Hagens bløff

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

I EIT LESARINNLEGG i Dagbladet 4. januar prøver Orkla-styreleiar Stein Erik Hagen å vri seg unna at han på eit møte med leiande tillitsvalde i Orkla 28. april i fjor gav lovnader om at han ikkje ville selje Orkla Media.I tillegg prøver Hagen å leggje skulda på meg for at Dagbladet har fått kjennskap til deler av referatet frå møtet, på same måten som Hagen og konsernsjef Dag J. Opedal i sluttfasen av det omstridde salet av Orkla Media prøvde å leggje skulda på meg for at media skreiv artiklar med spekulasjonar om forhandlingane mellom Mecom og Orkla. Slike angrep på sentrale tillitsvalde er etter mitt syn like triste som dei er usaklege.Personleg er eg ferdig med både Orkla og Hagen. Ettersom Dagbladet no vel å lage sak om april-møtet i fjor, og ettersom Hagen tydelegvis er opptatt av kva som vart sagt eller ikkje sagt på dette møtet, vil eg opplyse følgjande:Møtet var mellom Hagen og arbeidsutvalet i Orklas internasjonale faglege representantskap. Dette utvalet består av dei sentrale tillitsvalde i Orkla, inkludert tilsetterepresentantane i Orkla-styret. På april-møtet stilte sju tillitsvalde frå Norge, Danmark og Sverige.Møtet kom i stand etter initiativ av konserntillitsvalt Aage Andersen, som ville at utvalet skulle møte Hagen personleg for å ta stilling til om tillitsvalde kunne og ville støtte Hagen som ny styreleiar i Orkla. På den tid var det klart at Hagen var avhengig av støtte frå dei tillitsvalde for å verte ny styreleiar. Personleg hadde eg to veker tidlegare gitt min fulle støtte til Hagen. Dette med bakgrunn i lovnader og innspel Hagen hadde gitt i andre møter, så april-møtet var ikkje viktig for min del.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer