Gullkorn

Ordleikande poesi med pedagogisk potensial.

BOK: Boka er bygd over ein idé som heilt openbart kan utnyttast pedagogisk. Anten i skulesamanheng eller heime, der folk held på å læra seg å kjenna igjen ordbileta. Ideen går ut på at ei rekkje ord har andre ord gøymt inni seg. Som lykt i flyktning, som ugle i fuglen, som miste i optimisten. Desse orda i orda er utheva med halvfeit skrift og dermed synlege for den som leitar. Lars Saabye Christensen diktar så bitte små dikthistorier, gjerne på rim, over dette fenomenet, og sjølv vom det av og til vert ein tanke forsert, oppstår det rett som det er små gullkorn på sidene.

selv

er en

elv

is eg selv

som slynger seg som en

s

gjennom deg

Når dette så i tillegg er ei barnebok med viltre, spørjande, melankolske og poetiske illustrasjonar i Rune Andersson sin avklarte og særeigne strek, har barn og vaksne nokre gode sofastunder framfor seg.

ikkje

vent

på eventyret

eventyret

er like ved

den som bare venter

får ikkje alltid

se