NORSK NOK? Hadia Tajik vart hetsa grovt for forslaget om å avskaffa monarkiet, men også for den ho er.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
NORSK NOK? Hadia Tajik vart hetsa grovt for forslaget om å avskaffa monarkiet, men også for den ho er. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixVis mer

Heia Noreg, heia Hadia!

Det er sjarmerande ironisk at dotter av pakistanske innvandrarar er meir norsk enn vårt eige kongehus.

Meninger

Hadia Tajik vart hetsa grovt for forslaget om å avskaffa monarkiet, men også for den ho er. For ein enkel odelsgut frå Sogn er dette merkeleg.

Lat meg forklara. Noreg var under Danmark i ca 400 år. Me fekk ikkje ha eige bankvesen eller universitet, men kjempa til slutt fram sjølvstende. Me fekk Kong Haakon VII (frå Danmark!) i 1905 og i 1933 sa han dette: «Dersom eg skal si min personlige mening, saa er den norske maalreisning berettiget. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk. Det gaar ikkje an at nægte det. Det blev jo indført av danske embedsmænd. Disse herre burde jo selv ha lært norsk. Men i stedet begynte deres undergivne at tale dansk som de, fordi man trodde dansken var saa meget finere. Dette gjorde meget til at svække den norske nationalitetsfølelse, og det er saa rimelig at den nationale vækkelse vil gjøre ende paa den tanke, at dansk er saa meget finere enn norsk».

Embetsverket held på finspråket. Så seint som i 2013 vart Sør-Trøndelag Lægeforening til Sør-Trøndelag Legeforening, eit år før grunnlovsjubileet!

Men attende til monarkiet. Me fekk kong Olav V etter Haakon VII. Han fekk tilnamnet «Folkekongen», då han var så jordnær. Han gjekk på folkeskule i Oslo og tok trikken heimatt etter å ha vore ute og hoppa på ski.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Så kom kong Harald V. Han gjekk også på folkeskulen, men her stoppar folkeligheita. Han, og kongehuset, er i det siste anklaga for hemmelighald ikring leiarlønningar og anna luksus. Formua hans ligg på ca 100 millionar.

Kronprinsen har, som sin far, gått på kjempedyrt privatuniversitet i utlandet og no sender han dotter si på privatskule til 195.000 kroner i året, betalt av skatteinntektene frå folket han skal representera. «Networking» med barn av rike foreldre, fokus på engelsk heller enn (ny)norsk og internasjonal heller enn norsk historie er kvardagen hennar.

Kontrastane til Hadia er nærast komiske.

Ho gjekk på vanleg skule og kom inn på universitetet, utdanna seg i menneskerettigheitar og vart den yngste statsråden i Noreg. Ho gjorde dette utan eit kongehus i ryggen, utan midlar til å dekke private universitet i utlandet og på tross av eit namnet heller på grunn av det. Det manglar berre at ho sat og rota i oska og slang skreppa på ryggen før ho strauk på dør.

Det kan vere me bondegutar frå indre Sogn er heilt spesielle i det å ha gått på vanleg, offentleg skule, at me jobba hardt og tok opp lån for å kome inn på universitetet. Likevel er det ikkje vanskeleg å sjå kven som representerar meg, og det eg tenkjer på som norsk, om me samanliknar Haakon og Hadia. Kongehuset skal representera oss nordmenn/kvinner, men for at dette skal stemme må me kjenne oss att i det medlemene av kongehuset driv med.

Utan å definera kva «norsk» er vil eg likevel meina at arva makt og pengar, skjulte leiarløningar, privatskule, anti-(ny)norsk, saudisrabiske begravelsar og luksus-yacht-feriar er mindre norsk enn ei hardtarbeidande, prinsippfast, nynorskbrukande, menneskerettigheits-medviten, sosialistisk vestlandsjente.

Det er sjarmerande ironisk at ei dotter av pakistanske innvandrar er meir norsk enn vårt eige kongehus, og at dei mest patriotiske Hadia-kritikarane hyler om ho ikkje er norsk nok, på bokmål!

Heia Noreg, heia Hadia!