Har eg sagt ja til å skrive 12 timar lang teatertekst?

Vi fikk brev av Jon Fosse i dag morges.

SKRIVER IKKE: Jon Fosse fastslåt at han ikke vil skrive så langt som det hevdes. Foto: ERLING HÆGELAND/DAGBLADET
SKRIVER IKKE: Jon Fosse fastslåt at han ikke vil skrive så langt som det hevdes. Foto: ERLING HÆGELAND/DAGBLADETVis mer
Meninger

Det blir sagt, har det nådd meg, at eg har sagt ja til å skrive ein tolv timar lang versjon av Edda-diktinga.

Det har eg aldri gjort. Og det kjem eg aldri til å gjera.  

Eg har vorte spurt om å samarbeide med den belgiske regissøren Luc Perceval om ein teaterversjon av Edda-diktinga. Luc ser føre seg ein tolv timars versjon. Men utan å vera klar over at det knapt nok er tekstmateriale for slik lengd på ei førestelling. Noko eg meiner at det ikkje er.

Etter mitt skjøn er det materiale til ei heilaftans framsyning, ikkje meir. Og mitt manus kjem til å bli på nærare hundre sider enn på minst tusen. Og det kjem til å byggje på Den eldre og den yngre Edda. Eit par hundre tekstsider, om lag halvparten på vers.

Om andre meiner noko anna, og det er mogeleg å få til ei så lang framsyning, så gleder det meg. Men då får andre enn eg skrive det meste av manuset. Og då må ein nok også gå utanom Edda-diktinga for å finne tekstgrunnlag, til dømes til sagalitteraturen. Men dei delane får i så fall andre skrive.

Jon Fosse

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.