DEBATT

Debatt: Mental helse

Hårsåre psykiatrar

Folk har all grunn til å frykta psykiatrien. 

HELSESKADELEG: Psykiatrane dokumenterer at dei manglar audmjukskapen og viljen til å gjera psykiatrien til noko anna enn ein psykisk helseskadeleg stad å vera, skriv artikkelforfattarane. Foto: Håkon Mosvold Larsen /  NTB Scanpix
HELSESKADELEG: Psykiatrane dokumenterer at dei manglar audmjukskapen og viljen til å gjera psykiatrien til noko anna enn ein psykisk helseskadeleg stad å vera, skriv artikkelforfattarane. Foto: Håkon Mosvold Larsen /  NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

I eit uvanleg skamlaust innlegg syner «spesialistane» Melissa Weibell og Jeanette Bjørke-Bertheussen fram ein psykiatri som nektar å innsjå at dei driv med overgrep. Og ikkje berre dét, dei skuldar VG for «demonisering» og helseministeren for at han «bidrar til økt stigma og opprettholder fordommer mot psykiatrien».

Alt dette fordi VG har gjort ein kjempejobb med å avsløra massive overgrep med ulovleg beltelegging og fordi me endeleg har ein helseminister som gjev psykiatrien tydeleg kritikk for dette.

Leiaren i Norsk psykiatrisk forening, Anne Kristine Bergem, har òg skulda helseministeren for «heksejakt» i same sak. Problemet med hårsåre psykiatrar som ikkje har fotfeste i den røynda av overgrep dei omgjev seg med, går altså heilt til topps i psykiatrien.

«Spesialistane» Melissa og Jeanette fortel om personar som ikkje torer å leggjast inn pga. avsløringane av desse tilhøva.

Men folk har all grunn til å frykta psykiatrien, og endå meir etter dei furtete reaksjonane frå Melissa og Jeanette – og frå Norsk psykiatrisk forening: Fordi psykiatrane her dokumenterer at dei manglar audmjukskapen og viljen til å gjera psykiatrien til noko anna enn ein psykisk helseskadeleg stad å vera.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer