Han endrar vår oppfatning av kva dikt kan vera

Terje Dragseth skaper forbløffande språklege rom.

FORBLØFFANDE: Terje Dragseth har skapt eit stort språkleg rom der me kan oppleva forbløffande ting.

Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet
FORBLØFFANDE: Terje Dragseth har skapt eit stort språkleg rom der me kan oppleva forbløffande ting. Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

• Les intervju med Terje Dragseth her.

ANMELDELSE: «Sitting/holding your eight hands/on the bank of the dry red canal» skreiv den britiske poeten Adrian Henri i eitt av fire små science fiction-dikt som var dediserte til den nyleg avdøde forfattaren Ray Bradbury. Han las dei på ein måte ein aldri gløymer og endra vår oppfatning av kva eit kjærleiksdikt kunne vera.

Science fiction-diktsamlinga «Bella Blu» av Terje Dragseth er enormt omfattande og imponerande og endrar òg vår oppfatning av kva dikt kan vera.

Boka inneheld ei vidopen forteljing som gir rom for tolking og assosiasjonar. 270 sider fulle av forbløffande linjer og formuleringar som svingar seg som akrobatiske regnbogar og syntaktiske romskip i språket.

Vakker, blå planet Ein kan sjå på Bella Blu som eit bilete på vår eigen vakre, blå planet. Då vert undertittelen «Håndbok for verdensrommet» å forstå som ei handbok for rommet me er i. Svevande som me jo er med store stadar, vekslande biotopar, snø, hundar og soldatar. Mangt i boka vert forståeleg innanfor ei slik ramme. Men mykje vert heldigvis verande gåtefullt.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer