Gule og antisemittismen

Eg seier ikkje noko negativt om muslimane som gruppe, skriv Hallgrim Berg.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

AMERIKABREVET: Lars Gule driv reklame både i Klassekampen og Dagbladet for mi bok «Amerikabrevet»: Europa i fare. Debatten har ført til uvanleg godt sal; ho vert trykt i tredje opplaget alt neste veke.Målet med boka mi er å medvirke til den meiningsbrytinga som demokratiet lever av. Etter reaksjonane frå Gule og andre innvigde har forlag og forfattar lykkast: Dei som er interesserte i å forsterke dagens utvikling med islamisering i Europa, er til dels rasande på oss. Dei som blæs av kristendomen, likeeins. Dei som sit fast i kulturrelativismens hengemyr, er i fistel. Dei som meiner at dei hatar Amerika og kapitalismen, vil finne ei mengd opplysningar i boka som går i motsett lei. Dei som vil ha Israel på sjøen, blir skuffa. Dei som har trudd at FN er eit «nøytralt» og effektivt organ, vil måtte tenkje om att. Dei som trur at terrorisme er noko som går over ved «dialog» og «forhandlingar», vil sjå at dei lever på illusjonar.

GULE, LYSBAKKEN, Jagland & co. har fått det for seg at eit godt angrepspunkt mot utbreiinga av Amerikabrevet kan vera å mumle eit eller anna om at denne hallingdølen kanskje er ein slags forkledd «antisemitt». Påstandane går då ut på at eg nyttar ord og vendingar som kan minne om dei konspirasjonsteoriane som nazistane hadde om jødane som gruppe. Men eg seier ikkje noko negativt om muslimane som gruppe. Eg skil klart både mellom ulike retningar innan islam og mellom ulik grad av (sharia)praksis i forskjellige land. Side 59: «Eg er overtydd om at dei fleste muslimske familiar i Europa er lovlydige menneske som ikkje søkjer anna enn arbeid og fred for seg og sine. Det er urett og uklokt å sjå på alle muslimar som potensielle fiendar og stridsmenn. Det må skiljast klart mellom forskjellige muslimske grupperingar og radikale islamistar/terroristar.»Derimot seier eg i boka ein god del om kva militante islamistar har fått seg til å gjera mot vestlege samfunn, mot oss vantrue og mot sine eigne dei siste tretti åra. Det er trist å sjå korleis Osama bin Laden, al-Qaida og deira læresveinar har kapra islam for sine politiske formål.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.