MUSLIM: Hva vil det si å være muslim i dag?   Foto: Shutterstock / NTB Scanpix
MUSLIM: Hva vil det si å være muslim i dag? Foto: Shutterstock / NTB ScanpixVis mer

Har muslimar lov til å vere kjærastar? Er oralsex lov? Er analsex lov?

Det er ikkje alltid lett å vere muslim. Det er heller ikkje alltid lett å vite kva det vil seie å vere ung, norsk og muslim i Noreg i dag. 

Meninger


For nokre somrar sidan var eg på veg heim frå jobb. Det var ein perfekt Oslo-sommar. Klar himmel, steikande sol og innimellom flau vind. Eg kom ut av t-banestasjonen på Furuset i Oslo, gjekk forbi den slitne tiggaren som sat der med koppen sin, forbi busshaldeplassen på skakke, forbi sjukeheimen, den høge gule bygninga der dei gamle held til. Inn mellom dei brune blokkane.

Med eit brak kom tre jenter i full fart ut frå ein av oppgangane. Utan å ense meg sprang dei forbi og bort til leikeplassen, der ei av dei hoppa opp i huska og svinga så høgt ho kunne. Dei var kanskje ti år gamle. Eg tenkte ikkje så mykje på det den gongen, men jentene hadde på seg hijab, minnest eg – utan at den kom i vegen for leiken. Og ærleg tala brydde det meg ikkje særleg heller.

Denne teksten er hentet fra siste utgave av tidsskriftet Syn og Segn.

Men i dag bryr eg meg. Litt fordi hijaben er noko av det første eg tenkjer på når eg skal sjå for meg ein ung muslim, i alle fall ei kvinne, og det seier vel alt om kor påverka også eg har blitt av negative haldningar til muslimsk kultur. Eg som ser på meg sjølv som oppegåande og opplyst. Fordomsfri og inkluderande. Kva slags førestillingar sit dei med, dei som kanskje aldri har møtt ein muslim før?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg vil tru dei sit med ei førestilling lik den eg hadde da eg 17 år gammal og første – og einaste – gong reiste til Sygna vidaregåande skule i Balestrand i Sogn og Fjordane, ein stad like eksotisk for meg som Lahore er for dei fleste av dei etnisk norske vennane mine. Sygna vidaregåande skule er ein kristen internatskule der dei fleste av elevane bur på skulen. Eg drog dit i samband med eit prosjekt eg var så heldig å få vere med på. Før vi drog, blei vi fortalt noko som vi forstod på denne måten: Balestrand er ein avkrok utan noko særleg tilbod. Skulen er kristen, og dei (litt uklart kven «dei» var) er konservative. Ja, og så har dei nok ikkje møtt utlendingar før.

Da vi gjekk av bussen utanfor skulen i Balestrand, og møtte fleire av elevane, var så å seie alle kvite som snø. Det var som å lande på Svalbard og sjå ut i eit kvitt landskap. Ein av dei var rett nok svart som natta. Adoptert frå ein eller annan stad i Afrika, men norsk på alle måtar ein kan vere norsk på. Han snakka til og med ein dialekt som for oss høyrdest urnorsk ut.

Staden var verkeleg ein avkrok. Det var ein pub i heile bygda. Og som alle veit: Grad av urbanitet kan målast i tal etter kor mange stader som serverer alkohol og kaffi. Vi stakk innom for å sjå, sidan puben var på sightseeing-ruta som slutta før ho byrja. Elles var det nokre hus der, ein butikk, men ikkje stort anna.

Det var sjølvsagt masse natur, men vi var 17 år gamle, og dreit i omgivnadene. Nokre av elevane, dei nye vennane våre, fortalde at dei ikkje gjekk på puben. Dei måtte vere på romma sine klokka ti kvar kveld. Vi lærte mykje om dei kristne på Sygna. Dei fleste på skulen var kristne, eller hadde foreldre som var det. Nokre var såkalla misjonærbarn, plassert på skulen medan foreldra var i andre avkrokar av verda for å frelse menneske.

