He Dong med betre dikt

Mjuke dikt der tankane sit med korslagde bein.

BOK: Då He Dong gav ut «Himmel Innsjø» i 1994, fekk ho hjelp av Erling Kittelsen med den norske versjonen. Også denne gongen er dikta presenterte på kinesisk, i He Dongs vakre kalligrafi. Men denne gongen på hennar eige norsk. Dikta er nå mykje betre. Dei har likevel noko fascinerande framandt og kinesisk ved seg. Sjølv om dei ofte vert meir abstraherte og poetiserte enn den nærast filmatisk konkrete tradisjonen me kjenner frå meistrar som Du Fu og Li Bai, er her også gode dikt der elementa balanserer kvarandre. Det er mykje tåke her og ein kan koma i tankar om Hung Mung, eller urtåka, når ein les. Til tider vert det litt utflytande og vanskeleg å halda fast. Kanskje stadfestar det personleg pompøse etterordet ein kjensleklimatisk kulturskilnad? Det framande som ligg over språkføringa, fører av og til med seg uvante spenningar, effektive poetiske bilete eller sjarmerande vriar. Dikta kan elles lett få meg til å tenkja på taoistiske landskapsmåleri. I desse landskapa, eller «Fjell Vatn» som det heiter på kinesisk, der fjell og vatn representer Yang og Yin, er det ikkje snakk om realistiske skildringar, men eit sjeleleg landskap.

ensomhet knadd i stykker

til regndråper, snødråper,

isdråper

slår gjennom dragen

ny måne

speiler saueflokk

på viddene