Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

«Her fuskar Dagbladet»

«HER FUSKER

norske fiskere» er overskrifta på ein artikkel i Dagbladet 13/10. Så viser avisa eit stort bilete av norske fiskarar som ikkje fuskar. Saka gjeld påstandar om utkast av fisk frå trålaren Havbryn. Politiet etterforskar anmeldelsen frå Fiskeridirektoratet, men det har ikkje Dagbladet tid til å vente på. I overskrift og artikkel opptrer avisa som domstol og rakkar ned på ei heil yrkesgruppe- fiskarane. Og det er sikkert lett å gjere for folk på desken, «For det er jo bare fiskere». I denne saka måtte folk i nyheitståka på desken i Oslo leite med lys og lykter i bevismaterialet for å finne eit bilete som kunne minne om fusk. Vi veit det for vi sit på same materialet. Det viser utkast av ni fiskar av ei mengde på 25 - 50 000 fiskar som blir filetert ombord i ein trålar i løpet av eit døgn. Dette var sjølvsagt ikkje nok for Dagblad-desken. Derfor offentleggjer dei eit bilete som ser stygt ut. Det viser fiskarar som plukkar sei ut av ein trål - ikkje fiskarar som fuskar. Når vi gjer Dagbladet merksam på dette får vi vite at redaksjonssjefen nektar å rette opp feilen. Det synes vi er ynkeleg.

I DAG

ser det lysare ut for norske fiskebestandar enn det har gjort på lenge. Silda er tilbake i stimar som ikkje er sett sidan 1950- talet. Havforskarane lovprisar situasjonen for makrell og sei. For norsk arktisk torsk - hyse i Barentshavet - ja for dei fleste fiskebestandar den norske havfiskeflåten fiskar på. Mykje tyder på at vi får ein ny gullalder for norske fiskarar. Korleis er det mogeleg når fiskarane er, i følgje Dagbladet, «Miljøgangstere»? Statistikken frå Fiskeridirektoratet og Kystvakta viser at talet på fiskefusk-saker gjekk kraftig ned i 2003 trass i auka kontroll. Det betyr ikkje at vi ikkje kan bli betre, men det betyr at vi er på rett vei. Alt dette er opplysningar som så langt ikkje har vore av interesse for Dagbladet. Eg kjenner norske fiskarar som hardt arbeidande, ærlege arbeidsfolk. Dei fortener ikkje den nedlatande og respektlause omtalen Dagbladet ofte viser dei.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media