Hårfin balanse

Opstad fører vidare sin originale poetiske tone i denne nye samlinga.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: I denne boka balanserer Opstad hårfint mellom det å verta litt for pretensiøs på diktarrolla sine vegne, og det å våga å skriva det han skriv, slik han vil ha det. Det er utan tvil veldig mykje bra også i denne fjerde boka hans, og her er dikt der han går vidare og utviklar si røyst og sin tone. Det er likevel ikkje noko brot her, for me kjenner igjen både klang og tema. Når det gjeld problema, er det dei aller første dikta med sine profetar og nokre for tungt lasta symbol som «svanene» som gjer meg usikker. Samt setningar som har eit banalt og kvardagsleg innhald, men vert framført som eit slags religiøst eksistensielt ritual, utan å kunna utfylla ein slik funksjon. Eit døme kan vera: «Jeg ble den som tente et lys/i en stake en sommerkveld.»

Men så er det når desse grepa andre gongar lykkast så til dei grader, at Steinar Opstad skaper sine beste ting: «Du har et glattbarbert hode/så mørkret kan vokse deg til tinningene.»

Og denne boka er full av glitrande bilete og spenningsfylte sider med Opstad sin originale og fascinerande dikting. Eg stiller meg open for ein poesi som skapar sitt eige univers. Men ein slik poesi må lykkast i å framføra universet slik at det held seg svevande av eiga kraft.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer