GLØYMD KVINNE: —Kvifor har ikkje Fredrikke Marie Qvam fått sin fortente plass i historiebøkene? spør artikkelforfattaren. Biletet syner prinsesse Astrid på årsmøtet til Norske Kvinners Sanitetsforening i 1956. Foreininga ble stifta av Qvam i 1896. Foto: Åge Storløkken / Jan Nordby / Aktuell / Scanpix
GLØYMD KVINNE: —Kvifor har ikkje Fredrikke Marie Qvam fått sin fortente plass i historiebøkene? spør artikkelforfattaren. Biletet syner prinsesse Astrid på årsmøtet til Norske Kvinners Sanitetsforening i 1956. Foreininga ble stifta av Qvam i 1896. Foto: Åge Storløkken / Jan Nordby / Aktuell / ScanpixVis mer

Heltinner i stemmerettskampen

Gina Krog har fått ein status som den viktigaste kvinna i den norske kvinnestemmerettskampen. Men stemmer det?

Gina Krog gjekk i spissen for å stifta Kvindestemmeretsforeningen i 1885. Ho var ein dyktig og viktig skribent og agitator. Men ho var ikkje åleine. Da fleire meinte at dei meir konservative kvinnene i Kvindestemmeretsforeningen svikta målet om stemmerett for kvinner på samme vilkår som menn i 1898, vart ei anna kvinne spesielt viktig: Fredrikke Marie Qvam. Ho vart leiar for den nye Landskvindestemmeretsforeningen (LKSF). To år før hadde ho stifta Norske kvinners sanitetsforening (NKS). Qvam stod i spissen for eit avgjerande nybrottsarbeid som leiar for dei to første verkeleg landsomfattande kvinneorganisasjonane i landet.

NKS og LKSF vart nettverket som gjorde det mogeleg å gjennomføra ein utruleg vellykka underskriftsaksjon i 1905. Folkeavstemninga om unionsoppløysinga 13. august vart ei mannfolkavstemning. Men kvinnene, med Fredrikke Marie Qvam som modig leiar, fekk sagt sitt på ein måte som imponerte både stortingsmenn og andre menn. Nesten 300 000 kvinner skreiv i løpet av tre veker under på at dei støtta unionsoppløysinga. Dette vart ein viktig pådrivar for at Stortinget i åra som følgde gjorde dei vedtaka som førte fram til full stemmerett for kvinner i 1913.

Kvifor har ikkje Fredrikke Marie Qvam, og heller ikkje underskriftsaksjonen, fått ein fortent plass i historiebøkene? I eit historieverk på 15 band fann eg dette: «244 765 kvinner skrev sine navn på lister som støttet avgjørelsen». Ikkje eit ord om kor listene kom frå. Skulle lesaren tru at dei dala ned frå himmelen og flaug til Stortinget ved eiga kraft?

ARTIKKELFORFATTER:  Magnhild Folkvord, journalist.
ARTIKKELFORFATTER: Magnhild Folkvord, journalist. Vis mer

At kvinner lett blir usynlege når menn skriv historie, er gammalt nytt. Rune Slagstad har i boka «De nasjonale strateger» ført tradisjonen vidare. At kampen for kvinnestemmeretten i seg sjølv får liten plass, er ei sak. At Krog blir omtalt som den eine viktige kvinna frå denne perioden, medan Qvam ikkje er nemnd, føyer seg inn i den tradisjonelle måten å skriva dette historiekapitlet på.

Men det svarer ikkje på kvifor det har blitt slik. Qvam var ein kjend og høgt verdsett person i samtida. Wilhelm Keilhau skreiv i Samtiden i 1915: «Hvis det er saa, at den rent politiske begavelse er en særbegavelse og ikke bare en heldig blanding av andre anlæg og egenskaper, da er fru Qvam en av de mest fremragende politikere vort land har hat.»

Kan det ha hatt noko å seia for kven som fekk æra for stemmerettssigeren at Gina Krog døydde alt i 1916, berre tre år etter den store sigeren? Qvam levde heilt til 1938. Eller har det å gjera med at organisasjonsarbeid, som var noko av det Qvam var ekspert på, lett blir usynleg, medan talarar og skribentar, slik som Krog, blir meir synlege?

NKS har gjort mykje for å heidra sanitetskvinna Qvam sitt minne, og det er bra. Men denne organisasjonen har kanskje hatt meir bruk for ho som tok ansvar for folkehelsa enn for ho som stod i spissen for ein kvass politisk strid for stemmerett?

Eller er historieskrivarlogikken så banal at kvar strid berre kan ha plass til ein helt? Kan kvota for heider og ære vera så knapp at det berre rekk til ei heltinne for kvar viktige siger i kvinnekampen?

Følg oss på Twitter