Gud med liten «g»

Dempa dikt om kart og stad, sti og bokstav.

BOK: Det er noko som skil Thor Sørheim sin poesi litt ut frå mykje av det som vert skrive av norske dikt.

Han minner meir om den irske poeten Seamus Heaney, på grunn av det episke i mange dikt, og Elisabeth Bishop, på grunn av den blyge tonen og den lite påtrengjande røysta.

Og han minner om begge desse ved sirklinga om staden, sansen for plassen, den personlege mytologien.

Bishop startar samlinga «Geography III» slik: «What is geography?/A description of the earth\'s surface.» Og Thor Sørheim har altså kalla si nyaste bok «Jordprofil». Ser me denne tittelen i samanheng med den førre, «Hegrehøyden», fins det likskap, men òg eit visst skifte i perspektiv.

Fascinerande

I «Hegrehøyden» møtte me ein Gud med svarte vernesko i mystikkfabrikken, medan me i «Jordprofil» møter gud med liten «g» mellom anna i eit fascinerande dikt om dei som arbeider i guds hus. Dei kittar englane som held taket oppe, opnar dører, spar igjen graver, og «sukket oppgitt når vi så/hvilke typer de unge brudene hadde rotet/seg bort i».

Undring

Det er ingen sensasjonar i Sørheims dikt, men «all erfaring munner ut i undring». Typisk er hans evne til å løfte fram eit hus, som i «Pakkhuset», slik også Heaney gjorde med «The Barn». Det vert likevel for mykje «tell it» og for lite «show it» når Sørheim skriv «det magiske øyeblikket jeg opplevde». Nokre dikt les eg om att fleire gonger utan at dei løfter seg eller meg, men blir verande små snirklar eller «knudrepunkt» i jordprofilen.

Men mange dikt gjev meg noko meir. Ut frå eit muntert skråblikk, ei pessimistisk observasjonsevne, eit bakanforlysande håp og ein kjærleik til språkets bitte små forskyvningar, skapar Sørheim dikt etter dikt som på ein ujålete måte fortel ei historie om levd liv. Dei fortel om spenninga mellom eit opplevande menneske og «the violence of the world», som Wallace kalla det.

Anna retning

Verknaden av eit dikt er ofte gøymt bak den uvante bruken av eit nedstemt ord eller ein liten vri på eit kjent uttrykk, som gjer at lesinga brått går i ei anna retning.

Ting «faller til uro» eller vert «stående på stedet liv». Desse grepa gjev dikta ei retning kjenneteikna av kjenslemessig tyngd eller smertefull erfaring, og saman får dei fram ein profil, ein heil ordklote.