Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Grytten goes Enron

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

STRØM: «Børge Goes California» skriv Frode Grytten i Dagbladet 5. september. Her skuldar han Børge Brende for å bløffe om kraftkrisa i California, men i staden er det Grytten sjølv som «tar ein Enron» - og prøver å lure publikum. Det Enron dreiv med var svindel. Svindel er ulovleg, marknadsøkonomi eller ikkje. Vi treng ikkje å dra lenger enn til Romerike for å finne ut at svindel kan foregå også i eit offentleg vassverk.

BØRGE BRENDE har heilt rett i at prisreguleringa i California førte til kraftmangel og mørklegging. California hadde nemleg ingen fungerande kraftmarknad, slik vi har i Norden. Derimot var det i California gjennomført ei halv liberalisering, ved at det var marknadspris ved sal av kraft frå produsent til straumleverandør, medan det var ein regulert pris ut til forbrukarane. Dette skapte store problem for straumleverandørane. Når kraftprisen frå produsentane auka, samtidig som prisen til forbrukar var fast, førte det til store underskot og leveringsvanskar. For at systemet ikkje skulle bryte saman, måtte staten inn med tiltak - i form av subsidiar for å gjenopprette balansen i kraftforsyninga. Det var for å utløyse slike statlege midlar at svindlarane i Enron manipulerte kraftkriser. Altså er det godt belegg for å hevde at statlege reguleringar både øydela kraftmarknaden og la grunnlaget for deler av Enron-svindelen.

GRYTTEN ER PÅ ville vegar når han påstår at situasjonen i den nordiske kraftmarknaden no er den same som i California i 2001. Hadde California den gongen innført ein kraftmarknad etter nordisk modell, kunne krisa truleg vore unngått.