Vi lærte at dei ikkje fekk lov til å danse på skulen. Vi var sjokkerte. Kva var gale med å danse? spurde ein av oss. Ei av jentene svarte, på fullt alvor, for vi kunne sjå i auga hennar at ho trudde på det ho sa, at dansen kunne føre deg ut i synda. Så blei det stille ei stund, og vi såg på kvarandre og tenkte er dei galningar. Vi fekk også sjå korleis dei budde, to og to på relativt små rom. Inne hjå nokre gutar blei vi til og med tilbydd portvin. Eg takka høfleg nei, det same gjorde dei andre, og portvinsflaska forsvann under senga ein stad. Vi lærte at gutane innimellom drog på visitt til jentene, etter leggetid, sjølv om det ikkje var lov, men ingen sa noko om at dei dansa eller gjorde noko anna syndig.

Litt etter litt fann vi vel ut at dei ikkje var så rare likevel, at også dei ville prøve nye ting, som alkohol og dans. Og sex. Ja, at dei var som oss.

Det finst like mange måtar å vere muslim på som det finst muslimar. Å generalisere er ei enkel oppgåve, men ikkje alltid like treffsikkert. Likevel kan vi snakke om ei førestilling og eit stereotypt bilete av muslimen, ein klisjé som er skapt, og som blir halden ved like gjennom forteljingar, og av media.

Til dømes førestillinga om den muslimske mannen. Han er sjølvsagt konservativ, kvinneundertrykkande og skjeggete. Men eg er også muslim, og i spegelen på badet kvar morgon ser eg berre eit trøytt andlet. Flisene er kalde, lyset skarpt, og det einaste eg klarar å tenkje på, er om eg kjem til å kome fram i tide til undervisinga. Det pleier gå akkurat, heldigvis.

I kvardagen tenkjer eg ikkje så mykje på korleis førestillingane om muslimane blir presentert, og kva som blir sagt, men eg får som regel ein irriterande kløe kvar gong ein muslimsk mann uttalar seg i media, eller deltek i ein debatt. Han har som regel skjegg, og han må som regel forsvare bruk av hijab eller krav om bønnerom eller unnskylde seg på vegner av vanvitig mange. Som om journalistar og researcherar til TV-program leitar med lys og lykter etter skjeggete muslimar.

No er det ikkje noko gale i å ha skjegg. Opp igjennom historia har menn det meste av tida hatt skjegg, anten dei var greske filosofar, tempelriddarar, arabiske vitskapsfolk eller moderne hipsterar. Men når ein ser muslimske menn på TV, og dei som oftast har skjegg, kan ein jo etter kvart byrje å tru at alle muslimske menn ser slik ut. Sjølv muslimske menn kan kanskje byrje å tru at alle andre muslimske menn òg har skjegg, og difor lèt dei skjegget gro, alle som ein – slik at det heile til slutt blir ein sjølvoppfyllande profeti. Men kva veit eg. Sjølv held eg meg til barten. På punjabi seier ein much nei te kuch nei, som tyder noko slikt som: «Har du ikkje bart, er du ingenting.»

Det kan verke som ei enkel forklaring, men ting treng ikkje alltid vere meir kompliserte. I den enkle forklaringa ligg det sjølvsagt forventningar om kva det vil seie å vere muslim, forventningar frå samfunnet, frå familie og vennar, og frå ein sjølv, eins eige samvit så å seie. Nettopp samvitet kan vere ein god venn, ei rettesnor i det moralske landskapet, eller din verste fiende.

Som barn er ein kanskje meir utsett for å utvikle dårleg samvit viss ein gjer eller tenkjer noko ein ikkje har lov til, til dømes ifølgje religionen, enn når ein er vaksen. Men vaksne kan også ha dårleg samvit over å vere det dei kallar «dårleg» muslim. Mitt første minne av å ha dårleg samvit er frå barneskulen. Eg hugsar ikkje når på året det var, men det var under fastemånaden ramadan. Det var ein av dei første gongene eg fasta, mest fordi eg ville gjere som dei vaksne, og fordi eg fekk kefir med masse sukker før soloppgang.

