MYKE TRAFIKANTER: - Oslo er inne i ei rivande utvikling. På godt og vondt. Slik er det alltid når det skjer store endringar. Vi har eit byråd som prioriterer mjuke trafikantar. Vi burde hoppe og sprette som våryre lam av glede over slike vyer, skriver artikkelforfatteren. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
MYKE TRAFIKANTER: - Oslo er inne i ei rivande utvikling. På godt og vondt. Slik er det alltid når det skjer store endringar. Vi har eit byråd som prioriterer mjuke trafikantar. Vi burde hoppe og sprette som våryre lam av glede over slike vyer, skriver artikkelforfatteren. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpixVis mer

Guden heter ikke Allah, men Bil

Nei til «Ja til bilen i Oslo».

Meninger

Det er Ayatollah-dimensjonar over Jarle Aabø, leiar for FB-gruppa «Ja til bilen i Oslo». Guden hans heiter riktignok ikkje Allah, men Bil. Med seg i gruppa har han nærmare 20 000 fylgjesveinar i harnisk over eit byråd som har som mål å gjere Oslo sentrum «bilfritt».

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

I samband med landsmøtet til MDG som blei avvikla denne helga, offentleggjorde Aabø namnet på alle som skulle delta, med følgjande tekst: «324 grønne fundamentalister møtes på Quality Hotel Expo i Bærum for å legge nye planer for hvordan krigen mot bilen kan eskaleres.» Tilsynelatande uskuldig. Og fullt lovleg. Men sidan lista blei offentleggjort i nemnte FB-gruppe, visste Aabø inderleg vel at han fiska i opprørt hav. Gruppa er kjent for eit intenst sinne mot byrådet og samferdslepolitikarar generelt og hatobjekt over alle hatobjekt, MDG-politikar Lan Marie Berg som frontar jobben med eit «bilfritt» Oslo sentrum, spesielt. Trugsmåla har vore så ille at ho, som Aftenposten skriv på fredag, som er van med å sykle fritt rundt i byen, no må kjørast av Rådhuset si sikkerheitsteneste.

Då Miljøpartiet gjekk ut og sa at dei såg alvorleg på offentleggjeringa og måtte sette i gang ekstra sikringstiltak under landsmøtet, var meldinga frå ein Aabø-disippel at dei er paranoide miljøkommunistar heile gjengen.

Les Jarle Abøs svar her.

Oslo har nettopp opplevd nokre fantastiske førsommardagar. Det er då ein verkeleg oppdagar for ein fantastisk by hovudstaden har utvikla seg til å bli. Folk har kasta vinterhâmen og kjem ut som ei ny utgåve av seg sjølve til eit yrande folkeliv. Og der det sydar og koker mest, er sjølvsagt i gamle og nye bilfrie område. Som til dømes Sørenga, dit tusenvis av menneske syklar og går for å bade, sole seg eller innta lunsj på ein an dei mange restaurantane. Eller den fleire kilometer lange hamnepromenaden med varierte og spennade aktivitetar og tilbod. Promenaden inkluderer også Rådhusplassen, Aker Brygge og den nyare Tjuvholmen. Om ein ikkje heller vil legge turen langs Akerselva som har blitt eit samanhengande parkområde.

Det sydar og koker i «Ja til bilen i Oslo» òg. Men ikkje av glede over sol og sommar og alt Oslo har å by på. Her er det sagn om ein by i ferd med å gå til grunne som blir fortalde. Takka vere alle desse avdanka AKP-arane av nokre grønnskollingar som har som mål å ta strupetak på og drepe alt liv i Oslo sentrum. Det vil bli snarleg butikkdød og folketomt overalt.

Når ein påpeikar at det er eit yrande folkeliv over alt, nektar mange å tru det. Ein som tydelegvis ikkje er frå Oslo, spør: «Yrende byliv? Er det ikke ganske folketomt?» «Det nærmeste en kommer et yrende byliv, blir vel rotteinvasjon,» kommenterer ein annan. I tillegg er det mange utbrot som: «Fjern dette helvetes byrådet» «Møkkagjeng.» «Idioter.»

Å scrolle seg nedover i gruppa er ei hakeslepp-reise. Her er det alt for bilen, og nåde den som måtte meine noko anna. Ein trend er å legge ut bilde frå ulike stadar av Oslo som på eitt eller anna vis skal tale bilen si sak. Som eit folketomt utsnitt av Fridjof Nansens plass ved Rådhuset. «Her vil det aldri bli folkeliv.» Eit bilde av eit fullt bysykkelstativ ved Oslo City klokka 11:00 ein formiddag «beviser» at folk ikkje syklar så mykje som ein skal ha det til.

«Alle freaksa i MDG burde tapes fast i taket på en rallybil og bli med på noen fartsprøver gjennom skogen,» er den hyggelege meldinga frå ein av bilentusiastane.

Miljøetaten i Oslo har oppgradert Vaterlandsparken med blant anna sjakkbrett og brikker pluss mulegheiter for å øve på å balansere på slak line. Tiltak som kan vere med å skape aktivitet i eit elles ganske så dødt område. Men sånt gjer Jarle Aabø muggen. Det kostar pengar, må vite.

Nyleg blei det publisert ei spørreundersøkjing som viser at over halvparten av Oslo-buarane er positive til at fotgjengarar og syklistar blir prioriterte framfor bilistar. Dette får Aabø til å uttale at AP-byrådet har betalt i dyre dommar for eit bestillingsverk som skal skape eit klima for krigen mot bilen. Lurer på om han hadde sagt det same om fleirtalet ville prioritere bilen?

Når folk flest drar på storbyferie til byar som Barcelona, Firenze, Riga, Praha, Lisboa, Las Palmas, kva gjer vi då? Jau, bestiller hotellrom i gamlebyen eller langs strandpromenadar. Så langt borte frå bildur som muleg. Og vi oppsøkjer og ferdast i dei bilfrie områda der vi kan kjenne byen på pulsen, vandre i fred og ro, nyte uteservering, sjå på folkelivet og shoppe, om det er det vi vil.

Lurer på om medlem i «Ja til bilen» gjer det same eller om dei bestiller hotell langs ein motorveg og ferdast og oppheld seg i dei mest trafikkerte gatene rusa på eksos, støy og støv?

Oslo er inne i ei rivande utvikling. På godt og vondt. Slik er det alltid når det skjer store endringar. Bjørvika blir ein fantastisk bydel. Vi har eit byråd som prioriterer mjuke trafikantar. Som vil ha reinare luft og mindre trafikk, forureining og støy. Vi burde hoppe og sprette som våryre lam av glede over slike vyer. Samtidig er det viktig at det blir ein mjuk og fleksibel overgang til større bilfrie område. Då vil kanskje også Jarle Aabø og gruppa hans klare å oppdage kor heldige vi er som får bu i Oslo.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook