ROBUST:  Kommunesaneringsminister Jan Tore Sanner. Foto: NTB Scanpix
ROBUST: Kommunesaneringsminister Jan Tore Sanner. Foto: NTB ScanpixVis mer

Hatefulle ytringar

Gi meg de faste og sterke menn.

Kommentar

DENNE VEKA fylte Thorbjørn Berntsen 80. Som miljøvernminister sette han eit minnerikt spor etter seg då han i ein disputt om Sellafield og sur nedbør kalla sin britiske kollega ein drittsekk. Eller som det heitte i engelske aviser: «John Gummer is the biggest shitbag I have ever met».

LEPPA FRA GRORUD fekk stadig motkandidatar på nominasjonsmøta i den vidgjetne søndagsskulen Oslo Arbeiderparti. Ved eit høve var parolen at han måtte kastast fordi han var ein middelmådig politikar. Berntsen redda plassen med svaret: «Så lenge vi har et representativt demokrati, er det bare rett og rimelig at også de middelmådige er representert».

SLIK SKAL DET ikkje bli i Jan Tore Sanners større og meir robuste kommunar. Reformas jordmor, Signy Vabo, professor i statsvitenskap, meiner det vil styrka lokaldemokratiet å bli kvitt 7000 kommunestyremedlemmer som er middelmådige minus. «De beste blant dere er kalt», heiter det i Revolusjonens røst av Rudolf Nilsen. Etter at til og med den brennande Per Sandberg har gitt tapt for tvil og er kua av mismot, kan kommunesaneringsministeren sannelig trenga «de rene og ranke, de faste og sterke menn, de som har tålmod og vilje og aldri i livet går hen og selger min store tanke, men kjemper til døden for den».

DEN SJARMERANDE tåkefyrsten med feit lommebok og arrogante gledesdreparen med moralsk peikefinger, den sosialdemokratiske innvandraren Janus Gahr Støre, er feig. Det melder Siv Jensen frå New York der ho er for å kjøpa hus med oljepengar, etter Leonard Cohens kamprop: «First we take Manhattan, then we take Berlin». Sureleppa i Fremskrittspartiet treng sårt ein stad å bu når ho har rive det norske hus fordi modellen står i vegen for det norske folk. Eit tips: Det er mye ledig på Kyrksæterøra. Billig er det også, nå som oppslutninga om Fremskrittspartiet i Oslo nærmar seg nivået på bankrenta.

DET KJENTE dobbeltmennesket Kjetil Rolness/Jens Pikenes er i trakasserande ver i hatefullt kokoland. Mens Dr. Jekyll er ein lun familiefar i kampen for tilværelsen i sitt penthouse i Ullevål Hageby, framstår Mr. Hyde på scenen med seksualiserte og overgripande hoftevrikk under beltestaden, og på facebook som ein potensiell Jack the Ripper, utan ein tråd, i ein pøl av hat og forakt.

DEN DJUPT SÅRA trådeigaren Kjetil Rolness kjenner seg forfølgd, men er neppe paranoid. På den andre sida: Ein passe dose schizofreni er kjekt å ha for ein magister i sosiologi som også er spaltist i Dagbladet. Eg seier det med Heidi Helene Sveen, ei av playboyens saklige kritikarar: Dette er ikkje generaliseringar, for «hun sier det jeg selv tenker, at dette dessverre er vanlig».

TURBONEGEREN med lisens til dissens, Thomas Seltzer, er blitt eit knebla offer som er krenka over at dei som oppsøker Trygdekontoret ikkje lenger lar seg krenka. Han er som ein Selters som har bobla av seg all sin brus og ikkje lenger har krenkande kraft. Så til vi snakkast neste veke, er det bare ein ting å seia: Stay trygda! Helst i Polen.