Historisk museum til Bygdøy? Historisk museum til Bygdøy?

PÅ BYGDØY ligg landets mest besøkte museum, Vikingskipshuset, med eit publikumstal på 420.000 i 2004. På Tullinløkka ligg Historisk museum med eit besøkstal på 51.000. I mange år har det vore arbeidd for å samla desse to musea på Sørenga. Utviklinga i den seinare tida har dessverre overtydd meg om at vi no i staden bør starte ein diskusjon om eit nytt museumsanlegg på Bygdøy.

På Sørenga ligg restane av mellomalderens Oslo, kalla Nordens Pompeii av den svenske riksantikvaren Sigurd Curman i 1937. Bakgrunnen for samanlikninga med Pompeii er at det elles ikkje i Norden er bevart så mange restar av bygningar frå mellomalderen. Oslo kommune skal ha ros for å ha rusta opp området til det som no heiter Mellomalderparken. For folk i Oslo er dette eit attraktivt friområde, som også kan brukast til større utandørs kulturarrangement. Men nokon turistmagnet kan det aldri bli slik det no ligg.

Etter gjeldande planar skal universitetets kulturhistoriske museum flytte til Sørenga. Og dersom vikingskipa blei flytte dit frå Bygdøy, ville vi få ein kombinasjon av mellomalderruinar, park og eit nytt museum med ei viktig vikingtidsutstilling, med dei praktfulle skipa i sentrum. Dette er eit konsept som ville vekkje internasjonal oppsikt, og som ville ha vore landets største turistattraksjon. Men kva har Oslo kommune tenkt å bruke Sørenga til?

I DAG ER mellomalderbyen stengd ute frå fjorden ved ein støyande motorveg og eit berg av containerar. Mange av oss har sett fram til å få vekk veg og hamn, og opne området ut mot fjorden, med vid utsikt til Hovedøya og Akershus slott og festning. I mellomalderbyen kunne det reisast eit nytt museum ved sjøkanten, for å markere vikingskipa si tilknyting til sjøen.

Men no opplever vi at gamle stengsel blir erstatta av nye. Etter gjeldande reguleringsplan blir det ei massiv rekkje av bustader og næringsbygg langs sjøkanten. Det storslåtte utsynet mot Hovedøya og Akershus vil forsvinne. Og museet er planlagt ved det kunstige bassenget, avstengt frå sjøen ved veg og bygningar. På denne måten maktar ikkje Oslo by å skape ein internasjonal attraksjon i mellomalderbyen på Sørenga. Vikingtida (ca. 800 til ca. 1050) er den perioden i norsk historie som det er størst interesse for internasjonalt, og vikingskipshuset på Bygdøy trekkjer mykje meir folk enn Historisk museum på Tullinløkka. Skal eit nytt museum på Sørenga bli eit internasjonalt trekkplaster, må det inkludere vikingskipa. Det er dessutan sterke faglege grunnar for denne samlinga.

VIKINGTIDSUTSTILLINGAR plar formidle dei dristige tokta til havs, den norrøne gudetrua, gravkulten, runeskrifta og kunstgjenstandane. Dette pregar også utstillinga på Bygdøy. Men i denne perioden skjedde det store endringar i det norske samfunnet og den norske kulturen. Det blei grunnlagt byar og etablert lagting med eigne lover, kristendomen trengde ut den gamle religionen, dei tok i bruk latinske bokstavar og skreiv bøker. I formidlinga av vikingtida er det såleis naudsynt å lage eit større bilete enn det vikingskipa og gravfunna kan gje. Og det nye museet må satse på ei storslått vikingtidsutstilling, med skipa som blikkfang, men også med ei samla framstilling av samfunn og kultur i perioden.

