Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Hagen og fundamentalistane

CARL I. HAGEN

opplyser i eit innlegg den 3.12. at han har lest fleire bøker om islam enn Mark Gabriels «Islam og terrorisme». Det får vi håpe. Men det er Gabriels sjikanøse bok han høglydt har reklamert for på TV. Derfor fann eg grunn til å opplyse om kva slags bok dette er: Ein nyfrelst kristen sitt totaloppgjer med islam som i følgje Gabriel er ein hatefull og valdeleg religion: «Det er disse som utfører volds- og terrorhandlinger - som praktiserer det egentlige islam slik Koranen foreskriver at det skal være» (s. 66).

Det er denne typen islamsjikane Hagen no driv reklame for, i allianse med kristenfundamentalistar som applauderer når han lovprisar den milde Jesus og refsar den valdelege Muhammad. Derfor er ikkje Hagen heilt truverdig når han oppmodar moderate muslimar til å stå fram. I følgje den boka Hagen reklamerer for er moderat islam ei sjølvmotseiing og eit dekke for muslimane sitt eigentlege mål som er totalitært verdsherredøme.

Den andre boka som Hagen nemner i sitt innlegg, Paul Bermans «Terror og liberalisme», er av eit heilt anna kaliber. Berman er ein liberal amerikanar som samanliknar den militante islamismen med andre totalitære ideologiar i moderne tid - som fascismen, nazismen og kommunismen. Han er konkret i sin kritikk av bestemte muslimske rørsler og styrer unna den fundamentalistiske fella å gjere militant islamisme til det «eigentlege» islam.

At Hagen jamsteller Gabriels og Bermans bøker som «islamkritiske kildemateriale», er oppsiktsvekkande. Den eine boka er eit kristenfundamentalistisk angrep på islam. Den andre er eit liberalt manifest mot alle former for valdeleg, totalitær ideologi.

KANSKJE SPEGLAR

Hagens kjeldebruk ei stadig meir påtrengande spenning i Fremskrittspartiet: skal FrP vere eit liberalt parti, eller fortropp for kristenfundamentalistane?

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media