I BELTER: Gaustad sykehus, Oslo universitetssykehus HF.
Foto: Svend O Kvilsjø / NTB Scanpix
I BELTER: Gaustad sykehus, Oslo universitetssykehus HF. Foto: Svend O Kvilsjø / NTB ScanpixVis mer

Halehenget til psykiatrien

Mental Helse fell dei tvangsinnlagde i ryggen.

Meninger

Me syner til innlegg i Dagbladet 3. juni frå Anlov P. Mathiesen, politisk rådgjevar og infoleiar i Mental Helse. Han utnyttar offerrolla maksimalt og hevdar at Mental Helse representerer brukarane - og at kritikk av organisasjonen såleis vert eit åtak på desse. Som om det å vera «brukar» gjer ein heva over kritikk, og som om Mental Helse har monopol på å representera desse.

Eit døme på at Mental Helse fell dei tvangsinnlagde i ryggen, er det styremedlem i sentralstyret i Mental Helse, Tom Børre Jacobsen, seier på vg.no 14. mars i artikkelen «50 tilsyn - ingen reaksjoner på beltebruken». Det handlar om kvinna på Gaustad som har vore beltelagd heile eller mesteparten av døgeret dei siste to åra: «Varamedlem i kommisjonen Tom Børre Jacobsen sier at han synes det er vanskelig å se hva som vil være en bedre løsning for kvinnen.»

Den groteske saka frå Gaustad gjer oss alle rettslause, fordi Borgarting lagmannsrett, kontrollkommisjonen og brukarrepresentanten frå Mental Helse har velsigna torturen. No er det i praksis ingen grenser for kor mykje tvang som kan brukast.

Også i «Erik»-saka på Sykehuset Østfold Veum var Mental Helse i kontrollkommisjonen. «Erik» var beltelagd i 28 døger samanhengande.

I Paulsrud-utvalet spela Mental Helse på lag med psykiatrien, slik at det framleis skulle vera lov å tvangsmedisinera. Forteljinga om Mental Helse som garantist mot tvangsbruk er i beste fall fantasifull.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook