrave?Kan miljøvernminister Helen Bjørnøy, som på TV fleire gonger har sagt ho vil gjera alt som står i hennar makt for å stoppa dette prosjektet, berre sitja makteslaus saman med resten av SV og sjå på at ei utbygging dei er sterkt i mot vert gjennomført, i strid med Stortinget sine vedtak og regjeringa sin vilje?I Kvinnherad kommune vert det kvart år produsert kring 2300 GWh elektrisk straum. I det aktuelle prosjektet er det snakk om 16 GWh (!) ny kraft. Midt i kulturmiljøet til Baroniet Rosendal, i eit landskapsvernområde som er oppretta for å ivareta unik vassdragsnatur. I eit vassdrag som er varig verna mot kraftutbygging.

KVA ER VERDIEN av å verna naturjuvelane våre, dersom snevre særinteresser likevel har fortrinnsrett?Dette er ei stor kultur- og miljøsak - eit ubetydeleg kraftprosjekt. Helen Bjørnøy og regjeringa Stoltenberg kan setja ein stoppar for dette no. Det er tid for handling.