Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Hemmeleg norsk hjelp?

HEILE VERDA strøymer til med hjelp. Kvar dag blir vi oppdaterte via media om generøse støttetiltak etter tsunamikatastrofa. Russland var først ute med fly, medisinar og hjelpemannskap dagen etter katastrofa slo til. Seinare har meir enn 50 nasjonar stilt opp, m.a. frå stormakter som USA, India og China, og frå fattige land som Kuba og Nord-Korea. Men det er smått med informasjon om den offisielle støtten frå Noreg. Har vi meldt oss ut? Det virkar som om UD prøver å halde hemmeleg omfanget av norske løyvingar. Postulatet synest å vere at vi for einkvar pris ikkje skal stikke oss ut. Sjølv det første puslete vedtaket på 10 millionar kroner frå Noreg ville ha fått store overskrifter her, trass i at det er mindre enn hjelpa frå Nord-Korea. Alt blir lagt merke til.

Etter at Carl I. Hagens framlegg om ein milliard blei vedteken, er den norske gjevargleda eit lysande eksempel på generøs solidaritet. Men UD har altså lykkast med å halde dette skjult for dei fleste i Sri Lanka.

UTVIKLINGSMINISTEREN hevda i eit intervju i Noreg at det viktigaste er å få hjelpa fram, ikkje kven som gir. Hjelpa skal sjølvsagt fram, men det er inga motsetjing til aktiv informasjon. For den som er engasjert i framtida til dette landet, er den norske innsatsen av stor interesse. Noreg har eit spesielt forhold til Sri Lanka. Dette er bygt opp gjennom 40 år, i stor grad med frivilleg innsats. Noregs rolle i fredsprosessen kom ikkje rekande på ei fjøl. Det er eit resultat av eit langsiktig arbeid med hardt slit for å skape tillit innan alle partar i konflikten. Det er tragisk at Noregs posisjon som fredsaktør i Sri Lanka er blitt gradvis redusert den siste tida. Etter kvart som fredsprosessen har kjørt seg fast, er det norske grepet svekka. Eg skal ikkje kommentere årsakene til dette, men berre konstatere at Noregs manglande handlekraft etter naturkatastrofa har ført til ei vidare svekking. Dessutan har vi mista ein historisk sjanse til eit nytt fredsinitiativ.

Heile verda stiller opp. Topp politikarar og leiarar frå internasjonale institusjonar har pesonleg kome hit for å vise sin sympati og støtte. Dei som har tilsvarande posisjonar i Noreg har glimra med sitt fråvær. Har vi meldt oss ut?

FOR FOLK FLEST i Sri Lanka virkar det som om det offisielle Noreg ikkje bryr seg med lagnaden til folk og land etter den største naturkatastrofa i historisk tid. Dette er sjølvsagt feil, men inntrykket er ved å festne seg p.g.a. den passive haldninga til norske styresmakter. På ein konferanse med norske organisasjonar blei det opplyst at Noreg ventar på ei avklaring frå Verdsbanken og FN før det kan tas tilling til kva som skal gjerast. I mellomtida ropar våre søstre og brødre på hjelp for å berge liv.

Verda stiller opp. Har norske styresmakter meldt seg ut?

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media