Hernes' intellektuelle nekrolog

Professor Gudmund Hernes' kronikk «De nasjonale mytemakerne» 31.12. er så vidt oppsiktsvekkande at den innbyd til ein refleksjon utover Ottar Brox' respons 7.1. Med utgangspunkt i Dag Østerberg/Håvard Nilsens bok «Statskvinnen - Gro Harlem Brundtland og nyliberalismen» leverer Hernes i realiteten eit prinsipielt oppgjer med intellektuell overprøving og begrepssetting av politikk.

Det er vanskeleg å lesa kronikken annleis enn at Hernes underkjenner akademisk analyse av politisk arbeid, dersom den er formulert av folk utanfor det politiske maktsjiktet sjølv - av akademikarar utan politisk erfaring, eller - endå verre - av venstreorienterte. Det må seiast å vera eit underleg standpunkt av ein tidlegare minister med ansvar for forsking, dertil ein akademikar som på ingen måte har sett sitt lys under ei skjeppe.

Det er karakteristisk for Hernes - som vil gjera slutt på akademisk kritikk av sine politiske gjerningar - at han polemiserer skjult også mot eit anna sentralt arbeid frå i fjor. Tittelen hans er ein allusjon til Rune Slagstad «De nasjonale strateger», som han utelukkande kommenterer ved å vri på tittelen, og antyde at verket er «mytisk», og dermed ikkje treng å takast alvorleg. I dette verket blir Hernes, saman med Tormod Hermansen, Einar Førde og Harald Norvik, karakterisert som «markedsteknokrater» (s. 431 ff), altså ein karakteristikk som gjerne kan haldast saman med Østerbergs hovudpåstand, at Harlem Brundtlands regime innførte nyliberalismen, og førte fleire av Willochs prosjekt ut i livet. I staden for å kommentera denne påstanden, leverer han eit åtak på Østerberg/Nilsen, som ein skjult kommentar til Slagstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det interessante ved kronikken er bruken av mytebegrepet. Myte er eit upresist ord, og her fungerer det primært som skjellsord. Det saklege innhaldet i det, synest å vera at myter av den typen Hernes her går til åtak på, består av intellektuelle konstruksjonar utan tilstrekkeleg dekning i det faktiske. Dette blir stiva opp med eit par sentrale metaforar: Hernes, som er politikaren og det verkelege livs mann, har autoritet i kraft av si bokseerfaring frå ungdommen. Til gjengjeld er Østerberg livsfjern, noko som blir understreka ved hans interesse for sjakkspel og klassisk musikk. Det er opplagt at det er dei emosjonelle overtonane som her tek overhand. Men dette kan ikkje skjula det verkelege standpunktet: at berre dei som kjenner politikken innanfrå, kan fungera som politikkens historieskrivarar og analytikarar.

No finst det ein annan og meir presis definisjon av myter, brukt om fenomen i det moderne (mytologiar av religiøs art er eit anna felt). Myter oppstår når kulturelle fenomen blir omgjort til natur, det vil seia når det som er gjenstand for valg og vurdering, blir omgjort til tvingande naturprosessar. Dette er eit fenomen som Sartres begrep om «dårleg tru» rammar godt: ein skjuler for seg sjølv og an-dre at ein har valt eit av fleire alternativ, ved å seia at «Gud ville det», «skjebnen ville det», «det stod i stjernene», «det kunne ikkje bli annleis» osv.

Les ein Gro Harlem Brundtlands eigne bøker saman med Østerberg/Nilsens bok, viser det seg at denne distinksjonen er ganske presis. Det er eit slåande trekk ved Gro Harlem Brundtlands retorikk at ho heile tida framstiller sine valg som skjebne, som tvingande naturmakt. Ho er den som straks forstår korleis det må vera, og ho avviser ofte politiske motstandarar ved å framstilla dei som om dei ikkje forstår den politiske naturprosessen. Politikk er ikkje forstått som eit reelt valg mellom fleire alternativ, og bøkene framstiller heller ikkje nokon tvil på eigne valg - som jo ikkje var valg, men tvingande naturmakt.

