FAST PRAKSIS: Det er fast praksis for at skiftande regjeringar gjennomgåande ikkje deler regjeringsnotat med nokon, heller ikkje Sivilombodsmannen, skriv innsendaren. Foto: NTB Scanpix
FAST PRAKSIS: Det er fast praksis for at skiftande regjeringar gjennomgåande ikkje deler regjeringsnotat med nokon, heller ikkje Sivilombodsmannen, skriv innsendaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Innsyn:

Har Sivilombodsmannen rett til å sjå regjeringsnotat?

Slike dokument har vorte utlevert til Sivilombodsmannen i særskilde tilfelle. Men dette har skjedd utan at det låg føre ei plikt til å gje innsyn.

Meninger

Dagbladet skriv 4. september at om Justis- og beredskapsdepartementet får det «som det vil», skal ikkje Sivilombodsmannen «lenger» få tilgang til regjeringsnotat (r-notat). Problemet er berre at dette ikkje er ein rett han har i dag.

Statsrådar deler r-notat med sine regjeringskollegaer slik at dei kan ha ærlege politiske drøftingar i fortrulege møte.

Slike notat er ikkje ein del av ei sakshandsaming som fører til forpliktande vedtak. Forpliktande vedtak blir treft anten av Kongen i statsråd eller av departementa. Forvaltninga pliktar i alle tilfelle å gje opplysningar til Ombodsmannen om det faktiske grunnlaget for ei avgjerd, omsyna avgjerda er bygd på og den reelle grunngjevinga for avgjerda som er treft.

Det er fast praksis for at skiftande regjeringar gjennomgåande ikkje deler regjeringsnotat med nokon, heller ikkje Sivilombodsmannen. Lovframlegget handlar såleis om ei lovfesting av det som alt gjeld.

I høyringssvaret har Sivilombodsmannen heller ikkje protestert mot at det finst ein slik praksis. Men han meiner at denne praksisen gjev eit svakt juridisk grunnlag for å nekte han innsyn. Rett nok har slike dokument frivillig vorte utlevert til Sivilombodsmannen i nokre heilt særskilde tilfelle. Men dette har skjedd utan at det låg føre ei plikt til å gje innsyn.

I eit velfungerande demokrati er openheit viktig. Både av prinsipielle og praktiske årsaker er det likevel svært viktig at regjeringsmedlemmar kan møte kvarandre med motførestillingar i fortrulege møte, før ein landar på eit felles standpunkt. Dette vil bli svært krevjande å gjennomføre dersom r-notat skal delast med omverda.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.