Helsehjelp til «kriminelle»

ASYLpolitikk: Det er ille å sjå og høyre ein statsekretær frå AP, Liebe Riber Mohn og ein stortingsrepresentant frå FRP, Per Sandberg, i felles avsky over at Kirkens Bymisjon vil tilby helsehjelp til menneske som lever i vårt land utan å ha opphaldsløyve i orden. ( Dagsrevyen 28. januar.)

Sandberg spyr ut si forakt over at «kriminelle skal få helsehjelp». Vi forstår bodskapen: Å stemple den gruppa medmenneske som ikkje har lovleg opphald, som kriminelle. Kanskje ufrivilleg, kva veit eg, kjem han samstundes til å avsløre ei haldning til, eventuell manglande kunnskap om, universelle menneskerettar.

Helsetilbod og behandling er ikkje eksklusive goder for lovlydige. Internasjonale konvensjonar og norsk lovgiving skil ikkje mellom verdige og mindre verdige trengande. Dei som gjer seg skuldige i kriminelle handlingar blir straffa på ulikt vis, men sine grunnleggande menneskerettar misser dei ikkje, verken under etterforsking eller straffegjennomføring. Å stemple alle som ikkje reiser ut av landet når dei får avslag på opphald/asylsøknad, som kriminelle, er å sparke dei som alt ligg nede. Men det treng eg gjerne ikkje bli oppbrakt over, sidan dette ikkje er ei uvanleg FRP-øving, spesielt i asyl- og innvandringspolitikken.

Verre er det at statssekretæren stiller seg fremst i fordøminga av Kirkens Bymisjon. Ein organisasjon som ut frå humanisme og nestekjærleik vil hjelpe der vårt ordinære helsestell er pålagt å ikkje hjelpe.

Eg har tiltru til at det der også finns utru tenarar, slik at «utstøtte» likevel får hjelp. Men takk og lov for at Kirkens Bymisjon er der dei er.