Østerberg/Nilsen, derimot, ser på Gro Harlem Brundtlands innsats som eit prosjekt i Sartres tyding: som eit verkeleg valg mellom ulike alternativ, og dei freistar å setja på begrep kva hennar valg inneber, kva slags konstellasjonar dei spring ut av, og kva slags konsekvensar dei har. Dei avmytologiserer Gro. Det tyder sjølvsagt ikkje at deira analyse er den endelege; i motsetnad til Gros bøker freistar dei ikkje å lukka diskusjonen, men å opna den.

Hernes' teknikk for å lukka diskusjonen, er å levera ein parodi på den biografiske metoden som Sartre-kjennaren Østerberg tek i bruk. No er Sartres måte å bruka biografien på noko langt meir enn å servera ein serie anekdoter; den reflekterer i høg grad inn det kompliserte forholdet mellom individet, med sitt eksistensielle prosjekt, og situasjonen som omgir det, altså heile det sosiale. Det interessante er at Hernes brukar denne teknikken om Østerbergs person, ikkje fordi han kjenner den og trur på den, men for å gjera den til latter. Det fangar han rett nok i eit logisk paradoks: anten er ei biografisk tilnærming prinsipielt forkasteleg, noko det parodiske i bruken tyder på. Men då kan dei biografiske detaljene om Østerberg og hans sjakkspel ikkje ramma i kritisk forstand. Eller metoden kan vera gyldig, men då må den vera gyldig også i Østerbergs bok, som dermed kan ha visse kvalitetar som Hernes elles fornektar på det sterkaste. I kronikken blir synet på det biografiske hengande i det uvisse; i ein viss forstand i det mytiske, forstått som forsoning av motsetnader: Den påstår både at biografisk metode er forkasteleg (om Gro) og forsvarleg (om Østerberg) på ein gong. Dette har med den polemiske temperaturen i kronikken å gjera. Men kva Hernes meiner om det biogra-fiske, kjem fram i dei små avsnitta han skriv om eigen biografi, som han fritt forsyner seg av som argument for at han representerer det verkelege, og Østerberg/Nilsen og Slagstad myten. Dette svarer til eit gjennomgåande trekk i Hernes' retorikk og som Andreas Hompland ein gong har peika på: Alle Hernes' reformer er grunngjevne med små og store anekdoter frå hans eigen biografi, «fra vugge til disputas», for å bruka hans eige uttrykk. Det kan vera ein av grunnane til at reformene ikkje høver like godt for alle. Men å bruka biografiske anekdoter frå eige liv er ikkje heilt det same som å bruka Sartres finslipte og ytterst reflekterte biografiske tilnærming.

Slagstad opnar sitt verk med å skriva om professorpolitikarane i embetsmannsstaten, som utvikla sin politikk i nær kontakt med sin akademiske innsats. Det akademiske arbeidet blir ei viktig kjelde til å forstå politikken, og politikken blir ein praktisk demonstrasjon av det dei formulerte i sine forelesingar.

I dagens situasjon ser det ut til å vera vanskeleg å kombinera akademisk liv og politikk på same vis. Eksminister Hernes, som vil lukka den akademiske diskursen for folk utanfor regjeringskvartalet, eller folk med venstreorientert utgangspunkt, kjem i ein konflikt på liv og død med eksakademikaren Hernes, som i si tid må ha helst velkommen kvalifisert akademisk arbeid om politikk. Det har både Slagstad og Østerberg/Nilsen levert. I staden for å delta i den intellektuelle avmytologiseringa av politikken som desse har opna for, slår han eit veldig slag for å halda fram mytebygginga omkring det regime han sjølv har vore og er ein del av. I den forstand var hans kronikk, symbolsk nok trykt på årets siste dag, ein nekrolog over hans eigen akademiske innsats. Det er ikkje plass til politikaren og professoren i same kropp, og professoren må gi tapt.