Hardcore, my ass

NORSK FILM: Om det kunstnarlege nivået treng skjerping, ligg kanskje ikkje ansvaret først og fremst hos Trond Giske?

Film- og tv-folket kranglar. Denne gongen er det det samfunnsengasjerte dramaet som vert nytta som rambukk i ordskiftet. Som om sosialt engasjement nokon gong har vori garantist for kvalitet. Men det er kanskje underordna. Det er pengane dei er ute etter; ingen kvalitetsdebatt.

DET SOM KUNNE vorti eit interessant ordskifte om kva vi fortel historier om og korleis vi gjer det, ser ut til å koke bort i finanseringskålen. Dramasjef i NRK, Hans Rossiné, vil ha filmpengar og filmfolket blir sinte, medan Rossinés idé om hardcore tv-dramatikk får ligge heilt i fred. Det er kanskje best for NRK? Som filmregissør Erik Richter Strand tørt og korrekt peikar på, er ikkje hardcore akkurat den termen som dekkjer NRK si dramasatsing best. Like vel meiner Rossiné norske filmar er daffe og at han kan rette på det, filmprodusent Asle Vatn meiner NRK må skjerpe seg sjølv først, direktør for Filminstituttet, Vigdis Lian, minner om at vi har mange flinke folk - ikkje minst kvinner - og til sist kjem kulturministeren og roar gemytta med lovnad om møte til hausten.Den som seier det som svir mest, og som handlar om det som er interessant midt i ein forutsigbar debatt, er filmprodusent Dag Alveberg. Han peikar på at den norske filmoppturen dei siste åra har kommi trass store manglar ved filmane; det skortar på det kunstnarlege nivået.Det er i dette perspektivet «hardcore» som omgrep blir bortimot komisk, både i film- og tv-verda. Det blir som å sjå Lars Lillo-Stenberg og Lillebjørn Nilsen diskutere kven av dei som er mest rock\'n roll medan metallbandet Slayer spelar i bakgrunnen. Dette er saueflokken som trur dei er løver. La oss derfor permittere hardcore-omgrepet til det dukkar opp minst ein film som kvalifiserer for ordbruken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

MEN OM DET er det kunstnarlege nivået det skortar på, korfor er det då berre pengefolket som diskuterer? Kvar er kunstnarane i denne debatten? Kvar er dei som forsvarar den romantiske komedien? Kvar er den sosialt engasjerte filmskaparen Rossiné saknar? Kvar er hardcore-regissøren som skal løfte snittet? Eg trur dei alle held kjeft og styrar med sitt fordi det til sjuande og sist er ganske underordna kvar pengane kjem frå, kven sine pengar det er og kva byråkratiet tenkjer om pengane dei gir ut. Og det er dumt, for om det er det kunstnarlege nivået som treng skjerping, trur eg kanskje ikkje ansvaret først og fremst ligg hos Trond Giske?Sjølv kor skamlaust frekk tv-mannen Rossiné er når han diskvalifiserer norsk film som meiningsberar, tek eg meg i å nikke når han seier at filmane våre er daffe. Korfor?For ein som har jobba i begge leirar er det påfallande kor mykje energi som går med til å kopiere andre sine suksessar. Både innan film og tv. Dobbelt frustrerande blir det å diskutere dette med kollegaer og oppdage at mesteparten av oss opererer med referanserammer som ligg langt utanfor det som kjem til uttrykk i det vi produserer.

VI SYNEST «A Clocwork Orange» er eit meisterverk, men kvar er den norske filmen som, ikkje liknar denne filmen, men som har ei like ekstrem tilnærming til helterolla i ei filmforteljing?Vi ser på «Six feet under» og vil gjere det same, men er det kompatibelt med å lage tv for «folk flest», som NRK Drama har definert seg sjølv som leverandør av?Vi siklar på gullpalmar og sølvbjørnar, men kor mange jobbar med deltaking i hovudprogrammet til ein av dei store festivalane som målsetting når dei lagar film?Og når vi ikkje lukkast, hevdar vi at vi lev i ein så harmonisk del av verda at vi manglar materiale til å lage drama med nok konfliktstoff. Samstundes som vi ser på at den amerikanske regissøren Todd Solonz dissekerer middelklassen så det luktar svidd heilt frå USA og hit!Det er noko som ikkje rimar her. Det er noko feigt og middelmåtig over det, og det er litt flaut. Som utøvande kjenner eg meg ansvarleg og sikkert mange med meg. Men kor lett er det å kline til når alt du treff er luft? Er det berre vi som kunstnarlege utøvarar som kan rette på flisa?Eg mistenkjer at når Rossiné får eit ekte hardcore-manuskript på pulten, vil det ringe i dramaturgi-bjøller og rating-alarmar over heile NRK. Og det kan eg på ein måte forstå. Dei fleste filmprodusentar har det på same måten. Konsulentane i filmfondet også. Samstundes veit dei alle at fornying er viktig. At det beste er å gi folk det dei ikkje visste dei ville ha. Det er derfor dei bestiller samfunnsengasjement, hardcore og virtuositet. Men om kunstnarane skulle komme til å følgje opp, må nokon stå der og ta i mot.

DET HJELPER IKKJE å skrive stritt og hardt om det sit ein dramaturg på andre sida av bordet som vil at det skal strykast medhårs. Om ein vil ha utfordrande uttrykk, må ein øve på å lage utfordrande uttrykk. Det må kultiverast og jobbast fram, og det må følgje heile systemet gjennom. Om staten vil heve nivået på filmane, må staten sørgje for at nivået på sitt eige apparat er høgt nok. Om produsentane vil ha det nye, må dei tørre det nye, ikkje søke trygging i det kjende. Dette er kjernen i problemet. Det blir øvd på så mykje anna medan ein sit på gjerdet og ventar på geniet. Det finst ei slags forestilling om at berre ein regissør får sagt «versågod» og «takk» mange nok gonger, blir han ein erfaren regissør og dermed god. Men god til kva? Er det likegyldig kva som skjer før, mellom og etter «versågod» og «takk»?Er det ikkje skilnad på ein vits og ei leirbålsforteljing? Sjølvsagt er det det.

EIN BLIR IKKJE BETRE på å lage spillefilm for kino ved å lage masse reklamefilm; ein blir god på reklamefilm. Å skrive dialog for «Hotell Cæsar» gjer ikkje manusforfattaren god til anna enn nettopp det; å skrive dialog for såpeseriar. Det gjeld andre reglar for tv-dramatikk enn for eit poetisk filmverk. Like vel er det ei forventning om at inntil det store verket nærast manifesterer seg sjølv, kan vi alle dra nytte av brødjobbar hist og her for erfaringas skuld. Det er feil tankegang. Det er øydsling av talent, og det er irriterande når folk med posisjonar oppover i systemet bestiller meir vågemot og faenskap utan å følgje opp ; repertoarkatalogen vår fortel om noko heilt anna. Derfor kan ikkje Rossiné redde norsk film ved å lage tv-dramatikk. Men han kan redde NRK Drama om han tek seg sjølv på ordet. Om Rossiné og dei andre produsentane vil ha hardcore, må dei for skams skuld kunne syne litt hardcore-takter sjølve.