Bøkar i tårnet: Den argentinske kunstnaren Marta Minujin har laga kunstverket «Babels tårn» av bøkar. «I valet mellom elfenbeinstårnet og Adam Smith vil vi helst høyre kva dei har å melde frå elfenbeinstårnet» skriv forfattaran. Foto: Natacha Pisarenko/AP/Scanpix
Bøkar i tårnet: Den argentinske kunstnaren Marta Minujin har laga kunstverket «Babels tårn» av bøkar. «I valet mellom elfenbeinstårnet og Adam Smith vil vi helst høyre kva dei har å melde frå elfenbeinstårnet» skriv forfattaran. Foto: Natacha Pisarenko/AP/ScanpixVis mer

Heller elfenbeinstårnet enn Adam Smith

Synet på litteratur må ikkje reduserast til eit spørsmål om pris.

Medieprofessorane Helge Rønning og Tore Slaatta konkurrerer med rådgjevningsfirmaet Oslo Economics om kven som skal få oppdraget med å greie ut ei mogleg boklov. Snart blir det klart kven av dei to Kulturdepartementet meiner er best skikka. Utgreiinga skal leverast til departementet før året er omme.

Kven er så desse aktørane? Den siste rapporten vi kjenner til frå Rønning og Slaatta er den innsiktsfulle utgreiinga Boken: Mellom perm og skjerm. Utviklingstrekk i internasjonal forlagsbransje der Norsk faglitterær forfattar og oversetjarforeining var oppdragsgjevar.

Når det gjeld Oslo Economics har dei knytt til seg Oeconomica, som dei to BI-professorane Christian Riis og Espen R. Moen står bak. I tillegg har dei fått med seg ein tidlegare jurist frå Fornyingsdepartementet. Ser ein strengt formelt på søknadane, passar Oslo Economics perfekt til oppdraget. Er det så mandatet det er noko gale med? Vi registrerer at verken moms på e-bok eller spørsmålet om vertikal integrasjon er ein del av oppdraget.

For Oeconomica sin del har vi lese gjennom fleire utgreiingar dei har laga, og kan konstatere at tilnærminga til bokbransjen er teknokratisk. Synet på litteratur blir redusert til eit spørsmål om pris. Vi stiller oss difor spørjande til om dei har fått med seg dei overordna måla for norsk kulturpolitikk. Soria Moria-erklæringa slår fast at «det er nødvendig med en målrettet utvikling av litteraturpolitikken som sikrer nyskaping, mangfold og geografisk spredning innenfor både fag- og skjønnlitteratur». Denne målsettinga går monaleg lenger enn den tronge konkurranseøkonomien økonomar frå BI tradisjonelt vedkjenner seg.

Kva kompetanse har så Oslo Economics? To av partnarane er tidlegare seksjonssjefar i Konkurransetilsynet, ein av dei med ansvar for bransjeavtalen, ein avtale tilsynet er i mot fordi føremålet til konkurranselova er å sørgje for effektiv bruk av samfunnets ressursar, som det så fint heiter.

Samtidig kjem meldinga frå England om at talet på bokhandlarar i Storbritannia er halvert sidan 2005. Meir enn 2000 utsal har lagt inn årane i ein marknad med fripris. Då er det ikkje til å undrast over at ein samla norsk bransje vil ha fastpris slik dei store kulturlanda på kontinentet har så gode erfaringar med.

Norsk bokbransje treng vern mot aggressive amerikanske selskap som Amazon, Google og Apple. Ei boklov med fastpris vil vere eit godt forsvarsverk for norsk språk og kultur. I valet mellom elfenbeinstårnet og Adam Smith er konklusjonen difor ganske opplagt for vår del. Vi vil helst høyre kva dei har å melde frå elfenbeinstårnet.