Uansett, den dagen var det eit arrangement på skulebiblioteket, og vi fekk bollar. Eg åt, eg drakk til og med safta vi fekk servert i store mjølkeglas. Først etterpå kom eg på at eg eigentleg fasta. Eg blei usikker, sidan engsteleg. Kva ville skje no? Kva skulle eg gjere? Eg lukka auga og bad om tilgiving, håpa på det beste. Eg sa ingenting heime, det torde eg ikkje. Eg tenkte vel at Allah forstod; eg hadde jo ikkje gjort det med vilje!

For nokon forsvinn det dårlege samvitet når dei blir ungdommar. Nokon gjer ting som ikkje er «lov», andre att er nærare trua og følgjer reglane meir slavisk. Ei ung muslimsk jente eg har snakka med, trekkjer fram samvitet fleire gonger når ho snakkar om å vere god muslim.

Sara er 16 år og går første året på vidaregåande skule. Foreldra hennar er frå Pakistan, sjølv er ho fødd i Noreg. Sara beskriv seg sjølv som positiv og blid, ei som bryr seg om andre, og som vil gjere det bra på skulen. Ho seier ingenting om at ho er muslim, men når eg spør eksplisitt, svarer ho: Sjølvsagt, eg er ein stolt muslim. Sara held fram og fortel at det kan vere vanskeleg å bu i Noreg og samstundes følgje islam best mogeleg. Når ein er ung, er alt veldig freistande, seier Sara.

bbEg spør kva som kan vere freistande. Ho tenkjer seg om litt. Kvardagslege ting eigentleg, seier ho. Klede til dømes, å vise kroppen, å halde seg unna det som er haram, som alkohol, sex før ekteskapet. Men ho legg til at ho synest det er til det beste for henne å halde seg unna slikt. Sara seier at ho trur Koranen er ein god rettleiar for menneska, sjølv om ein del folk meiner islam er ein streng religion.

Vi snakkar i godt over ein time. Sara har opplevd å vere på fest og bli utsett for drikkepress. Eg tek det for gitt at det var frå etnisk norske vennar, men faktisk var det andre norsk-pakistanske vennar som ville ha henne til å drikke. Sara fortel at ho var i tvil, men landa på at ho ikkje hadde samvit til å gjere det, som muslim. Ho kunne ikkje. Sara føler også at ho ikkje er ein god muslim fordi ho ikkje går med hijab. Eg vil vise fram håret mitt, eg er ung, så eg kan ikkje vere ein perfekt muslim no, seier ho. Sara har også høyrt at det er påbode å bruke hijab, men er usikker, ho veit ikkje godt nok kva som står i Koranen. Men når ein kjem nærare Allah, så kvifor ikkje, seier Sara om å bruke hijab. Sjølv vil ho kanskje bruke det når ho blir eldre, men er ikkje sikker.

Som ungdommar flest er også Sara usikker. Men ho har nokre tankar om kva det vil seie å vere ein god muslim, og gir relativt klart uttrykk for at ho ikkje ser på seg sjølv som ein god nok muslim akkurat no. Samstundes har ho håp om å bli det ein gong i framtida, når ho blir eldre. Ein måte å gjere det på vil vere å ta på seg hijab. Det kan vere fordi fleire og fleire unge muslimske jenter går med hijab. Nokre til og med mot foreldra sin vilje.

Kan hende trur Sara at ho er ein betre muslim om ho bruker hijab, fordi muslimske kvinner i media som regel har hijab, nett slik muslimske menn i media har skjegg? Sjølv om minoritetar slepp meir til i media, er ikkje biletet av muslimen mangfaldig nok. Ein kan lure på kvifor det er slik. Kvifor er det ikkje fleire og ulike muslimske stemmer i offentlegheita? Og kvifor er det ikkje fleire muslimar i offentlegheita som er ueinige med kvarandre i religiøse spørsmål?

