Himmelsk fondsparing

BIBELEN: Det skal ein Gelius til for å finna nok sex i Bibelen til å fylla ei heil bok. Økonomi derimot, står det side opp og side ned om.

MEIR PENGAR ENN SEX: Jesus hevda pengevekslarane hadde gjort huset til far hans til ei røverhole og dengde dei ut av tempelet, her på biletet måla av Rembrandt frå 1626. Trass i denne motviljen mot praktisk økonomi brukte han ofte finansielle vendingar når han fortalde om himmeriket, skriv Solveig Aareskjold.
MEIR PENGAR ENN SEX: Jesus hevda pengevekslarane hadde gjort huset til far hans til ei røverhole og dengde dei ut av tempelet, her på biletet måla av Rembrandt frå 1626. Trass i denne motviljen mot praktisk økonomi brukte han ofte finansielle vendingar når han fortalde om himmeriket, skriv Solveig Aareskjold.Vis mer

I BIBELEN er det lite sex, og patriarkar og profetar forplantar seg praktisk talt gjennom knoppskyting. I den grad nokon verkeleg parar seg, skjer det under tvang og forbod og dystre miner. Ikkje ein gong den høgt lovpriste Høgsongen skildrar fullbyrding av kjønnsleg lyst.
   
Økonomi derimot, det står det side opp og side ned om: kjøp og sal, pengemangel og gjeld, sparing og investering, kortsiktig utbytte og langsiktig avkasting.

HOVUDTEMA i Det nye testamentet er at Vårherre har inngått ein mystisk transaksjon med seg sjølv. På grunn av dei reglane han har laga for si eiga bokføring, ser han seg nøydd til å ofra sonen sin for å kjøpa menneska fri frå den syndegjelda dei har opparbeidd seg heilt sidan Adam og Eva åt eplet i Edens hage. Betalinga må skje i kjøt og blod, elles gjelds det ikkje, og Jesus må korsfestast for at handelen skal gå gjennom.

Men først må han koma til verda som eit vanleg menneske, og Guds son er ikkje snauare enn at han tek parti med dei bustadslause og blir fødd i ein stall. Ein av dei finaste salmane nå i juletida er av Hans Adolph Brorson og opnar slik: «Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderum, der samles mine tanker som i sin hovedsum.» Frå vers til vers blir dette rekneskapsmotivet utvikla gjennom biletsterke refleksjonar over han som valde fattigdommen endå han kunne budd i eit himmelsk palass og hatt ei livvakt av englar om han ville.

Til slutt opnar salmediktaren hjartet sitt for han og ber han koma inn: «Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt.»

MEN OM JULEEVANGELIET er aldri så vakkert, er det likevel litt pinleg år etter år å bli mint på at den godt vaksne Josef, som opphavleg stamma frå Betlehem, drog den purunge og barntunge Maria med seg dit utan i god tid å ha gjort avtale om overnatting hos slektningane sine. Dersom Vårherre ikkje hadde andre enn den gamle sosekoppen å overlata ansvaret for den einborne sonen sin til, kan han ikkje ha hatt mykje å velja mellom.

At jomfru Maria la den nyfødde frå seg i ei krybbe, kan derimot unnskyldast med at ho verken hadde med seg mor eller tante eller eldre søster som kunne rettleia henne. Ho og Josef var såleis ikkje bare materielt fattige, men stilte svakt når det gjaldt sosial og kulturell kapital òg.

GUTEN FEKK likevel tilstrekkeleg skulegang til å lesa dei jødiske skriftrullane. Så vidt det er kjent, budde han heime hos mor si til han var tretti år. Då la han ut på vandring og gav seg til å samla tilhengarar. Ein av dei var Judas Iskariot. I Lukasevangeliet står det at han kort tid før korsfestinga kritiserte Jesus for at han fekk føtene sine smurt inn med kostbar salve. Salvekrukka burde heller vore seld og pengane gitt til dei fattige, sa Judas, og trakka Jesus så på tærne at dei aldri blei venner igjen. Det enda med at Judas selde Jesus for tretti sølvpengar.

Personleg var Jesus heva over slike trivialitetar som inntekter og utgifter. Han budde gratis hos folk han kjente, og rådde alle andre til å gjera likeeins: Sjå på liljene på marka, sjå på fuglane i lufta, dei gjer ikkje det skapte grann, for far dykkar i himmelen gir dei alt dei treng.

Tempelet i Jerusalem blei finansiert med handel og pengeveksling. Slik hadde det vore så lenge nokon kunne minnast. Men brått ein dag treiv Jesus ei svepe, dengde laus på dei næringsdrivande, sparka over ende benker og bord og ropte at dei hadde gjort huset til far hans til ei røvarhole.

TRASS I DENNE motviljen mot praktisk økonomi brukte han ofte finansielle vendingar når han fortalde om himmeriket. Ei av dei mest kjende likningane handlar om ein mann som skulle reisa utanlands, og gav dei tre tenarane sine til oppdrag å forvalta formuen hans mens han var borte. Den eine fekk fem talentar, som var mykje pengar på den tida. Den andre fekk to talentar, den tredje fekk ein. Då sjefen kom heim igjen, hadde dei to første fått kapitalen til å dobla seg. Fordi dei hadde vore så flinke, fekk dei behalda både investeringssummen og utbyttet.

Men han stakkaren som bare hadde fått ein talent, hadde grave han ned fordi han kjente seg makteslaus overfor oppgåva. Til straff blei han blei kasta ut i mørket, der dei græt og skjer tenner, og talenten hans blei gitt til han som hadde mest frå før.

EI ANNA likning handlar om ein som fann ein skatt som var gøymd i åkeren til ein annan mann. Han dekte til skatten igjen, gjekk heim og selde alt han hadde, og kjøpte åkeren av den inkjeanande eigaren. Det minner mistenkeleg om innsidehandel, sjølv om det nok bare er meininga er at me skal forstå kor lønnsamt det er å samla seg skattar i himmelen.

Om det verkeleg lønner seg i lengda, er eit spørsmål om tillit, til Bibelen og dei som går god for det som står der. Og tillit er lett å krevja for den som har ord på seg for å vera påliteleg. Den tid maset om fondsparing var på det verste, var det mange som oppdaga for seint at banken slett ikkje var den trygge samarbeidspartneren han gav seg ut for å vera, men snarare ein dørseljar som sto med foten i dørsprekken og pressa kunden til han gav seg.

LA OSS VONA at dei som har investert i himmelsk fondsparing, får høgare rente på sin kapital, og at dei ikkje på den yttarste dagen blir presenterte for ein kontrakt der det står med lita skrift heilt nederst at i tilfelle bankerott fell ansvaret på kunden aleine.