IKKJE KVA FOLKET VIL HA: «Siv og Erna tilbyr ei vare folk flest ikkje vil ha og er i ferd med å brenne inne med eit digert overskotslager. Det kan sjå ut som om det berre er to utvegar for dei mektige kvinnnene; anten byte ut folket eller gå til innkjøp av ein heilt ny kolleksjon til neste sesong», skriv Wåge.   Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix
IKKJE KVA FOLKET VIL HA: «Siv og Erna tilbyr ei vare folk flest ikkje vil ha og er i ferd med å brenne inne med eit digert overskotslager. Det kan sjå ut som om det berre er to utvegar for dei mektige kvinnnene; anten byte ut folket eller gå til innkjøp av ein heilt ny kolleksjon til neste sesong», skriv Wåge. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpixVis mer

Hjarteblått

«Det e langt inn tel hjerta med klær på,» syng Halfdan Sivertsen. Enda lenger er det visst inntil hjarta med blåblå klede på.

Debattinnlegg

Det byrja så flott. Dei raudgrøne gjekk på ein smell ved forrige val. Makta låg i gatene. Det var berre å plukke henne opp. Det gjorde Erna og Siv. Danna regjering.  Riktignok ikkje åleine. Dei måtte ha støttehjul. Og sjå om ikkje Venstre og Krf stilte som garantistar for blåblå politikk. Sjølvsagt mot gjenytingar. Det dei ikkje var førebudde på, var at dei støtta ei regjering som ville føre ein politikk dei hadde gått til val på. Dei hundre fyrste dagane fekk dei fred til å posisjonere seg og stake ut kursen. I byrjinga markerte dei seg med å fjerne «dusteforbod». Plutseleg hadde vi Segway, lakrispiper og to flasker ekstra taxfree-vin utan å vite at det var dette vi hadde sakna i liva våre.  

Men så butta det. Reservasjonsrettdebatt. Krf måtte få noko att for støtteinnsatsen. Berre det at folk flest ikkje ville ha det Krf ville ha. Titusenvis i gatene demonstrerte. Erna fekk si fyrste «mitt-folk-forstår-meg-ikke» oppleving. Helseministeren måtte krype til krossen og avlyse ei ordning han måtte late som om han var for, men eigentleg var imot. Elles gjekk det over all forventning. Aftenposten og Knut Arild Hareide trilla til og med ministerterningar med rause femmarar og seksarar. I haust kunne Siv Jensen endeleg føde barnet ho hadde gått svanger med. Statsbusjettet. I sitt bilde fødde ho det. Det blei eit rabalder. Barnet var stygt, ein bastard nesten ingen ville ha. Som ein omvendt Robin Hood tok ho pengar frå dei som hadde minst og strødde skatteletta milliardgåver over dei aller rikaste.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Støttehjula byrja vakle under tyngda av å garantere for ein politikk berre mødrer kan elske. Opposisjonen «yessssa» og gav high fives for ein gåvepakke frå ei regjering som «ikke beregnet sitt publikum». Som meinte dei hadde fått mandat til å drive sin politikk som dei ville. Men folk flest hadde stemt for justeringar ikkje kraftig høgrevri. Dermed gallupperte dei over til Arbeiderpartiet som har nådd gerhardsenske høgder på meiningsmålingane medan regjeringsstøttehjula ligg og vakar nær sperregrensa. Og det slutta ikkje der.

Regjeringa har blitt blåbanka i sak etter sak. Søndagsåpne butikkar til dømes. Enda ei «mitt-folk-forstår-meg-ikke» sak. Majoriteten ønskjer ikkje søndagsåpne butikkar. Krf kan ikkje godta at det 3. bodet om å halde kviledagen heilag skal ofrast på mammon sitt alter. Her trakkar dei blåblå og søndagsåpne Venstre på sjølvaste Krf-sjela, noko som har fått kristenfolket i harnisk. På seinhausten kunne Venstre sin Abid Raja begeistra stuereinifisere Frp og fortelje at dei har ein langt rausare asylpolitikk enn AP. Venstreleiarane treng å telje sine sigrar for dei har sett seg i ein situasjon mange av veljarane deira ikkje vil vere i. Difor var suksess på asylfronten så ubeskriveleg kjærkomen. Til Bergens Tidende kunne avsløre at aldri hadde så mange lengebuande asylborn blitt sende ut av «lageret» som sidan justisminister Anders Anundsen overtok asylroret. Krf er Kjell Bondeviksk «djupt såra og vonbrotne». Abid Raja har ikkje brukt ordet raus på lenge. Derimot raslar han med mistillitssablar. Førebels for galleriet.

"Wonderboy" Anundsen, som han ein gong blei kalla, har i tillegg fått sjølvaste Krekar i fanget. Han som Frp i opposisjon skulle kaste ut av landet fortare enn folk fekk sagt «mulla» berre dei kom til makta. Mullaen skal kanskje til Kyrksæterøra, eller Italia, eller.. Om han ikkje endar opp på Tøyen hos kona likevel. Ei farse så lattervekkjande at politiske satirikarar er i ferd med å bli arbeidsledige. Og medan vi ventar på ny episode i «Krekarania», kan vi følgje med på enda ein «mitt-folk-forstår-meg-ikke» følgjetong. Denne gongen regissert av arbeidsminister Robert-æ-har-en-drøm-æ- Eriksson. Han har sett seg føre å svekke fagforeiningane til fordel for arbeidsgjevarane ved å tillate fleire midlertidige stillingar. Sjølv hevdar han at han på denne måten vil få i arbeid dei «600 000 som slit med å komme inn i arbeidslivet». Uansett kva han ønskjer å oppnå, folk flest vil ikkje det same. Difor gjekk titusenvis av arbeidstakarar til politisk streik i ein knyttneve av ei markering mot blåblå arbeidspolitikk.

Regjeringa, som ser det som sitt kall å fjerne dusteforbod, lanserte så nasjonalt tiggarforbod. Anders Anundsen, No meir "boy" enn "wonder", sende ut på høyring eit lovforslag som kan tolkast dithen at folk som tiggar skal bli fengsla. Dei som hjelper til med å legge til rette for tigging, kan òg bli bura inne. Nytt lurveleven. Dette handla om å få romfolket ut av landet, meinte mange. Ikkje rart det. I 2012 var deportering eit uttalt ønskje frå både Høgre og Frp. Som Siv Jensen så treffande sa det den gongen: «Nok er nok. Sett opp busser. Send dem ut.» Die Endlösung Carl I Hagen var ikkje snauare då han i Dagsnytt 18 forsvarte lova og uttalte: «Vi vil ha rene, pene og trivelege byer uten tiggere på hvert gatehjørne.» Krf gjekk imot og var enda meir vonbrotne over dei dei har gjeve eit embete. Venstre kunne heller ikkje vere med på ei slik hjarterå behandling av menneske i naud. Men ut frå sentrum trilla eit nytt støttehjul, Senterpartiet. Dei hadde programfesta tiggarforbod og utgjorde fleirtal med dei blåblå. Men den gong ei. Tsunamien av protestar var i ferd med å gje Senterpartiet eit hjarteblått, inhumant image på linje med regjeringa sitt. Det våga dei ikkje og hoppa av i siste liten. Frp var forbanna og følte seg dolka i ryggen. Enda ei hjertesak hamna på skraphaugen fordi nokon feiga ut.

Medan Siv Jensen er i indre finansministereksil, dansar dei mest ytterleggåande i partiet på bordet og blottlegg Frp si sjel. Ikkje akkurat noko vakkert syn. Carl, sjuande far, I Hagen har sparka av garde snikislamiseringsballen igjen. Den Siv jensen motviljug måtte legge daud etter 22. juli-massakren. Den lausaste kanona av dei alle, Per Sandberg, politikken sitt svar på Petter Northug, råkøyrer, kræsjar og gjev Støttehjul-Krf skulda for at ungdom blir radikaliserte og dreg ut og slest for IS. Stakkars Krf er jo bare opptatt av misjonærstillingar og fred og sånn og vil ikkje eit menneske fortred. Samtidig nedtonar rabiate Herr Sandberg snikislamiseringa og hevdar at no er det full rulle med open islamisering. Eller ja, takk, begge delar; dobbeltislamisering. Onsdag fekk Erlend Wiborg (FrP) sine femten minutt i rampeljoset med eit tafatt og hjelpelaust forsøk på å setje Israelkritikaren og heidersmannen Kåre Willoch til veggs som antisemitt. Noko statsministeren må ha vore særdeles lite fornøgd med.

Slik er stoda i eit vinterkaldt blåblåttland med isnande vindar frå høgre. Siv og Erna tilbyr ei vare folk flest ikkje vil ha og er i ferd med å brenne inne med eit digert overskotslager. Det kan sjå ut som om det berre er to utvegar for dei mektige kvinnnene; anten byte ut folket eller gå til innkjøp av ein heilt ny kolleksjon til neste sesong. Ikkje haute couture for dei få pengesterke denne gongen, men noko designa for folk flest.