LEITER ETTER GARBORGSKE DIKT: Diktkammeret ved diktlærar Helge Torvund og Garborgsenteret inviterer til diktkonkurranse i Arne og Hulda Garborgs ånd: «Mot til å meina! Styrke til å skapa!» Ein jury vil plukka ut ein diktar som får koma til opninga av Nasjonalt Garborgsenter i slutten av mai. Foto: FREDRIK WANDRUP
LEITER ETTER GARBORGSKE DIKT: Diktkammeret ved diktlærar Helge Torvund og Garborgsenteret inviterer til diktkonkurranse i Arne og Hulda Garborgs ånd: «Mot til å meina! Styrke til å skapa!» Ein jury vil plukka ut ein diktar som får koma til opninga av Nasjonalt Garborgsenter i slutten av mai. Foto: FREDRIK WANDRUPVis mer

Har du mot til å skapa eit dikt?

Nå skjer det noko uvanleg her. Nå går Diktkammeret saman med Nasjonalt Garborgsenter og utlyser ein diktkonkurranse som du kan vera med på.

Av Helge Torvund

Diktkonkurransen er open både for ungdom og vaksne, altså for deg på Diktkammeret, for dei på Skolekammeret og for alle andre. Ein jury der Diktlæraren og representantar for Garborgsenteret er med, vil plukka ut eit dikt og ein diktar som får koma til opninga av Nasjonalt Garborgsenter på Bryne i slutten av mai og lesa opp diktet sitt.

Opninga på Garborsenteret vert ei storhending. I dei flotte lokala midt i Bryne sentrum tek nå ei spennande og nyskapande utstilling form. Den vil vera ei hylling til Hulda Garborg og Arne Garborg og deira imponerande arbeid innanfor litteratur og samfunnsliv. Begge skreiv og arbeidde på ein måte som sette sitt preg på samtida og ettertida og viste eit mot til å gå sin eigne vegar og ei evne til å skapa og setja i gang ting som har hatt mykje å seia for mange av oss. Fordi Garborgsenteret vil vera eit levande senter for skaparkraft, høver det godt å løfta fram noko av det som vert skrive denne våren. Den antiautoritære haldninga som Arne og Hulda stod for og det uttrøyttelege arbeidet dei utførte for det dei trudde på, er samanfatta fint i desse orda:

Mot til å meina, styrke til å skapa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å skriva trass i motgang
At Hulda Garborg gjorde ein stor innsats for å samla inn pengar og starta opp Det Norske Teatret visste du kanskje, men visste du at tjue tusen menneske gjekk ut i gatene og demonstrerte mot den nynorske scenen? At det vart knust ruter, kasta stinkbomber og starta slagsmål? Trass motgang og lite forståing for mykje av det ho gjorde og skreiv, arbeidde ho vidare og publiserte ei mengd bøker.

At Arne Garborg har skrive den gripande og vakre diktsyklusen Haugtussa, det visste du sjølvsagt, men visste du at han fekk sparken som Riksrevisor fordi han skreiv om seksualitet og prostitusjon? At Garborg var viktig for ein nynorsk litteratur veit me, men visste du at han introduserte store tenkjarar som Friedrich Nietzsche og Leo Tolstoj for eit norsk publikum?

Få alt på G
Me på Skolekammeret og Diktkammeret tykkjer det er heilt på sin plass å vera med på å løfta fram desse viktige forfattarane ved å gå saman med Nasjonalt Garborgsenter om ein diktkonkurranse denne våren. Oppfordringa til dykk famnar vidt og fritt:

Skriv eit dikt som på eitt eller anna vis har samanheng med eller utgangspunkt i dette:

«Mot til å meina! Styrke til å skapa!»

Nynorsk er ikkje eit krav, og juryen vil leite etter det dei kan einast om er det beste diktet. Skriv på den målforma du kan best!

Anten du er med på Skolekammeret eller Diktkammeret, skal diktet leggjast inn på vanleg måte, men bare på Diktkammeret. Marker at diktet skal vera med i konkurransen ved å setja ein stor G i parentes etter tittelen, slik: (G). Dikta må vera lagde inn på Diktkammeret før klokka 24:00 natta til 1. mai.