Hetsen mot Nobile

Etter Mussolinis fall blei Nobile rehabilitert i Italia og i utlandet. I Noreg skjedde det derimot lite, skriver Steinar Aas.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

TIL SOMMAREN er det 75 år sidan luftskipet «Italia» med italienaren Umberto Nobile styrta i isen nord om Svalbard. Det utløyste ikkje berre verdas til då største og mest omfattande hjelpeaksjon. I kjølvatnet forsvann nasjonalhelten Roald Amundsen i flybåt ein stad mellom Tromsø og Spitsbergen. Med forsvinninga endra dei norske haldningane seg frå vondt til verre. Den uvennlege stemninga blei styrka då Nobile kom velberga ut av drivisen etter vel 40 døgn i isen. Ei avis kalla Nobile ein gullgallonert fascistisk narr, som «ved sitt sinnssvake foretagende var skyld i hele denne tragedie». No sat han trygg og velberga, mens Amundsen var borte. Då havaristane kom til Narvik for å ta tog til Italia, var det lynsjestemning. Kva var det som skapte så sterke reaksjonar hos dei elles så sindige nordbuane?

Ein grunn til den hatske stemninga var at nordmenn hadde blitt fôra med Nobile-hets frå 1927. «The Amundsen-Ellsworth-Nobile-transpolar flight» flaug suksessrikt frå Roma over polen til Alaska med luftskipet «Norge» i 1926. I etterkant blei Amundsen og Nobile uvennar, og den norske polarhelten rydde av seg skjellsord mot Nobile overfor den norske lesarskaren. Han var ein forfengeleg, hovmodig og innbilsk skrythals, ein tåpeleg drømmar med vulgær og slett smak. Han var uniformsgal, nervøs, latterleg og bortskjemt, og mangla totalt sjølvkontroll. Amundsen blei ståande uimotsagt til langt ut på 1970-talet, og påstandane slo rot i det norske folket.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer