Halvdan Svartes liv og død

For tida er det stor interesse for Halvdanshaugen på Stein gard på Ringerike. Kjeldene fortel at Halvdan Svarte (ca. 820- ca. 860), eller deler av han, er gravlagd der. Undersøkingane av haugen tyder så langt på ei datering som høver med Halvdans Svartes tid, og at haugen inneheld restar av eit skip.

Det finst ei rad historieverk som fortel om Halvdan Svarte, men i dei fleste er det nokså kortfatta framstillingar. Dei viktigaste kjeldene er Snorres soge i «Heimskringla» frå ca. 1220- 1230 og «Fagrskinna». «Fagrskinna» er overlevert i to redaksjonar, kalla A og B. B blir rekna for å vere eldre enn «Heimskringla», frå ca. 1220, medan A er frå fyrste halvdelen av 1300-talet. A har ei fyldigare framstilling av Halvdans liv og død enn B.

Alt frå dei eldste kortfatta opplysningane om dei norske kongane er Halvdan omtalt som far til Harald Hårfagre og son til Gudrød Veidekonge. Dei fleste kjeldene seier at Gudrød var konge over Opplanda, det vil seie det indre Austlandet, medan Snorre knyter Gudrød til Vestfold. Kjeldene er samde om at Halvdans mor, Åsa, var kongsdotter frå Agder.

Det ser ut til at Halvdan var gift to gonger. Fyrst med Ragnhild, dotter til Harald Gullskjegg, konge i Sogn. Dei hadde sonen Harald, som døydde 10 år gammal. Seinare blir Halvdan gift med ei ny Ragnhild, og får ein ny son som dei gjev namnet Harald, han som seinare får tilnamnet Hårfagre.

Denne siste Ragnhild skal stamme frå den danske kongsslekta, men kjeldene er usamde om kven som er far hennar. Etter «Fagrskinna» B er Ragnhild dotter til Sigurd orm-i-auga. Snorre seier at far hennar var Sigurd Hjort på Ringerike, som skal ha hatt kongsgard på Stein.

«Fagrskinna» A fortel derimot at Halvdans andre kone var Helga, dotter til Dag den frode, herse på Tingelstad på Hadeland. Med henne fekk han sonen Harald. I denne framstillinga er det ingen danske anar i Harald Hårfagres slekt.

Etter kjeldene var Halvdan Svarte konge over det indre Austlandet og Sogn, og han er oftast knytt til Hedmark. Snorre lar Halvdan også rå over halve Vestfold.

Kjeldene er samde om at Halvdan Svarte gjekk gjennom isen og drukna i Røykenvik i Randsfjorden. «Fagrskinna» B opplyser at Halvdan drukna i nærleiken av ein nautbrunn, ein stad der dei gav storfeet vatn. Snorre forklara hendinga slik: «Der hadde det om vinteren vore nautbrunnar, og då det hadde kome møk på isen, hadde den begynt å tine i solsteiken.» Vi merkar oss at Snorre har same opplysninga som i «Fagrskinna» B, men at han byggjer ut forklaringa. «Fagrskinna» A nemner ikkje noko om nautbrunn, men opplyser at Halvdan drog over isen «om våren på den tida isen begynner å gå på vatna». A fortel vidare at isen brast under Halvdan og hesten hans, og «då dei andre såg det, ville dei alle berge kongen, og ein stor flokk av drukne menn stimla saman der, og meir og meir av isen brotna.» Etter A drukna også Halvdans svigerfar, Dag den frode, der i Røykenvik.

Kjeldene er samde om at Halvdan Svarte blei hauglagd på Stein på Ringerike. Dei eldste kjeldene seier ikkje noko om at liket blei delt opp, heller ikkje «Fagrskinna» B. Men Snorre fortel at stormenn frå Romerike, Vestfold og Hedmark alle ville ha liket med til sitt fylke, fordi Halvdan hadde vore ein svært årsæl konge. Liket blei då delt i fire. Hovudet blei lagt i haug på Stein, og andre delar blei hauglagde dei tre andre stadene. Alle stader blei kalla Halvdanshaugar. «Fagrskinna» A lar liket bli delt i tre, men det blir ikkje nemnt noko om at det kom stormenn som ønskte å få liket med seg. I A blir kroppen jorda på Stein, innvollane på Tingelstad og hovudet i Kaupang i Vestfold. Her blir det også uttrykkjeleg sagt at dei delte kroppen «fordi dei trudde at hans lukke med åringar ville vere med han anten han var levande eller død».

Etter denne korte gjennomgangen av dei skriftlege kjeldene reiser det seg nokre spørsmål. Korleis er forholdet mellom Snorre og «Fagrskinna»? Var Vestfold verkeleg ein del av maktområdet til ynglingane og Halvdan Svarte? Kvifor blir Halvdans lik delt opp i nokre av sogene?

Mykje tyder på at Snorre har brukt «Fagrskinna» B i arbeidet med soga om Halvdan Svarte. Mellom anna fortel begge verka om nautbrunn på Randsfjorden. Men han utvidar forteljinga med nokre viktige punkt. Han lar Halvdan ha kongsmakt i Vestfold. Han lar Halvdan lage Eidsivatingslova, som galdt for indre Austlandet. Og han lar Halvdans lik bli delt i fire, og bli hauglagt på Romerike, på Hedmark og i Vestfold. Ingen andre kjelder knyter Halvdan Svarte til Eidsivatingslova, og det er vel lite truleg at dette byggjer på historiske realitetar. Men det understrekar Halvdans plassering til det indre Austlandet.

Den viktigaste skilnaden mellom Snorre og «Fagrskinna» B er oppdelinga av Halvdans lik. Her kan Snorre ha bygt på ein eldre munnleg tradisjon.

Skilnadene mellom Snorre og den yngre «Fagrskinna» A er store. I A er Halvdans andre kone av austlandsk, ikkje dansk opphav. Forklaringa på at Halvdan druknar er ulik. Det kjem ingen stormenn for å få liket, som blir delt i tre delar, ikkje fire delar. Det er ikkje snakk om hauglegging, og gravlegginga skjer andre stader enn i «Heimskringla», bortsett frå Stein. Samla sett er det ingen grunn til å tru at «Fagrskinna» A har brukt Snorres verk. Det er sannsynleg at A byggjer på ein austlandsk munnleg tradisjon, og truleg har Snorre kjent denne tradisjonen, eller delar av den.

Vår kunnskap om ynglingkongane byggjer primært på diktet «Ynglingatal» og Snorres «Ynglingesoga», som er fyrste del av «Heimskringla». Tradisjonelt blir «Ynglingatal» rekna å tilhøyre 800-talet, laga av Tjodolv frå Kvine (i Vest-Agder). Diktet er hovudkjelda for Snorres «Ynglingesoga». Etter Snorre har dei norske ynglingkongane kome frå Sverige vestover til det indre Austlandet. Dei eldre kjeldene lar dette området vere ynglingane sitt maktområde. Men Snorre lar dei etter kvart også få kontroll over Vestfold. Historikaren Claus Krag forklarar denne utviklinga med at seinare norsk historieskriving ønskte å framheve norsk, og ikkje dansk, herredøme frå gammalt av i Vika, området rundt Oslofjorden. Dette er synspunkt som eg deler, og vi ser den same tendensen hos Snorre når det gjeld kristninga av Vika og grunnlegginga av Oslo.

Frå dei skriftlege kjeldene kjenner vi ingen andre eksempel på at eit lik har blitt delt opp for å bli gravlagt på fleire stader. Men «Ynglingesoga» og andre kjelder har mange eksempel på at det var ein viktig eigenskap hos ein konge å gje gode åringar. Frøy, ynglingane sin stamfar, blei dyrka både medan han levde og etter han var død fordi det følgde fred og godt år med han. Det er såleis ikkje noko urimeleg at folk ville ha liket av den årsæle Halvdan Svarte i sitt fylke. Og i samlehandskriftet «Flatøyboka» frå slutten av 1300-talet ser det ut til at det har vore blote til den døde Halvdan.

I vikingtida var storhaugen, anten det var grav i den eller ikkje, eit viktig maktsymbol. Det har truleg vore viktig for Snorre å la Halvdan og dei næraste forfedrane hans bli hauglagde i Vestfold for å markere maktposisjonane der. Samstundes ser det ut til å ha vore ein munnleg austlandsk tradisjon som har lagt vekt på å synleggjere Halvdans tilknyting til det indre Austlandet. Det kan vere denne tradisjonen som har delt opp Halvdans lik, og som Snorre byggjer på.

Det synest klart at denne munnlege tradisjonen bak «Fagrskinna» A har blitt til i kristen tid. Vi merkar oss at A ikkje snakkar om å leggje Halvdan i haug, men om å jorde han. Og A har eit kapittel om Harald Hårfagre som prøver å gjere han til ein kristningskonge. Det er vel tvilsamt om oppdelinga av Halvdan er påverka av relikviekult, for det er elles ikkje noko i tradisjonen om Halvdan som kan tyde på kristen dyrking.

Det blir uhyre spennande å sjå kva utgravinga av Halvdanshaugen vil avdekke. Dersom vi er heldige, vil vi få eit sikrare grunnlag for å vurdere dei ulike tradisjonane om Halvdan Svartes gravlegging, og dermed også Snorres forteljing.

Halvdan Svarte druknar i Røykenvik.