KLAR TALE: Sylvi Listhaug treng ikkje bekymre seg for neste års 1. mai tale. Eg har skreve den for ho, skriv forfattaren. Bilete er frå årets 1. mai tale i Drammen. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
KLAR TALE: Sylvi Listhaug treng ikkje bekymre seg for neste års 1. mai tale. Eg har skreve den for ho, skriv forfattaren. Bilete er frå årets 1. mai tale i Drammen. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixVis mer

Hagearbeidarar i alle land

Tale Sylvi Listhaug kan holde 1. mai 2017.

Debattinnlegg

Fyrste mai heldt Sylvi Listhaug tale på Bragernes Torg i Drammen for tre hundre frammøtte. Femti av dei sto riktignok med ryggen til. Ein ikkje udelt suksess, kan vi vel slå fast. Men Sylvi Listhaug er ei dame som ikkje gjev seg på tørre møkka, så ho er heilt sikkert på plass igjen i Drammen neste år òg. Det Listhaug aller mest ynskjer å gjere denne dagen, er å jobbe i hagen. Difor har eg barmhjertiga meg over henne og skrive ein tale ho kan halde i 2017 slik at ho slepp å bruke heile hageføremiddagen på å mekke på kva ho skal seie:

Hagearbeidarar i alle land, forein dykk. (Skulle det snø 1. mai; det veit vi ikkje lenger no som veret gjer alle klimahysterikarar til lått og løgje, får du heller seie: «Snømåkarar i alle land»). Sjølvsagt skulle eg gjerne ha sagt «Arbeidarar i alle land.» Men eg og de veit at arbeidarar flest går i tog, viftar med raude fanar og kallar seg sosialistar på denne dagen. Eller landsforrædarar, som mine støttespelarar yndar å kalle dei.Det er forresten fint å vere tilbake i Drammen og få snakke til trufaste disiplar på denne internasjonale solidaritetsdagen (Du får vurdere om du skal seie solidaritet. Det kan gje assosiasjonar til sosialistkommunistlandsforædarane).

Artikkelen fortsetter under annonsen

Takk for at de alltid stiller opp og støttar meg i tjukt og tynt. (Til dykk som står med ryggen til òg, sjølvsagt). Dette er den fyrste dagen i den finaste månaden i verdas vakraste land. Tenk kor heldige vi er som får bu i eit solid og trygt demokrati som forfedrane våre la grunnlaget for. Vi hagearbeidarar står likevel overfor store utfordringar. Det er trugande skyer på veg inn frå vest. Demokratiet er under press. Alltid. Det aller verste er desse brunsneglane som kjem krypande innover landet i enorme mengder. Dei invaderer hagane våre, tek seg til rette og trugar verdiane våre. Dei har ingen ting i norsk fauna å gjere. Men sjå om dei bryr seg. Her har vi i årevis lagt all vår kunnskap, all vår energi, all vår glød ned i hageanlegg akkurat slik vi nordmenn vil ha dei. Men kva nyttar det når ytre krefter tek over og utraderer det vi har jobba fram, det vi trur på, det som er berre vårt?

Dette gjer meg pissredd for barna mine si framtid.Men eg kan love dykk alle drammensarar (og dykk som står med ryggen til) på tru og ære at eg skal bruke all min energi, alle mine krefter, all min arbeidskapasitet (og den er stor) på å stoppe invasjonen av brunsneglar; desse framandelementa i norske hagar som snyltar, har seg og tar seg til rette på stader dei ikkje høyrer heime. Såpass skuldar eg dykk. Det skuldar eg barna våre som fortener å kunne utfalde seg fritt på dei fine plenane vi har opparbeidd.

I fjor på første mai blei eg kalla «kjerring» av oppkomlingen Mani Hussaini, leiaren for AUF. Der eg kjem i frå, er kjerring ein heiderstittel. Det sa eg sjølvsagt ikkje noko om. Det var greit å sjå jyplingen koke i sitt eige fett. For koke gjorde det. Noko så inn i hampen. Sjølv om han var raskt ute og sa unnskyld. Spesielt på facebooksider og i kommentarfelt som støttar meg, gjekk det brennheitt føre seg. «Dra deg heim,» skreiv dei. «Svarte snyltar,» skreiv dei. «Du er ikkje nordmann, men forbanna pakk,» skreiv dei. «Du er ein kakerlakk som skal utryddast,» skreiv dei. «Jævla muslimterrorist,» skreiv dei. «Forpulte valdtektsmann,» skreiv dei. Mellom anna. Til slutt blei det så ille at eg måtte ut og ta avstand frå det mange kalla hets og rasisme. Difor seier eg dykk, kjære støttespelarar som eg elskar nesten som mine eigne ungar: «Moderèr dykk. Folk må ikkje få inntrykk av at eg blir støtta av høgreekstremistar.»

Erna Solberg har alltid suksess med å trekkje fram enkeltindivid i nyttårstalane sine. Så no skal eg òg gjere det: Kjære Wenche som er medlem i facebookgruppa «Vi som støtter Listhaug». Du bør ikkje skrive på denne sida at vi etnisk norske må få ha folkeavstemming over om vi vil ha innvandrarar på Stortinget og i kommunestyre. Det er heilt greit at du meiner at det ikkje er vi etniske, men politikarane, som har bestemt det. Men det er faktisk slik demokrati fungerer, Wenche. Hadia Tajik, som forresten raskt tok avstand frå Hussaini sitt kjerringstunt, er faktisk rettmessig valt inn på Stortinget. Og så må du huske at vår eiga innvandingspolitiske stjerne på Tinget, Mazyar Keshwari, også er der på grunn av at vi har demokrati. Du vil ikkje kaste han ut, vil du vel? Du veit at vi treng han til å seie dei tinga vi «seriøse» ikkje kan seie offentleg. 

Og Merete; eg kan ikkje gå god for deg når du kjem med «viktig melding til alle mohammedanere på Jæren: Alt som blir dyrket her er gjødslet med grisemøkk, og det gjør meg lykkelig.» Eg trur faktisk eg overser den. Alt medan eg står og talar til dykk, kjære drammenske støttespelarar som tykkjer eg er ei stjerne (og dei helsikes avvisande ryggane), klør eg i fingrane etter å komme meg heim til hagen min og halde fram med kampen mot brunsneglane.

Dette handlar om Noreg si framtid. Ei framtid fri frå framandelement, fri frå invaderande trugsmål som har som einaste tankar i hovudet: Øydeleggje, undergrave, terrorisere. Eg gjentar gjerne: «Eg kjem ikkje til å gje meg på tørre møkka. Eg kjem ikke til å kvile før krossen i det norske flagget er trygg igjen. Ha ein solida... Ha ein strålande dag.» 
 

Lik Dagbladet Meninger på Facebook