Haaland Matlary og krigen mot terror

AFGHANISTAN: Janne Haaland Matlary spør i Dagbladet 16. november om det er etisk rett å satse liv for folkestyre i eit land. Ho svarer «nei» på det, men «ja» om det gjeld våre verdiar og interesser i ein tryggingspolitisk samanheng.

Matlary seier altså ja til å ofre liv om det gjeld våre verdiar. Det er dette som er den såkalla krigen mot terror og doktrinen om at terror skal kjempast ned med krig. Då er vi midt inne i eit spørsmål som splittar Nato. Dei fleste Nato-landa trur ikkje på denne doktrinen. Derfor stiller dei ikkje med styrkar til åtakskrig, og dei legg sterke avgrensingar på kva eigne styrkar kan gjøre. Terror kan berre kjempast ned med sivile åtgjerder. Erfaringa i Sør-Afghnaistan er at fienden rekrutterer fleir når det først og fremst er offensive militære middel som blir brukt.

«Vi likar dei ikkje, men vil ikkje at dei skal dra», seier afghanske kvinnelige parlamentarikarar eg har snakka med, om dei utanlandske soldatane. Dei vil ha tryggleik. Eg legg meir vekt på dette enn på Matlary sitt kristen-konservative brøl om å slutte rekkene med Bush og dei neokonservative kreftene. Vi trekte oss ut av Irak og ut av Operation Enduring Freedom, for vi trur ikkje på USA sine folkerettsstridige krigar. Dei som er så misnøgde med at SV har halde oss unna åtakskrig, må vel logisk sett ønske seg tilbake til Operation Enduring Freedom og Irak?

Hjelpeorganisasjonane seier det må vere eit internasjonalt militært nærvær i Afghanistan for å verne dei sivile hjelpetiltaka. SV meiner dette nærværet burde vere eit FN-nærvær. Nato-styrken Isaf bør så snart som mulig få avløysing av ein slik FN-styrke. I mellomtida må Noreg arbeide for at Nato endrar strategien sin i Afghanistan. Den har vist seg å ikkje føre til meir stabilitet. Dei sivile hjelpetiltaka må òg aukast mykje. Og fredsforhandlingar må komme i gang.

Det er berre to år til neste stortingsval. Dersom valresultatet gir grunnlag for nye regjeringsforhandlingar mellom dei tre noverande regjeringspartia, meiner eg at det må vere eit krav frå SV at norske styrkar blir trekte ut av Isaf, dersom utviklinga held fram som no.