Ellen Reiss har i reportasjeboka Søstre (2011) intervjua ulike unge muslimske kvinner om å vere ung muslim. Ei bra bok for ein som vil lære litt meir om kva muslimske kvinner tenkjer. I boka snakkar fleire av dei om forelsking, om å finne ein å dele livet med. Fleire, eller alle, kan bli kalla for muslimske feministar. Kvinner som vil frigjere seg sjølv og systrene sine, åndeleg og intellektuelt. Men ingen snakkar om å frigjere kroppen. Det kan vere fordi ein ikkje skil mellom sinnet og kroppen. Fleire muslimske kvinner fortel at dei norske feministane har svikta dei. At dei synest etnisk norske kvinner ikkje kjempar saman med dei. Eg har sjølv vore vitne til at kvinner undertrykkjer kvinner, så å frigjere sinnet, til både kvinner og menn, vil vere ei indirekte frigjering av kroppen. Ei frigjering som gir kvinna rett til å bestemme over eigen kropp.

Dei fleste religionar handlar ikkje berre om å tru, men også om å gjere. Islam er ikkje noko unntak. Vi muslimar har ei rekkje kroppsleg-åndelege praksisar som manifesterer at vi er muslimar. Vi ber (skal i alle fall) fem gonger om dagen. Bønna er i seg sjølv praktisk og kroppsleg, ein ber med kroppen, samstundes som ein resiterer utdrag frå Koranen og andre bønner. Vi fastar, avstår frå mat og drikke, avstår frå sex, for å disiplinere kroppen og skjerpe ånda. Å la skjegget gro er også ein slik kroppsleg praksis. Det same å ta på seg hijab. For nokre blir handlingane viktigare enn trua. Når eg les på ulike nettforum der unge muslimar stiller spørsmål, og meir eller mindre kunnige folk svarer, er langt dei fleste spørsmåla om kva som er lov eller ikkje. Er det lov for ein kristen mann å gifte seg med ei muslimsk kvinne? Kva skal ein gjere viss ein ikkje får fasta under ramadan? Kva skal ein gjere viss ein ikkje får utført bønna? Har muslimar lov til å vere kjærastar? Er oralsex lov? Er analsex lov? Eg er forelska, kva seier islam om det?

Alle unge er usikre. Det er ikkje noko spesielt for muslimsk ungdom. Men der etnisk norske ungdomar ofte finn ut av det eine eller det andre gjennom å prøve seg fram, gjennom å erfare, får muslimsk ungdom kanskje ikkje den same erfaringa. Dei søkjer svar i religionen, det som i deira oppvekst har vore den eine og kanskje viktigaste moralske rettleiaren. Enkle svar på kompliserte spørsmål kan vere forlokkande. Det trur eg vi alle kan vere einige om, viss vi tenkjer etter. Men i ei kompleks verd kan enkle svar på vanskelege spørsmål også vere farlege. I staden for ei mengde av nyansar av grått kan verda bli svart eller kvit. Menneska gode eller vonde. Handlingar riktige eller galne. Nokre handlingar er og blir galne, sjølvsagt. Det er gale å drepe. Det er gale å stele. Men er det gale å bli glad i nokon? Er det gale å vilje kjenne varmen frå kroppen til den ein elskar? Må ein vere gift for å kunne vere saman?

Det er ikkje noko gale i å føle. Å kjenne det krible under huda. Å kjenne varmen breie seg, frå hjartet, frå det indre. Å kjenne lysta kome, auke og ta over. I antologien Rosa prosa (2006) skriv unge norske kvinner om å kjenne på lysta, og om å gjere noko med henne. Boka er ti år gammal, tekstane i hovudsak skrivne av kvite kvinner. I seg sjølv er ikkje det viktig. Men ein tenkjer jo på kven som fortel, og kva for historier som blir fortalt. Forteljinga om den muslimske kvinna derimot er alltid forteljinga om tvang og ufridom. Forteljinga om den muslimske kvinna handlar om vald, ikkje lyst. Hennar forteljing er på mange, eller alle, måtar orientalistisk.

