||| ANMELDELSE: Urettferdig og grovt forenkla kan ein seia at det finst ein forteljande og lettare begripeleg tradisjon i norsk poesi, representert ved til dømes Børli og Falkeid, og det finst ein meir eksperimenterande og utfordrande, med folk som Øyvind Berg og Tone Hødnebø.
Det er ei glede å signalisera at ein ny poet i Børli/Falkeid-linja hermed står fram.
Nå kan ein sjølvsagt seia at Levi H. ikkje er så ny. Men folk publiserer oftare eit par diktsamlingar for så å gå over til prosa, enn å markera seg, som Levi H., med noveller, roman, filmmanus, og så debutera med sterke dikt! Det gjer meg glad.

• Les intervju med Levi Henriksen her.
Og her er mykje å gleda seg over. Den rike samlinga startar med eit dikt om byrjinga av eit menneskeliv. Levi H. gjer eit snedig grep ved å først fortelja overtydande om når han får vite om graviditeten, for så å seia at, nei, det var nok ikkje slik! Det var bare ei god historie. Me skal ikkje forveksle eit godt dikt med forfattarbiografien, sjølv om diktet ofte er endå nærare diktaren enn det skiftande «eg»et i novellesamlingar.
Her finst mange suverene formuleringar der erfaringar er fortetta ned til ein poetisk buljongterning av språkleg pregnans.
«Kjære deg min kjære»
«Foreldrene våre som dyrket luksusen det er/ å ikke eie for mye» står det om foreldra som er avbilda på framsida av boka, rammet inn «rett etter at verden ble ung på ny». Det handlar om vennskap, om sorg, «alene i en svart bil/du har ingen flere kofferter å pakke", om kjærleik, knivar i veggen, gode replikkar og kvardagars grep om hjartet».
Mange av dikta har ein countrysong-atmosfære, «rotløse, rotfaste», som løftar dei. Men då Levi H. prøver å innføra refrenget i "Hjertet er en muskel", dreg det heller ned. Det handlar om bygda, men og om å reise: «det gikk an å dra lenger enn tilbake». Det handlar om å kjenna seg utanfor «med øret klemt inn mot vinduet/ og hjertet svulmende som en svamp i brystet», men òg om å høyra til, blant «de som drar ned gjennomsnittet».
Bortsett frå at diktet «vemodsdager» har ein slapp avslutning er det meste rimeleg stramt og usentimentalt gjennomført. Eit høgdepunkt er slutten på «Wigwam», eit dikt om ein fødsel, der poeten viser si klo ved å opna teksten vakkert mot slutten:
- Kan du se hva det er? sa legen
og holdt dette blodige nye opp foran meg.
Jeg ristet på hodet.
Følg oss på Twitter:
Twitter.com/DbnolitteraturJeg kan fortsatt ikke se hva det er.
Vi bryr oss om ditt personvern
dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.