Gud utan pengar

«Konsentrert og enkel biletkraft frå ein meister.»

BOK: I den førre diktsamlinga til Tranströmer, «Sorgegondolen» (1996), stod det i diktet «Två städer» nokre linjer som kan lesast som ei skildring av den tilstand han opplever som slagramma menneske mest utan taleevne:

Den lysande stranden

hypnotiserar

den mörke

Jag simmar ut i trance

på de glittrande mörka vattnen.

Når nå Tranströmer mot alle odds er attende med ei ny kresen samling dikt, er det ei storhending for alle som har følgt denne forfattaren. «Den store gåtan» er samansett av fem relativt korte dikt som innleiing og førtifem haikudikt i elleve avdelingar med noko ulikt fokus.

Tranströmer har tidlegare publisert haikudikt ved to høve: i den vesle boka «Fängelse» og i «Sorgegondolen». Nordmenn har alt kunna lesa norske versjonar av førtifire av dei nye haikudikta i Jan Erik Vold si bok «Px3», der ein tredjedel av boka handlar om nettopp denne svenske poeten.

Det biletet som festar seg sterkast frå den nye boka, er frå diktet «Snö faller» i første avdelinga:

Begravningarna kommer

tätare och tätare

som vägskyltarna

när man närmar sig en stad.

Haikuforma høver i utgangspunktet godt for Tranströmer sitt poetiske lynne, og ekstra godt nå når det å skriva krev så mykje meir. Han held seg til regelen om 5- 7- 5 stavingar på dei tre linjene, og dikta er nedtona og usentimentale der dei vekslar mellom sterke augeblinkar, naturimpresjonar, gudsvisjonar og dødsrefleksjonar.

Förbryllande skog

där Gud bor utan pengar.

Murerna lyste.

Döden lutar sig

över mig, ett schackproblem.

Och har lösningen.

Trass i den varsame framføringa kjenner me ein veldig energi bak bileta. Det finst ei opning inn til sterke krefter her. Den store gåta ligg heile tida bak. Han viser med nokre av motiva til den store litterære tradisjonen bak haikudikta, og vekslar mellom å framstilla eit trugande mørker og ei aksepterande haldning, og også nokre haikustunder av lykke.

Uppenbarelse.

det gamla äppelträdet.

Havet är nära