Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Grytten, Frode

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

- Korleis blei du forfattar?

- Har eg blitt forfattar? Jo, eg har vel det. Kanskje? Eg veit ikkje. Det har tatt lang tid å erkjenne det. Sannelig om eg veit. Når du kjem frå Odda og har vakse opp mellom høge fjell, er liksom ikkje det første du tenker når du kjem virrande inn i puberteten: hei, eg skal bli forfattar. Men eg tenkte det nok litt seinare. Det tok til på biblioteket i Odda, snuse på alle bøkene der, låne dei med meg heim, lese og lese og lese. Pluss eit unormalt høgt inntak av Springsteen-songar på syttitalet. Eg skjønte at det gjekk an å skrive om sin eigen plass, ein småby, ein liten puslete småby. Freehold, Hardanger. Odda, New Jersey.

- Kva er di beste lesaroppleving? Har du nokre litterære førebilete?

- Det er så mange. Som ganske ung oppdaga eg «Vent til våren, Bandini!» av John Fanta og blei veldig fanga av den. Det same skjedde med Kjartan Fløgstads «Dalen Portland» og «Fyr og flamme». Og Ragnar Hovland sine bøker. Eg liker Alan Sillitoe. Rune Christiansen. Haruki Murakami. Nils-Øivind Haagensen. José Saramago. Morrissey. James Kelman. Hubert Selby jr. Flannery O´Connor. Hanne Ørstavik. Frank O´Hara. Colm O´Gaora. Kristian Petri. Bruce Springsteen. Bob Dylan. Grace Paley. Per Petterson. Kyrre Andreassen. Gunnar Larsen. Raymond Chandler. Carson McCullers. Gene Dalby. Og så vidare. Og så vidare.

- Korleis liker du å jobbe?

- Eg må ha god tid, vite at eg kan skrive fleire timar. Det går så altfor tregt å skrive. Kavar og kavar. Fem setningar om dagen, og eg hadde vore ein happy mann.

- Og så eit bonusspørsmål: Korleis skriv ein gode noveller og romanar?

- Hadde eg visst det, hadde eg vore ein rik mann! Eg veit ikkje. Det er vel bare å setje seg ned og ta til ein plass, grave tvilsame juvelar fram frå hjernekista ein plass. John Updike samanlikna skrivinga ein gong med å sjå ei scene i «Lawrence of Arabia»: først ser du bare ei sandsky langt borte, så kjem sandskya nærmare, så ser du at det er ein kamel, så ser du at det er Omar Sharif på ein kamel, og så står Omar Sharif på ein kamel kloss oppi deg. Når du ser Omar Sharif inn i augene, veit du at du er i mål.

(Dagbladet.no 11.07.03)