«Et nytt kulturhistorisk universitetsmuseum på Sørenga med og uten vikingskip vil være to helt forskjellige museer,» sa museumsdirektør Egil Mikkelsen i Aftenposten 2001. Det har han heilt rett i. Men sju år etter vedtaket om å flytte museet til Sørenga- veit vi ikkje om skipa blir med eller ikkje. Fagfolka på Bygdøy har heile tida sagt at samlinga ikkje bør flyttast. Ingen kan gje nokon garanti mot skade under ei flytting, så eg trur ikkje at universitetsleiinga torer å ta sjansen på at desse riksklenodia skulle bli øydelagde i ein flytteprosess. Realistisk sett må vi difor rekne med at skipa ikkje blir flytte. Dersom vi skal kunne samle vikingtidsmaterialet, må det då skje på Bygdøy.

DÅ HISTORISK museum på Tullinløkka blei teke i bruk 1904, hadde det ikkje plass til vikingskipa, som måtte stå i universitetshagen. Det var eit sterkt ønske om å samle skipa og resten av dei arkeologiske samlingane under eitt tak. Det blei lyst ut ein arkitektkonkurranse, som Arnstein Arneberg vann i 1913, med sitt utkast til eit «Nasjonalmuseum» på Bygdøy. Det skulle reisast ved sida av Norsk Folkemuseum, som hadde etablert seg på Bygdøy frå 1902. I Arnebergs nasjonalmuseum skulle vikingskipa vere midtpunktet. Men planen blei aldri realisert. Berre ein del av bygningen er reist, og har sidan 1932 husa dei tre vikingskipa.

Det har seinare blitt arbeidd for at Historisk museum skulle flytte etter til Bygdøy. Men hittil har det ikkje vore råd å finne stor nok tomt der. Frå 2004 er denne situasjonen endra. No har Norsk Folkemuseum overteke bruksretten til Bygdøy Kongsgård. Og direktøren ved Folkemuseet, Olav Aaraas, har ønskt Historisk museum velkome.

Det er såleis fleire gode grunnar til at ein må vurdere å gje opp Sørenga som framtidig lokalisering av universitetets kulturhistoriske museum, og i staden planleggje flytting til Bygdøy.

AV DEI NORDISKE landa er det berre Noreg som ikkje har eit nasjonalt historisk museum. Ei samanslåing av universitetets kulturhistoriske museum og Norsk folkemuseum ville gje ein slik institusjon. Kulturhistorisk museum har landets største arkeologiske samling frå forhistoria til og med mellomalderen, og ei stor kyrkjekunstsamling. Museet har også ei stor etnografisk samling. Folkemuseet har antikvariske bygningar frå mellomalderen til vår tid, og utstillingar som formidlar Noregs historie, kultur og tradisjonar frå reformasjonstida til i dag. Museet har også ei eiga samisk avdeling, og arbeider med det fleirkulturelle Noreg.

Eit nytt nasjonalmuseum for historie må syne fram Noregs historie frå dei eldste tidene til i dag. Museet må innehalde meir enn det norske folks historie. Historia til det samiske urfolket må dokumenterast, og dei nasjonale minoritetane må få sin plass. Også dei nye innvandringsgruppene må få ein fyldig presentasjon. Med dei samlingane som universitetsmuseet og Folkemuseet disponerer, har vi det beste grunnlaget for eit norsk nasjonalmuseum for historie. Dette museet bør bli organisert som ei stifting, med Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet som dei viktigaste eigarane.

DET HASTAR med å få bestemt framtidig lokalisering av Historisk museum, for Kulturdepartementet vil gjerne ha bygningen på Tullinløkka til Nasjonalmuseet for kunst. Noverande reguleringsplan for Sørenga og situasjonen for vikingskipa er slik at ein etter mitt syn må vurdere å planleggje flytting av Historisk museum til Bygdøy, som då blir landets flottaste museumsområde.

I 2014 feirar vi 200-årsjubileum for Grunnlova og 700-årsjubileum for Oslo som rikshovudstad. Eit nytt nasjonalmuseum for historie vil vere ei storslått gåve til det norske folket og til hovudstaden. Kvar finst dei politikarane som maktar å aksle denne oppgåva?