CHIP KJAPP: Ein moderne digital kveld kan fort torpederes av manglande passord, streaminig-krøll og hacking. Er me verkeleg klar for chips under huda og det neste steget? FOTO: NTB Scanpix<div>
</div><div><br></div>
CHIP KJAPP: Ein moderne digital kveld kan fort torpederes av manglande passord, streaminig-krøll og hacking. Er me verkeleg klar for chips under huda og det neste steget? FOTO: NTB Scanpix

Vis mer

Historien om en mislykket digital kveld.

Drømmen om passordfritt internett

Kommentar



NRK vidareformidla denne veka eit blogginnlegg frå Creuna-direktør Eirik Norman Hansen. Han hadde fått ein chip operert inn i handa, og kunne no berre å scanna armen så fekk han både låst opp kontordøra og printa papir. Å, så mange moglegheiter framtida kan by på! Men, kjære verdas datafolk. No tek me oss ein pust i bakken, så skal eg fortelje om ein moderne kveld. Eg hadde fri, og maksimerte ledig tid ved å legge mathandlinga til nett. Eit fantastisk framskritt, du klikkar heim det du vil ete og så tek ein hyggeleg svenske med seg ni tunge bæreposar opp trappene dine neste dag. Eg sette meg godt til rette i sofaen, og etter ein liten ein time hadde eg vondt i dataskuldra, men kunne gå til den digitale kassa. Der fungerte ikkje kortet mitt.

«Er du i Brasil», spurte dama på kundeservice. «Nei», svara eg. «Me trudde ikkje det heller», sa ho freidig, «så me stoppa det då folk begynte å tappe pengar på det der«. Ein eller annan stad på internettet hadde det blitt hacka, sa ho blidt: «slikt skjer!». Eg knakk kortet i to, og begynte å leite etter det andre bankkortet. Det måtte ha sklidd ut av det fancy mobildekselet mitt, eg har kjøpt et slikt som både har korthaldar og speil!

Eg fann det ikkje, og kapitulerte. Skrudde på TV-en, linært fjernsyn er ut og me har kutta kanalpakken. No er det NRK, Netflix og HBO for alle pengane. Eg skulle gjerne hatt TV2, men etter eg gløymte å avbestille eit gratisabonnement betalte eg fleire tusen kroner for fire minuttar ski-VM. Difor straffar eg meg sjølv og TV2 ved å boikotte Sumo til evig tid. Eg sikta på HBO-appen, men det smarte fjernsynet bad meg vennleg om å verifisere kontoen på heimesidene deira. Det har eg gjort minst fem gonger før, eg må alltid lage nye passord og hugsar dei aldri. Dataskuldra verka, så eg valde det som var tilgjengeleg. NRK. Det var Urix-spesial, debatten mellom Clinton og Trump. Eg såg den i sin heilskap, og vart riven med! Eg var knebla, eg var avbrutt, eg vart ikkje høyrt! Dei sa eg hadde moglegheiter, men for fucks sake, det var jo berre tull. Her sat eg og kunne velje mellom NRK og NRK, kva var dette her, 1992?! Eg skvatt, Trump-tilhengar, eg ? Det måtte finnes ei naturleg forklaring.

Eg leita fram ein av desse populære PMS-appane i App Store, men Apple-ID-en stemte ikkje. Eg laga nytt passord, og etter fire forsøk fann eg eit som var vanskeleg og ugjetteleg nok til at Apple godtok det. Nedlastinga vart likevel avbrutt. Den måtte godkjennast av «familieadministrator». Ingen feministiske manifest hadde forberedt meg på denne situasjonen.

Skulle eg no ringe min mann som hadde tuska til seg ein plass som «familieadministrator» i App Store, og dessutan var på fest i Berlin, skulle eg no ringe han og be om løye til å kartleggje min eigen menstruasjonssyklus? Nei takk. Det var eit for stort nederlag. Dessutan kommuniserer me så dårleg for tida. Det nye mobildekselet mitt dekker for mikrofonen så han høyrer ikkje kva eg seier. Og headsettet er utlada og treng ein sånn liten usb-ladar som eg ikkje finn.

Eg la vekk telefonen, og håpte den ville få ei god natt. Dei siste nettene har den prøvd så hardt å oppgradere seg. Jevnt og trutt ber han meg om å godkjenne retningslinjene i håp om at noko vedunderleg skal skje. «Kople meg til straum og eg skal oppgradere meg medan du søv» lovar den kvar kveld. Neste morgon er den like trist. Du gløymte å kople meg til straum, klagar den. Dei siste nettene har den fått straum og plass, men likevel «Noko gjekk gale», seier den hjelpelaust om morgonen.

Kjære verdas datafolk, før me går vidare til den fantastiske framtid, kan dykk jobbe litt meir med notida? Eg synes ikkje me er heilt i mål. Frikvelden min var over før den hadde begynt. Eg rakk ikkje ein gong åpne boka eg eigentleg skulle lese. «Det tapte barnet», heiter den forresten. Avslutninga og forsetjinga av Elena Ferrantes-serien om «Mi briljante venninne», som fortel om den lysande Lila som surrar vekk sitt eige liv i blindgater og dårlege forbindelsar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook