Håp for fotballen?

FOTBALL: I dag speles den klassiske kampen mellom FC Barcelona og Real Madrid. Kampen står òg mellom to måtar å sjå fotball og business på.

FOR OSS FOTBALLPATRIOTAR har utviklinga dei seinaste tiåra gått i feil retning på somme område. Økonomane, finanskapitalen og mediemogulane sitt inntog i fotballklubbane har etter kvart gjort sitt til at dei største fotballklubbane i verda har fjerna seg frå grunnfjellet: arbeidarrørsla og dei fattige med sitt engasjement og sitt behov for identitet og tilhøyrsle. Ein fotballstadion er blitt som eit kombinert palass, museum og supermarknad der rike eigarar møter forretningskompanjongar alt medan folk flest ikkje har høve til å sjå favorittane sine korkje på stadion (høge prisar) eller på fjernsyn (betal-TV).

FOR EIT HALVT ÅRS TID sidan var eg sjølv på ein fotballkamp på Real Madrid si heimebane Santiago Bernabéu og opplevde at folk rundt meg rett og slett ikkje hadde hjarte for eller greie på fotball. Dei var der anten som turistar eller for å pleia forretningsrelasjonar. Trufaste fotballsupporterar fortvilte og protesterte. Og fortvilte folk protesterer ofte gjennom valdelege aksjonar. Den fotballvalden som på 1980-talet var retta spesielt mot eit samfunn som ekskluderte og førte folk ut i fattigdom, har no i tillegg «den moderne fotballen» - ein fotball dominert av pengemakta - som skyteskive. Og sidan store delar av den ekte fansen ute i verda ikkje ser seg råd med å gå på fotballkampar, finn ein god del av fotballvalden i dag stad utanfor og gjerne langt frå stadion. Dette er tendensar ein ser klart i ein del store fotballand i Europa (Italia, Spania) og i Sør-Amerika (Argentina, Brasil).

I VÅR DEL av verda har fotballen fram til no representert somme typiske trekk ved våre dagars samfunn: liturgi, katarsis (reinsing) og business. Dei to første elementa er det spesielt fotballfansen og spelarane sjølve som har representert. For mange fotballpatriotar spelar fotballkampane den rolla som religion og teater gjorde i tidlegare tider. No er vi i ferd med å komma i ein situasjon der business er det einaste saliggjerande. Fotballen speglar dette og kampane blir meir og meir like einannan og difor kjedelige, sjølv om det er meir fart og kraft i dagens fotball enn for berre nokre få tiår sidan. Men jakta etter profitt gjer at ein for kvar ein pris må vinna, utan omsyn til kva brutale midlar ein tar i bruk.

DET VI ALT HAR omtala som «den moderne fotballen», kan eksemplifiserast gjennom Real Madrid sin innkjøpspolitikk dei seinaste åra. Då Florentino Pérez mot alle odds blei valt til president i Madrid-klubben i 2000 tok han til å føra ein konsekvent bedriftsøkonomisk modell. Hausten 2001 blei det gitt klarsignal til at Real Madrid kunne selja sitt treningsområde Ciudad Deportiva etter at det dåverande regjeringspartiet, det høgreorienterte PP (Partido Popular), hadde pressa på for at Real Madrid skulle få litt orden att i økonomien. Og som ved eit trylleslag gjekk klubben frå å vera den mest forgjelda klubben i verda (2000) opp på andreplass på lista som Deloitte og Touche utarbeidde for dei rikaste klubbane i verda ved utgangen av 2001.Den økonomiske modellen til Real Madrid er på mange måtar løyst frå dei sportslege resultata. Dei aller seinaste åra er det minimalt det klubben har å visa til av resultat på fotballbana. I staden har klubben kjøpt inn stjerner som sel drakter og skaffar sponsorar i mangemillionarklassen. Dei etablerte spelarane har sopt inn pengar til Real Madrid, mykje meir på grunn av ting dei gjer utanfor sjølve stadion og i nokon mon takk vera sportslege prestasjonar frå tida før dei kom til klubben. Ein David Beckham har ikkje tilført laget sitt noko som helst fotballmessig, men har i høgste grad gjort sitt til at Madrid-klubben ligg øvst på Deloitte si liste for sesongen 2005-2006 med ei samla inntekt på 292,2 millionar euro.

FOR REAL MADRID sine spelarar er merkevara Real Madrid ikkje så viktig som den merkevara spelarane sjølve har opparbeid seg (eks. Beckham). Kontrasten til FC Barcelona kan ikkje bli større. Denne klubben har heilt sidan slutten av 1960-talet vore merkevare for den regionale rørsla i Catalonia. Det er ikkje for ingenting at katalanarane utbasunerer på katalansk «Barça - més que un club» («Barsa - meir enn ein klubb»), for FC Barcelona er saman med det katalanske språket identitetsmarkør for katalanistane.Også den økonomiske modellen til FC Barcelona er radikalt ulik den vi har skildra for Real Madrid. Då Joan Laporta overtok i presidentstolen i Barsa i 2003, lovde han å føra klubben ut or den sportslege og økonomiske ørkenvandringa frå åra før. Fotballspelet blei sett i høgsetet og det blei satsa på den attraktive fotballen med Ronaldinho - sidan også Eto\'o og Messi - som kvalitetsmerke.Barsa sin økonomiske modell kombienerer den spektakulære fotballen med sosialt engasjement. Det er blitt mykje publisitet om einskildspelarar som sponsar sosiale og sportslege aktivitetar i heimlandet: Eto\'o i Kamerun, Messi i Argentina og Ronaldinho, Edmilson, Sylvinho og Belletti i Brasil.Også på klubbnivå blir den sosiale profilen framheva, i denne klubben som framleis er i medlemmenes eige (motsett slik det er til dømes i England). Fram til hausten 2006 hadde ikkje FC Barcelona hatt draktsponsor, men det året fann leiinga ut at klubben skulle framstå som ein humanitær klubb. Barsa skreiv under ein kontrakt med FN sitt barnefond, Unicef, som fører med seg at klubben no har Unicef ü og ingen ting anna ü som draktreklame. Men i staden for å få betalt for reklamen, som er det vanlege, har FC Barcelona forplikta seg til å gi Unicef 0,7 % av sine årlege inntekter, det vil seia opp mot 2 millionar euro årleg viss ein tar utgangspunkt i tala for 2005-2006, då klubben hadde 259,1 millionar euro i inntekter. Barsa sine bidrag til Unicef er øyremerka humanitære prosjekt innan barnefondet.

EIN DEL kommentatorar har hevda at FC Barcelona gjer noko som ikkje lèt seg gjera i lengda og at klubben lever farleg ut frå ein rein bedriftsøkonomisk tenkemåte. Gladfotballen har i alle fall ført til at inntektene for sesongen 2005-2006 er blitt dobla i høve til sesongen 2002-2003. I inneverande sesong kan klubben nå 300 millionar euro i inntekter. Dei einaste illevarslande teikna for Barcelona-klubben sitt rekneskap er ei gjeld på 186 millionar euro, men i leiinga i Barsa reknar ein med å sletta denne gjelda innan utgangen av år 2010.Real Madrid og FC Barcelona representerer to ulike kulturar, to ulike forretningsmodellar og to ulike måtar å kombinera fotball og business på. Kan Barsa sin modell slå rot andre stader, eller eignar den seg berre for ein storklubb med sportsleg suksess? For dei av oss som set den gode fotballen, og ikkje økonomien, på førsteplass, kan det vera vel verdt å studera korleis FC Barcelona i våre dagar steller seg både på det økonomiske og idrettsideologiske planet. Og kan henda vil Barsa sin modell prioritera grunnplanet i fotballen - den verkelege fansen - meir enn næringsliv og finanskapital?