Gyldige og viktige dikt

Ei diktsamling med puls og pust.

BOK: Same månaden som Markus Midré vart fødd, august 1975, byrja Lars Norén si «Dagbok (augusti- oktober 1975)» som også skulle få sitt framhald i boka «Nattarbete 1976». Det kan vera på sin plass å minna om desse glimrande diktsamlingane når ein har lese denne nye og svært gode boka til Markus Midré: «Formular».

Det er så openbare slektskap her. Både Norén og Midré har for ein stor del sett opp dikta utan titlar med asterisk, tal eller punkt mellom. Begge to skildrar kvardagslege gjeremål, dei syklar omkring, et og søv og skriv om desse tinga samtidig som dei trekkjer inn større perspektiv eller går djupare inn i sansingane og tenkinga. Begge skriv veldig personleg og personsentrert. Midré: «jeg har endelig oppdaget at det er meg selv jeg skriver om.»

Livsdikting

Ein får ei kjensle av at Lars Norén sin metode ikkje bare framleis er brukbar, men at den faktisk også i dag er ein optimal metode for å skriva denne typen livsdikting.

Eg opplever at denne nære, direkte, litt naive skrivemåten inviterer lesaren. Midré maktar med sine enkle ord å trekkja inn verda, og iblant utvida perspektivet utover, iblant innover. Men det kjennest når han språkar seg fram, alvorleg og av og til nærast barnleg. Eg har inntrykk av at han her er komen tett innpå kjernen av det som er drivkrafta bak skrivinga. Han gjev namn til verda, til kjenslene, til refleksjonen over namngjevinga.

Autoritet

Norén skriv: «Jag kan aldrig, när jag / är som lycligast, vara / säker på att du finns.» Men Midré sluttar si bok med orda: «men vi finnes. verden finnes. uten oss.»

Dette har vorte ei diktsamling med klar autoritet, kanskje nettopp fordi han også viser fram det han er usikker på, iblant med overstrykingar! Ei sterk og open bok prega av genuin språkleg orientering i verda. Og gong på gong fangar han merksemda med heilt uventa og lett gjenkjennelege formuleringar. Dikta kjennes gyldige og viktige, og tek oss med inn i sjølve prosessen der noko vagt tek form og finn eit språkleg uttrykk.