Heller rett enn makt

DEBATTEN MELLOM Anders G. Romarheim og underteikna starta då eg hevda at krigen mot Afghanistan manglar eit tydeleg FN-mandat. Det poenget står ved lag også etter Romarheim sitt siste innlegg 7. oktober. Tryggingsrådet autoriserte aldri militær maktbruk. Men det er sant at resolusjon 1386 var utforma såpass uklart at han kunne (mis)brukast for å gi krigen eit skinn av folkerettsleg legitimitet. Det er også sant at FN ikkje markerte tydeleg motstand mot USA si krigføring. I etterdønningane av terroren 11. september 2001 var det eit politisk klima som gjorde slik motstand vanskeleg. Når SV meiner at det er nødvendig med eit utvetydig FN-mandat, er det nettopp for å prøva å unngå at makt blir meir avgjerande enn prinsippa i folkeretten. Til det er krig ei alt for alvorleg sak. Derfor har eg også heller vist til kva folkerettsjuristar seier, framfor korleis politiske makthavarar tolkar FN-resolusjonane. Den mest aktuelle debatten om norsk deltaking i operasjon «Enduring Freedom» er likevel ikkje den folkerettslege. Spørsmålet er om bombinga av sivile og dei andre krigsbrotsverka i Afghanistan er akseptabelt. I tilfelle, kvifor? Ville dei som forsvarer krigen meint det same om det var vestlege liv som gjekk tapt? Er det klokt, og mogleg, å nedkjempa terror med bomber? Nytale om «stabilisering» endrar ikkje realitetane i Afghanistan, der USA står ansvarleg for meir krig og mindre tryggleik. Det fjernar heller ikkje torturen og dei systematiske krigsbrotsverka. Det er det bare politisk handling som gjer. Tilbaketrekking av offensive styrkar er ein fin start.