SVARER PÅ HAGTVETS KRITIKK: Edvard Hoem forsvarer Bjørnsonfestivalen.Foto: Steinar Buholm
SVARER PÅ HAGTVETS KRITIKK: Edvard Hoem forsvarer Bjørnsonfestivalen.Foto: Steinar BuholmVis mer

Hagtvets endelause korstog

Gammelt nytt, mener Edvard Hoem.

|||BJØRNSON-FESTIVALEN: Bernt Hagtvet må lenge ha visst at Jan Myrdal skulle vera med som innleiar på Bjørnsonfesti-valen i Molde. Men Hagtvet veit å velja tidspunktet for sine bombastiske utspel, og norske journalistar går som vanleg fem på. Først da Bjørnsonfestivalen var godt i gang med viktige foredrag og ordskifte, fann Hagvet ut han ikkje kunne stå i same program som den svenske forfattaren. Samtidig som underskrivne oppsummerte sju års studier og la fram eit omfattande materiale om Bjørnson som få og ingen hittil har hatt kjennskap til, kunngjorde Hagvet sin at han ikkje ville vera med på festivalen i det heile, og denne provinsielle avsporinga blir hovudsak i NRKs sendingar gjennom heile gårsdagen.   

MEN INGEN TING av det Hagvet seier er anna enn gammalt nytt. Det blir heller ikkje nytt av at norske medier forkynner utblåsningane hans som om det var Jesu gjenkomst. Det er vel kjent at Jan Myrdal har heile livet vore ein kontroversiell forfattar og debattant i broderlandet. Han har i årevis vore synleg på den norske arenaen, som spaltist i Klassekampen og som rapportør frå ei rekke land i den tredje verda. Bøkene hans om Kina har, trass i kontroversielle politiske vurderingar, vore oppfatta som banebrytande journalistisk arbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DA DET I Bjørnsonfestivalens råd kom opp framlegg om å invitere Myrdal til årets festival, støtta eg framlegget med entusiasme fordi Myrdal har store kunnskapar om Bjørnsons tid og mangfaldige aktivitet. Myrdal har blant anna skrive ei bok om Strindberg, der forholdet hans til Bjørnson og andre av det moderne gjennombrotets menn er drøfta. Myrdal har omfattande kjennskap til nasjonaltankens framvekst i Norden i det nittande hundreåret. Han er no 86 år gammal, og det er ikkje grunn til å vente han han vil opptre offentleg i så mange år heretter.

Det er kjent at Myrdal har oppfatningar om politiske tilhøve i samtida som underskrivne er sterkt usamd i og som mange forfattarar i Myrdals heimland tar sterkt avstand frå. Etter mitt syn ville det vera forkasteleg og i strid med Bjørnsons ånd å nekte han ordet fordi han på ein del felt har synspunkt som ingen i festivalen deler.

PERSONLEG begynner eg no å bli temmeleg lei både av Hagtvets endelause korstog for å sidestille Mao og Adolf Hitler, og av norske journalistars bevisstlause haldning til mediestrategar av Hagtvets type. Kvifor lar dei ein mann med ein så tydeleg politisk agenda setta dagsorden i norske redaksjonar? Det er no meir enn tjue år sidan Hagvet første gong var ute etter underskrivne i Stavanger Aftenblad og gjekk laus på meg for synspunkt eg aldri har hatt. No insinuerer han at eg ikkje kjenner Myrdals artiklar og bøker. Han bør sjølv gjera leksene først.

Gjennom meir enn tretti år har eg følgt godt med i Myrdals omfattande forfattarskap. Når han samanliknar Myrdal med David Irving er det ei grov fornærming mot ein mann som gjennom kritisk journalistisk verksemd har ytt store bidrag til ein heil generasjons forståing av den tredje verda. Ved å vera blind for alt anna enn Myrdals politiske mistak prøver Hagvet å ramme ein heil generasjons politiske opprør. I Hagvets politiske vrengebilde av verda er Maos Kina og Hitlers Tyskland to sider av same sak.

DETTE ER EIT synspunkt eg for min del finn hårreisande og reaksjonært, utan at eg for framtida vil nekte å stille på festivalar der også Hagtvet har ordet. Men det er ei alvorleg sak når ein norsk professor, som står fram som forkjempar for det frie ordet, gir seg til å kriminalisere dei som tenker annleis enn han sjølv.