Historiske kraftlinjer

Å Vestland, Vestland, når eg ser deg slik frå ein ørjaseter i dalom, er du som ein kyrkjebø for bruduljene i Hardanger.

DRØYE HUNDRE ÅR GAMALT: Vestlandet er ei moderne oppfinning, skriv Andreas Hompland. Bilde frå Geiranger. Foto: Geir Bølstad.
DRØYE HUNDRE ÅR GAMALT: Vestlandet er ei moderne oppfinning, skriv Andreas Hompland. Bilde frå Geiranger. Foto: Geir Bølstad.Vis mer

||| Trøndarar har sidan slaget på Stiklestad hatt eit nasjonalt dominant sjølbilde, men vestlendingar framstår gjerne som meir ekte nordmenn  enn svensk-infiserte austlendingar og nordnorskingar av meir samansett opphav. Og Vestlandet som meir urnorsk enn det danifisete Viken og det unnselige Sørlandet, som blei oppfunne av Vilhelm Krag  i Morgenbladet 16. mars 1902: «Nordmændene bestaar som bekjent av Østlændingerne, Vestlændingerne og Nordlændingerne; men vi her sørpaa - vi er ingenting».

Sørlandet fekk sitt offisielle stempel då Stortinget i 1913 døypte om den planlagde jernbanen mellom Kristiania og Stavanger frå Vestlandsbanen til Sørlandsbanen - mot sterke protestar frå rogalendingane som meinte at Sørlandet bare var eit motepåfunn som snart ville gå over. Det gjorde ikkje det: «Sørlandet» var Vilhelm Krags mest vellykka dikt. Dei skjønte ikkje det i Arendal der høgreavisa heitte Vestlandske Tidende heilt fram til 1967. Då endra ho namn til Sørlandske Tidende, men måtte likevel gje tapt for Agderposten og Tiden.

Då Vilhelm Krag ga ut sine bløde sørlandsviser i 1898, var tittelen «Vestlandsviser», og titteldiktet begynte slik: «O, vestland, du min moderjord». I nyutgåva i 1917 var «vestland» - med liten v, blitt til Sørland - med stor forbokstav. Og handlinga i folkekomedien «Baldevins bryllup», som stadig er eit kristiansandsk nasjonalepos, la han til «en liden vestlandsk by» då den blei uroppført i 1900. I 1925 var byen rimeligvis blitt «sørlandsk».

Nord-Norge er også ei oppfinning frå nasjonsbyggingas regionale epoke. Namnet blei lansert i 1884 av komponisten Ole Olsen frå Hammerfest ved eit kafébord på Hotel Royal der «Nordlændingernes forening i Kristiania» hadde møte. Hålogaland var vurdert som fellesnamn på dei tre nordligaste amta, men det blei forkasta som gammalmodig og utan framdrift. Elias Blix skreiv diktet «Barndomsminne frå Nordland» i 1896, men teksten blei sanktifisert som nord-norsk nasjonalsong då den blei kjent som «Å eg veit meg eit land».

Men Vestlandet, det han vel alltid funnest og lege der det ligg? Nei, Vestlandet som den landsdelen vi kjenner i dag, er heller ikkje eldre enn dryge hundre år, og vestlendingar er like fersk vare.

«Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim», dikta Ivar Aasen. Språkrådet fekk tyn for eit par år sidan då dei prøvde å definera «nordmann», men svaret er egentlig enkelt: Det er vestlendingane som er rettelige nordmenn, for det er vest som er nord. Historisk sett budde nordmennene frå Agder og nordvegen langs kysten til sivilisasjonens ytste grense. Harald Hårfagre blei konge over nordmenn og austmenn då han samla landet til eitt rike, men han heldt seg mest i «midtlandet», det som seinare blei Gulatinget frå Rygjarbit i Bamble til tvers over Midtøya i Romsdalsfjorden.

I ei kongeleg forordring frå 1273 heiter det at området frå og med Agder og vidare vestover og nordover til Hålogaland, var «nord i landet». Frå 1400-talet kom nemningane «nordafjells» og «sønnafjells» i bruk, men det var ikkje Dovre som var grensa; det var Langfjella. Erik Pontoppidan held fast på det, liksom Hans Strøm midt på 1700-talet. Skillet mellom nord og sør gjekk ved Lindesnes, seinare ved Åna-Sira. Når austmennene drog oppover dalane og over fjella for å koma til kysten for å handla hest eller vera med på sildefiske, drog dei nordover og kom til Nordlandet. For eksempel over «nordmannavegar» og Nordmannsslepa på Hardangervidda. Til Røldal kom dei ned Austmannalia.

Eilert Sundt sette grensa mellom Nordlandet og Austlandet omtrent ved Egersund, for slik hadde det vore frå alders tid, meinte han. Og mentalt varte det ved. Eg hadde ein onkel som forvirra meg då han for 50 år sidan skulle besøka skyldfolk i nordland: Eg visste at han hadde familie som dreiv Samemisjon i Finnmark, men det var ikkje dit han skulle; han skulle til Tysvær på Haugesund-kanten.

Det vestenfjældske Norge kom ikkje i vanlig bruk før etter midten av 1800-talet, og då i motsetning til østenfjeldske. Det vestenfjeldske var Christianssands stift og Bergens stift - altså strøka frå Agdesiden til Stadlandet. Kystområda sør for Oslofjorden høyrde til det vestenfjeldske kjerneområdet.

I Ordbog over det norske Folkesprog i 1850 presenterte Ivar Aasen oppslagsordet «vestlending» slik: «Indbygger af den vestlige Deel af Norge - det Vestenfjældske. Ogsaa Indbygger af det søndensfjældske Vestland eller Arendalssiden (Bamble og Nedenæs Fogderier m.m)».

I seinare utgaver snevra Aasen det inn austover og utvida det nordover, men det gjekk trått med å få gjennomslag for Vestlandet og vestlendingar som eigne begrep for det vi i dag kallar Vestlandet. Telemarkingen Åsmund Olavson Vinje brukte Vestlandet om dei sørlige kystområda i Norge, og for han var «dei reine Vestlændingar» frå Jæren og Lister. Som utprega vestlandske «Figurer» i politikken trakk han fram Ole Gabriel Ueland frå Dalane, Søren Jaabæk frå Mandal og Aanen Bergsland frå Lyngdal.

Vestlandet flytta seg etter kvart nordover til den litt tilfeldige fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. I språklige, politiske og kulturelle tradisjonar soknar Romsdal og Nordmøre til det heller uformelige Midt-Norge.

Det som skulle bli Vestlandet, hadde eitt tyngdepunkt: Bergen var rikshovudstad og ein by i nord-europeisk mellomklasse mens det bare var små husklynger lenger nord og sør. Stavanger var ein landsby med bispesete - før det blei flytta til Kristiansand. Etter 1814 kom Bergen i skuggen av hovudstaden Christiania som landets sentrum, men mista etter kvart også sin totale dominans over den vestlandske periferien.

Vestlandets historie på 1800-talet og fram til midten av 1900-talet blei forma av sild og pietisme. Dei store vekkingane prega det åndelige klimaet. Silda sine vandringar langs kysten førte med seg staders vekst og fall. Det gjorde også samferdsla, for skipsleia var ein stadskapar før verdas best utbygde rutebåtnett tapte for bilar, vegar, bruer og tunellar. Bompengar er blitt ei vestlandsk mynteining, og Kyststamvegen ein samlingsdraum.

Vasskrafta skapte møller og bygdeindustri i liten skala, men også dei einsidige industristadene. Mens landbruket blømde på Jæren, fekk den sjøvende landsdelen skipsverft og hermetikkfabrikkar og sildolje og etter kvart sjøbruk.

Det store vendepunktet i Vestlandets nyare historie er 23. desember 1969 då Phillips fann den første oljå. Etter det har tyngdepunktet sige sørover mot Stavanger, utover mot kysten og innover til byane. Sør, kyst og by vinn; nord, fjord og bygd stagnerer. Dei store kraftutbyggingane skapte den vestlandske smelteindustrien; nå er kraftleidningane eit ledd i avindustrialiseringa. Lys og varme til bergensarar på kalde vinterdagar har ikkje same kraft som kilowatt til industriarbeidsplassar.

Derfor er den nye brureferda i Hardanger komande helg eit samansett følgje: Bygdefolk, turistvertar, kraftsosialistar og andre hardingar vil saman med the usual suspects av naturvernarar lonta saman i auka motstand mot Statnett, regjeringa, Jens Stoltenberg, Erling Fossen, Iver B.Neumann frå Huldreveien i Holmenkollåsen og resten av Osloveldet.

KJELDE: Dette stykket vestlandsk kulturarkeologi har eg i hovudsak grave ut av Knut Helles og Narve Bjørgos glimrande artiklar i det mangslungne og sprikande, påkosta og staselige trebindsverket "Vestlandets historie" - utgitt av Bergensforlaget Vigmostad & Bjørke og finansiert av "visjon vest" som er Sparebanken Vest sin allmennyttige avleggar for gulatingsbygging og regional bankekspansjon.