Men det finst andre forteljingar, til dømes den Rabiah fortel. Ho er 21 år gammal, fødd i Pakistan. Ho flytta til Noreg i byrjinga av tenåra. I dag er ho student. Rabiah har vore forelska fleire gonger, og fortel at det er ein fantastisk følelse. Andletet hennar lyser opp når ho fortel om kjærasten. Ho blir både flau og glad, og smilet varer lenge. Ho hadde ein kjærast da ho gjekk på vidaregåande. Dei pleidde å snike seg unna, finne seg ein krok der dei kunne sitje for seg sjølv, vere nær kvarandre, lukte kvarandre, røre ved kvarandre, kysse. Det er ein god følelse, seier ho. Men ho fekk også dårleg samvit, ein følelse av at ho var utru, mot foreldra, mot Gud, og dimed mot seg sjølv. Det måtte jo vere gale, sidan dei måtte gøyme seg. Sidan dei måtte snike seg unna, lyge. Så ville han gjere meir, fortel ho. Og eg ville meir eg òg, men kunne ikkje.

Rabiah fortel at ho tenkte på foreldra sine, at det ikkje hadde vore riktig overfor dei, og heller ikkje riktig overfor Gud. Ho hadde lyst, men ikkje samvit. Kanskje også ho fekk høyre om dei to englane som barn. Dei to som følgjer kvar og ein av oss, på kvar si aksel, og skriv ned alt vi gjer. Engelen på høgre aksel skriv ned alle gode gjerningar, medan engelen på venstre aksel skriv ned alle dei vonde gjerningane våre. Så når endetida kjem, og vi skal svare for oss, vil dei gode og vonde gjerningane våre bli vegne. Først etter det blir det avgjort om vi kjem inn i himmelriket. Kanskje Rabiah fekk høyre om dei to englane som barn, og sidan da har vore ekstra var, heile tida, overalt.

Det går nokre månader til vi treffer kvarandre igjen. Ho er blid som vanleg, avslappa. Ho verkar komfortabel, i verda, som seg sjølv. Eg spør korleis det går med kjærasten. Vi er ikkje saman lenger, fortel ho. Det fungerte ikkje, men eg er ikkje lei meg, legg ho til. Vi kjøper kaffi og set oss. Samtalen går lett, om livet og kvardagen. Studia. Rabiah fortel at ho kjenner på lysta, men at ho samstundes skammar seg. Ho har aldri onanert, aldri kjent sin eigen kropp, og forklarar det med at ho ikkje vil miste møydomen. Rabiah har høyrt at ein skal blø når ein har sex, og ho er redd for ikkje å blø på bryllaupsnatta. Eg fortel henne at ikkje alle blør, og håper det kan vere ei trøyst. Ein skulle ikkje tru at ei vaksen kvinne tenkjer slik, men skamma kan sitje langt inni kroppen, lenge, og det er rart at nokon skal engste seg for kva eins eigen kropp kan gjere, eller ikkje gjere.

Rabiah kjenner på lysta, kroppen hennar kjenner på lysta og reagerer, men ho ber på ei skam, og har det ein kan kalle angst for kva som kan skje om ho skulle følgje lysta. I staden for å bli kjent med lysta fryktar Rabiah. Ho ber ikkje hijab, ho trur på Allah, men kneler ikkje fem gonger om dagen. Ho tek utdanning, jobbar på fritida, går ut med vennar, av båe kjønn. Ho er ikkje slik biletet av muslimske kvinner ofte er. Ikkje undertrykt, ikkje ufri. Ho har alle mogelegheiter, men er likevel fanga i ei moralsk usikkerheit. Fanga i konvensjonar og tankar forma for å kontrollere kvinner, i både kropp og sinn. Menn set grenser for kvinner. Fedrar fortel døtrer kva dei kan og ikkje kan gjere. Ektemenn fortel konene sine. Men også mødrer. Også mødrer fortel døtrene sine: Ikkje kjenn din eigen kropp. Ikkje gi etter for lysta. Ikkje treff menn. Ikkje sjå menn. Ikkje la vere å blø på bryllaupsnatta når ektemannen din penetrerer deg for første gong. Og ingen har fortalt deg kva du skal gjere, kva du skal kjenne, kva du skal føle. Ikkje gjer noko, ikkje sei noko, ikkje eksister. Men kva er religion, og kva er kultur?

