ERNA I NORD: På 30 timar lova ho bort 358 millionar. Om ho held fram i same tempo, kan ho rekka 3 milliardar før valdagen. Foto: Thomas Rasmus Skaug
ERNA I NORD: På 30 timar lova ho bort 358 millionar. Om ho held fram i same tempo, kan ho rekka 3 milliardar før valdagen. Foto: Thomas Rasmus SkaugVis mer

Hjelp i nærområda

Høgre har mista standardsvara sine - uansett spørsmål.

Kommentar

DENNE VEKA har Erna Solberg turnert i Nord-Norge. På 30 timar lova ho bort 358 millionar. Om ho held fram i same tempo, kan ho rekka 3 milliardar før valdagen. Det er vel det Per Sandberg pla kalla å bruka pengar som ein full sjømann, før han besinna seg og mintest at tørste sjøfolk har vore ein viktig del av Fremskrittspartiets veljargrunnlag.

ER DET NOEN som har høyrt statsminister eller moderniseringsminister snakka frivillig om «større og mer robuste kommuner» (SMERK) i det siste? Erna Solberg hadde ein personlig rekord på 18 SMERK i ein tale, men det var før Arbeiderpartiet sende ut Helga Pedersen for å skapa forvirring, slik at Jonas Gahr Støre var tvungen til endå meir dobbeltkommuniserande krumspring om kommunestruktur.

DET BLEI IKKJE enklare då ekspertutvalet til Signy Vabo lanserte «funksjonelle samfunnsutviklingsområder» (FUSUR) som eit stort, robust og avklarande alternativ. Jan Tore Sanner har rett og slett utrydda både SMERK og FUSUR frå departementets vokabular. Nå heiter det nabosamtalar om «hverdagsregioner». Det er litt tungvint, for då kan ein ikkje lenger bruka standardsvaret «større og mer robuste kommuner» uansett kva spørsmålet er — for eksempel dette: «Kva vil regjeringa gjera med at 20 prosent av arbeidsstyrken i Ballangen kommune er ufør?»

Artikkelen fortsetter under annonsen

ENDÅ VERRE er det at også det andre standardsvaret, «redusert formueskatt», har kome i dårlig selskap etter at regjeringas innleiga ekspertar sa at det ikkje hadde særlig annan effekt enn å gjera Steinrik Hagen og andre av Høgres snille onklar endå rikare.

FINANSMINISTER Siv Jensen har det enklare når ho vil hjelpa til i nærområda. Hennar handfaste svar er oljeaktivitet utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Der har også Karl Eirik Schjøtt-Pedersen endelig dukka opp att i ein oljebrønn etter at han blei vraka i Innovasjon Norge, nå med portefølje som administrerande direktør i Norsk Olje og Gass. Det er lovande, for då Schjøtten var finansminister, fekk han åpna både det eine og andre i heimbyen Vardø.

DET NÆROMRÅDET som virkelig kunne ha bruk for draghjelp frå Erna Solberg, er hennar heimby Bergen. Og då trengs det noe meir handfast enn taleskrivarar og skipsdåp. Ho har prøvd seg med raskare tog til Hønefoss for at austlendingar skal få ein times kortare reisetid til Bergen. Ho fekk til og med med seg dei andre borgarlige partileiarane på ein reprise av det forblåste løftebildet for Fornebubanen.

MEN RINGERIKSBANEN har både ei lang og ei lengre forhistorie. SV blei i si tid lurt trill rundt av Kjell Opseth som lova dei penetrering av Krokskogen i bytte mot flyplass på Gardermoen. Før det jobba bergenskapitalistane i årevis for Bergensbanens forkortelse. Men det blei ikkje gjennomslag før Ragnar Kvam Aarset frå Hol i Hallingdal, som var daglig leiar i Forum Nye Bergensbanen, blei statssekretær for Høgre i Ketil Solvik-Olsens departement. Ærast den som ærast skal.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook