Guds lovnad om Palestina

Det ligg mykje vond historie og mange gamle tankar bak det som no skjer i Midt-Austen. Ein del av denne historia er Israels historie, og Guds lovnad til Abraham: "Di ætt gjev eg dette landet." Dette er ein lovnad historia har fare ille med.

I dag reknar historikarane Israels historie før kong David som myter og legender, med historiske kjernar i. Lenge trudde ein at mosebøkene var skrivne av Moses, Det Nye Testamentet trudde også det. At Moses døyr i slutten av femte mosebok kunne forklarast ved Guds skrivande hand. I dag har mosebøkene ei svært komplisert historie. Dei er snekra saman av stoff frå mange forfattarar, minst fire, og dei er skrivne over lang tid, fleire hundreår, lenge etter det dei fortel om. Mykje er truleg skrive i Babylon.

Denne demonteringa av Det gamle testamentet, først og fremst mosebøkene, har skapt mykje strid det siste halve årtusendet. To stikkord kan vere skapingssoga og Darwin. Ein av dei mest iltre forsvararane av ei bokstaveleg tolking av 1. Moseboks skapingssoge, var Isaac Newton. Vitskapen, av mange slag, var i høg grad låst til tankane i Det gamle testamentet, som var Guds tankar. Demonteringa frigjorde vitskapen, og var med og la grunnlaget for det kunnskapsnivået vi i dag har.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det galdt også historia. Historikarane byrja å sjå etter andre kjelder enn Bibelen når historia skulle skrivast. Det vart også lov å bruke eige skjønn. Ein av dei første som pirka på Bibelens forteljing om utvandringa frå Egypt, var den arabiske historikaren og politikaren Ibn Khaldoun i Spania rundt 1400. "Seks hundrad tusund mann til fots, umfram kvinnor og born", som moseboka seier, kunne ikkje rømme på ei natt, slik Bibelen fortel. Det var uråd.

I dag er det få som les mosebøkene som historie. I Politikens mangebindsverk om Bibelen frå 1968, blir det diskuterte om Moses i det heile har levd, eller om han er ein litterær figur. Mange meiner det. Rudi Thomsen i Aschehougs verdshistorie slår kategorisk fast at heile jødefolket aldri var i Egypt, slik Bibelen fortel. Det er usikkert når dei eventuelt var der, og spora etter dei er få. Eitt av spora er forteljinga om Josef og fru Potifar. Ho er eit lån frå Egypt, der ho fanst frå gammalt. Det er blitt "ugjendrivelig påvist" at innvandringa i Kanaan skjedde med innbyrdes uavhengige nomadegrupper. Det var berre ei enkelt jødegruppe som var i Egypt. Politikens verk reduserer Josef og brørne hans til "personifikationer af stammer".

Desse stammene er dei nomadegruppene Thomsen talar om. Dermed taper dei i status som historiske personar, og dermed glid dei, Abraham og patriarkane, inn i myteverda. Og dei tek Guds lovnad på landet med seg dit. Det er gjort forsøk på å rekonstruere utvandringsruta frå Egypt. Det har ingen lukkast med. Kvar Sinai er, er det berre turistindustrien som veit.

Moderne historieverk er fulle av opplysningar og synspunkt som har endra den posisjonen mosebøkene hadde som historisk kjelde. Diskusjonen kan minne om vår eigen diskusjon om Snorres Heimskringla. Og historikarane er ute etter synsvinkelen, siktemålet for dei som skreiv. Siktemålet var ikkje "å tegne et så korrekt bilde av fortidens begivenheter som mulig", skriv Thomsen. "Formålet var å forklare hvordan Jahve hadde ledet sitt utvalgte folk. Samtidig hadde Bibelens beretning en klar legitimerende funksjon. Den skulle tjene til å sveise sammen til ett ’Guds folk’ en tidligere uensartet befolkning, omgitt av en rekke konkurrerende folkegrupper… Dette maner til den største varsomhet med å benytte Bibelen som historisk kilde i tradisjonell forstand:"

Liknande formuleringar kan ein finne i andre verk. Så er det ein kjenning vi har med å gjere: Politisk historieskriving, denne gongen med Guds allmektige hand over seg. Politisk historieskriving har vi sett mykje av. Historiske fakta let seg ikkje ordne utan ein overordna tanke og eit siktemål. Og denne historieskrivinga kan vere viktig og forme ei ettertid. Mosebøkene har forma våre tankar om eiga historie, ikkje berre om Israels historie. Snorres historieverk forma norske tankar under nasjonsbygginga. Ernst Sars var med på det laget. Koht hadde ein annan politisk vinkel på det han skreiv, og nyleg har vi sett Jens Arup Seip og Francis Sejersted kome ut med ulike versjonar om same perioden, ut frå ulike ståstader. Otto von Bismarck omtala historieprofessorane som "mine slagkryssarar ved universiteteta." Den politiske historieskrivinga blomstrar på Balkan, og i gamle Sovjetunionen. Også denne lista kan forlengjast. Den politiske historieskrivinga dukkar opp når ho trengst, i harde tider.

Framleis er det livskraft i denne hebraiske, politiske historieskrivinga. At ho lever og er motiverande hos jødar, er det råd å forstå. Men også 40 prosent av amerikanarane støttar seg på henne, og ho lever i norsk debatt, trass i at nøkkelfigurar i historia, som Abraham og Moses, lever farleg i grenselandet mellom realitet og myte. Og der ber dei Guds lovnad med seg. I delar av vår vestlege kultur har Israels folk langt på veg fått den utvalde plassen i Guds historieplanar som mosebokforfattarane la opp til. Det som no skjer, er eit endetidssignal, blir det sagt. Israels folk er veslevisaren på verdsuret, sa dei på bedehuset heime. Veslevisaren seier når klokka er tolv.

No er ikkje denne lovnaden problemfri i mosebøkene heller. Sara fekk ikkje born, så ho bad mannen sin, Abraham, om å gå inn til terna hennar, Hagar, og lage barn med henne. "Kann henda fær ho ein son åt meg", sa ho til mannen sin. Så vart gjort, og Hagar vart med barn. Då byrja Hagar å vanvøre Sara. For det vart ho jaga ut i øydemarka, der ein engel berga henne. Og engelen gav ein lovnad til henne: "Eg vil gjeva deg ei ætt som er endelaus; reint uteljande skal ho vera!" Om sonen ho bar under beltet, sa engelen: "Det vert eit villasen til kar. Hans hand skal vere lyft mot alle, og alle hender mot han…"

Det var Abrahams son, Ismael, som arabarane reknar son sin ættfar, som fekk denne lovnaden. Men han var også Saras son, ettersom han var tinga av henne, hos Hagar, som vi i dagens språk vel ville kalle ei leigemor.

Om vi no legg bibelteksten i si bokstaveleg form til grunn, og ser bort frå den demonteringa den historiske bibelkritikken har gjennomført, blir det andre problem. Den lovnaden Abraham skulle ha fått, må han ikkje også gjelde sonen Ismael, som Sara hadde tinga, og hans folk? Sett på spissen: Gjeld ikkje dei castbergske barnelovene for Gud, ikkje eingong når ektefellen hadde godkjent det som skjedde?

Då Anwar Sadat tala i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga, etter at Israel og Egypt hadde laga avtalen seg imellom, var det dette han tala om: At Abrahams barn måtte finne saman, begge greinene, både Ismaels og Israels ætt, og at arven måtte delast i fred. Det var ein vakker tale.

Konflikten i Midt-Austen er tragisk, med djupe historiske røter. Konflikten om land er alvorleg nok, det er eit klassisk konflikttema. Men det er også ei konflikt om verdssyn og historieforståing. Vesten, som hadde jødisk blod dryppande frå hendene sine, valde å leggje den jødiske og vestlege historieforståinga til grunn og grunnleggje ein israelsk stat på ei mark der det budde folk som såg annleis på dette.Vesten hadde nokre hundre års erfaring med å styre verda og seie korleis ting skulle vere, i Amerika, Afrika og andre stader.Ting kan tyde på at denne situasjonen er i endring. No reiser dei seg både her og der og meiner både det eine og det andre. Vesten har aldri møtt så mykje motvind som no. Og utafor Vesten bli Israel rekna til Vesten. Då er det ikkje mykje hjelp i å seie til andre at vår Gud, som dei ikkje trur på, og knapt vi heller, har lova bort landet dei bur på. Spesielt når det er ein veksande tvil på korleis denne lovnaden vart til.