Fridom dreier seg ikkje nødvendigvis berre om å kle av seg. Fridom er ikkje nødvendigvis å posere i magasin i minst mogeleg klede. Fridom treng heller ikkje vere å pule rundt. Nokon seier at ei muslimsk kvinne må kaste hijaben for å bli fri. Men må ho eigentleg det? Frie muslimske kvinner er vel også frie til sjølve å bestemme om dei vil gå med hijab eller ikkje? Dei som krev slikt, er like ekstreme og kvinnefiendtlege og svart-kvite i si oppfatning av kvinnekroppen som dei som forfektar det motsette: at kvinna må gå med hijab. At ho må dekkje til hovudet og håret, eller i endå meir ekstreme tilfelle, andletet. Ei kvinne med hijab kan vere fri, ho kan til og med vere meir fri enn kvinna som viser fram brysta i manneblad.

Kanskje har vi i Noreg eit for snevert blikk for kva fridom i røynda er? Å vere fri for angst, fri for dårleg samvit over noko som bør vere naturleg. Å vere fri til å kjenne seg sjølv. Vere fri til å vere menneske. Dette bør vere teikn på fridomen. Men mange unge muslimar, kvinner og menn, har ikkje denne fridomen. Nokon innrettar seg, følgjer normene. Andre gjer motstand, bryt ut. Andre igjen lever dobbeltliv. Eitt som muslim, eitt som andre jamgamle ungdommar.

Eg hugsar første gong eg oppdaga at verda ikkje alltid er slik ho gir seg ut for å vere. Tidleg i tenåra, framleis godtruande, oppdaga eg at ein ikkje blir from av å la skjegget gro eller dekkje til håret med eit klede. Eg pleidde å henge på den lokale kiosken, og var godt kjent med eigaren. Ein dag, da det var stille, bad han meg om å passe butikken. Han forsvann opp trappa til lageret. Tida gjekk, og han kom ned over ein time seinare. Like etter kom ei ung kvinne, med hijab på hovudet og ei veske over aksla, ned trappa. Ho smilte til han og gjekk. Han sette seg på ein stol og tente ein røyk. Såg på meg og smilte lurt. Han sa ingenting, men det trong han heller ikkje. Eg var gammal nok til å skjønne kva som hadde skjedd rett over hovudet på meg.

Det har etter kvart blitt vanleg at nokre muslimske ungdommar lever dobbeltliv. Kvinner meir enn menn, fordi dei som regel må følgje eit strengare normsett enn menn. Mange norsk-pakistanske familiar ser Bollywood-filmar, kjærleikshistorier fulle av klisjear, der to unge forelskar seg, blir motarbeidde, men får kvarandre til slutt. Samstundes får ikkje dottera treffe gutar, ikkje bli forelska. Sjølvsagt er det ikkje slik for alle, men ei ufri kvinne er ei for mykje.

Awa er 25 år og student. Ho fortel at ho har vakse opp i ein heim der ho og søskena hennar har kunna stille spørsmål og få svar. Det at dei stilte spørsmål, gjorde at foreldra sjølv måtte setje seg inn i religiøse spørsmål. Mogelegheita til å stille spørsmål gjorde oss meir nysgjerrige på religionen vår, ikkje meir kritiske, seier Awa. Ho tenkjer at mange ikkje har same mogelegheit til å spørje, til å vere nysgjerrige, og at dei berre utfører religiøse ritual utan å forstå kvifor dei gjer det dei gjer. Awa fortel om ei ungdomstid med mykje forvirring. Om motstridande forventningar heime og ute. Om at det kan vere vanskeleg når alle rundt deg lever eit anna liv enn det du sjølv gjer.

Så korleis er det å vere ung muslim i Noreg i dag? Det omfattar alt som er nemnt her, og mykje meir. Det er kanskje ikkje svara som er viktige, men at vi stiller spørsmålet. Ikkje for å få eit riktig svar, men for å forstå. For verda er korkje svart eller kvit, og ein muslim er ikkje alltid ein muslim slik du kanskje trur, men så mykje, mykje meir.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook